Kvalmen er verst dei første 12 vekene, og etter kvart som svangerskapet utviklar seg vil kvalmen avta. Kosttendring (små, proteinrike måltid) evt. hjelpemiddel som akupressur, ingefær eller reseptfri kvalmestillande medisin kan hjelpe mot kvalmen. Spør fastlegen eller apotekpersonell om råd.
Alvorleg svangerskapskvalme
Nokon gravide (1-3 prosent, dvs. 2 av 100) utviklar alvorleg svangerskapskvalme - hyperemesis gravidarum - som kan føre til væsketap (dehydrering), elektrolyttforstyrringar og ernæringssvikt, og treng som oftast behandling på sjukehus.
Intens kvalme og oppkast påverkar arbeidsevne og kapasitet til å delta i kvardagslege gjeremål og aktivitetar. Den mest frykta, men sjeldne komplikasjonen for mor, er hjerneskade grunna mangel på vitamin B1 (tiamin).
Fleire studiar har vist at barnet kan ha auka risiko for å bli fødd for tidleg eller bli fødd med låg fødselsvekt. Risikoen for dette er auka om kvinna ikkje får korrigert væske- og næringsinntaket. Det er derfor viktig at gravide med alvorleg svangerskapskvalme får behandling - og at dei følger behandlingsopplegget og råd frå lege / jordmor.