Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Traumeliding, medikamentell behandling

Hensikten med medikamentell behandling er å dempe angst og stabilisere stemningsleiet, men også bidra til betre søvn. Det er fleire typar medisinar som kan bli brukt til dette.

Før

Før behandling kartlegg vi kva medikament du bruker og har brukt tidlegare. Då får vi klarleik i effekt og biverknader, og kan informere deg om det. På grunnlag av dette bestemmer du om du vil ta medikamenta. 

Under

Det er fleire typar medisinar som kan bli brukt:

Benzodiazepin

Benzodiazepin er vanleg å ta mot søvnvanskar og angstsymptom. Desse medisinane eignar seg best i ei tidleg behandlingsfase, men skal ikkje bli brukt som vedlikehaldsmedisin.

SSRI

SSRI er antidepressiv som verkar mot depresjon, men har også ein angstreduserande effekt. Effekten kjem etter noko tids bruk. I traumetilstandar har ein ofte både mykje angst og depresjonar, og antidepressiv er derfor eigna for ein stor del av dei som slit med traumelidingar. Dette kan bli brukt som vedlikehaldsmedisin, og ein kan bruke det over lang tid. Negative biverknader kan ein kjenne ved oppstart av medisinen, men dei minkar gjerne i løpet av dei første to vekene. Ved avtrapping kan biverknadene dukke opp igjen, men ved gradvis nedtrapping vil dei aller fleste kjenne dette som overkommeleg.

Ved alvorlege traumatiske tilstandar med mykje dissosiering og alvorlege symptom kan lågdosar av antipsykotiske medisinar bli vurdert. Dette må ein vurdere nøye ettersom antipsykotiske medisinar kan gje biverknader hos enkelte.




Etter

Når vi har funne ein effektiv medisin for traumetilstanden, bør den gjerne bli brukt ei viss tid. Fastlegen din kan følge opp behandlinga vidare. Ved kutt av medisinering er det anbefalt ei gradvis nedtrapping. Dette er for å dempe ubehag, men også for å motverke tilbakefall.

Kontakt

Psykisk helsevern