Trombolysebehandling
Trombolyse betyr at vi bryt ned blodproppar ved hjelp av medisinar.
Før
Før vi startar trombolysebehandlinga undersøkjer vi med røntgen (CT) om du har blodpropp. Vi tek blodprøver av deg, og dei fleste får innlagt eit blærekateter.
Under
På røntgenavdelinga legg vi inn eit trombolysekateter inntil eller gjennom blodproppen. Dette blir som regel lagt frå lysken, og vi sørgjer for at du får lokalbedøving under behandlinga.
Du vil vere sengeliggjande på overvakingsavdelinga eller intensivavdelinga så lenge trombolysebehandlinga går føre seg.
Under trombolysebehandlinga må du faste i heile eller delar av behandlingsforløpet. Du vil likevel kunne få drikke undervegs.
Det er røntgenavdelinga som kontrollerer behandlingsresultatet.
Etter
Når vi avsluttar trombolysebehandlinga, fjernar vi trombolysekateteret og startar prosessen med å lukke såret. Dette gjer vi ved å bruke ein lukkemekanisme, eller ved å leggje press på innstikkstaden.
Etter behandlinga blir du etter kvart overført til ein sengepost der du blir til du kan reise heim. Dei fleste kan reise heim dagen etter behandlinga.
Ver merksam
Det er ikkje uvanleg at pasientar som får trombolyse opplever aukande smerter i beina under behandlinga. Du vil få smertestillande ved behov.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde