Sterilisering av kvinner

Kvinneklinikken

Sterilisering er blant dei sikraste formene for prevensjon. Ved ein liten operasjon blir befruktning hindra, og dermed evna til å få barn. Hos kvinna blir eggleiarane lukka slik at egget ikkje kan bli befrukta ved samleie. Hormonbalansen og sexlysta er upåverka av operasjonen. Du har framleis eggløysing og menstruasjon. Inngrepet kan i utgangspunktet ikkje omgjerast. Har du den minste tvil, bør du derfor velgje ei anna form for prevensjon. Sterilisering hindrar graviditet, men vernar deg ikkje mot seksuelt overførbare sjukdommar. Bruk kondom om du er sterilisert og har fleire partnarar.

Innleiing

Inngrepet er ei alvorleg avgjerd og medfører tap av fruktbarheit for alltid.

Det eignar seg for kvinner som er hundre prosent sikre på at dei ikkje ønskjer seg fleire barn, og som har problem med andre former for prevensjon.

Inngrepet er sikkert og har ingen biverknader utover dei som kan eksistere ved einkvar kikholsoperasjon. Inngrepet er rekna som hundre prosent sikkert, men også ved denne metoden kan det i sjeldne tilfelle skje svikt.

Menstruasjon og hormonproduksjon blir ikkje påverka av eit steriliseringsinngrep.

Tilvising og vurdering

Ønskjer du å bli sterilisert, kan du kontakte legen din eller ein klinikk som driv med prevensjonsrettleiing. I nokre tilfelle kan også legen ta opp spørsmålet med deg. Legen skal opplyse deg om korleis operasjonen blir utført og om risikoen i samband med å late seg sterilisere. Legen vil også fortelje deg om andre prevensjonsmetodar som kan vere aktuelle.

Du må vurdere grundig, fritt og uavhengig om sterilisering er den beste måten for deg å hindre uønska svangerskap på. Bestemmer du deg for å bli sterilisert, må du underteikne skjemaet "Begjæring om sterilisering", der du også stadfestar å ha fått informasjon om inngrepet. Legen skriv deretter ei tilvising til det sjukehuset eller til den privatpraktiserande spesialisten som skal utføre steriliseringa, og sender skjemaet med underskrifta di dit.

Legen som utfører operasjonen, skal på førehand forvisse seg om at du har fått informasjon om inngrepet, eventuelt gje den sjølv. Ventetida for å bli sterilisert varierer fra sjukehus til sjukehus.

Sjølv om du har underskrive begjæringa om å bli sterilisert, kan du når som helst ombestemme deg før operasjonen. Hugs i så fall å avbestille timen for inngrepet.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Du må kontakte lege for å få sende inn søknad om sterilisering, og du vil deretter bli sett på ei venteliste.

Før inngrepet kan bli gjort, må du skrive under på eit krav om sterilisering. Dette kan bli gjort hos fastlegen, eller ved oppmøte for for journalopptak.

Som regel får du time til journalopptak og undersøking nokre veker før inngrepet, og deretter får du tid til sjølve operasjonen som blir gjennomført som dagkirurgisk inngrep.

Det betyr at du kan møte fastande om morgonen, bli operert, og så reise heim om ettermiddagen eller kvelden same dag.

2. Under

Sterilisering kan utførast hos ikkje-gravide, i samband med abortinngrep eller i samband med andre gynekologiske operasjonar, ved keisarsnitt eller kort tid etter fødsel. Operasjonen blir utført på gynekologisk eller kirurgisk avdeling på sjukehus. Den blir normalt utført som dagkirurgi under full narkose, og du kan reise heim same dag.

Du får nokre få dagers sjukmelding. Det blir gjort ein liten operasjon på eggleiarane, slik at egget ikkje kan komme frå eggstokken gjennom eggleiaren til livmora. Egget kjem ut i bukhola, løyser seg opp og forsvinn. På denne måten kan sædcellene ikkje nå egget, og befruktninga blir hindra.

3. Etter

Alvorlege komplikasjonar (skade på indre organ som blodkar, tarm og urinblære) er svært sjeldne. Nokre får sårinfeksjon i hud.

Du kan vente deg litt smerte i nokre dagar etter operasjonen, minkande for kvar dag som går. Dette er som regel skuldersmerter og smerter i mellomgolvet, forårsaka av CO2-gassen som blir brukt under operasjonen. Nokre kan få forbigåande temperaturstigning første kvelden og natta.

Ved spesielle medisinske tilstandar kan inngrepet bli dekka av sjukehuset, elles kostar det rundt 6.000 kroner å få inngrepet utført.

Kontakt

Kvinneklinikken
Telefon
57839233
E-post
Postadresse
Helse Førde, Kvinneklinikken, postboks 1000, 6807 Førde.
Førde sentralsjukehus
Besøksadresse
Svanehaugvegen 2(Google maps)
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Telefon
57839000
Telefontider og resepsjonen er bemanna heile døgnet.
E-post

Praktisk informasjon

Apotek

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

Bank

​Du finn banktenester i 1. etasje.

Sparebanken Sogn og Fjordane har terminal for kontantuttak og terminal for å nytte nettbank.

Blomar

​Du finn eige utsal av blomar. Det er Astri Blomster som sel blomar til pasientar og pårørande, og elles til besøkjande ved sjukehuset.

NB:
Det er ikkje høve til å ta med potteplantar, avskorne blomar og tørka blomar i postoperative overvakingseiningar, intensivavdelingar og fødestover.

Eigendel på sjukehus og poliklinikk

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Kiosk

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Mattilbod i Helse Førde

​Alle dei tre sjukehusa i Helse Førde har kantiner som tilsette, pasientar og pårørande kan nytte. 

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. I Førde finn du også ein pasientkafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid fram til klokka 19.00 frå måndag til fredag. I denne kafèen kan du no også kjøpe varm mat.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle dagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og beburar.

Mobiltelefon

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Parkering FSS

​Det er sett av 99 parkeringsplassar som er eksklusive for pasientar og pårørande (sjå raudt område på kartet). All parkering ved alle Helse Førde sine institusjonar er gratis, men det blir gitt parkeringsbot ved feilparkering. Ein må følge skiltinga rundt Førde sentralsjukehus.

trafikkplan_fss_900_ny2.jpg

På to parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus er det automat for parkeringsbillett. Eller pasientar kan nytte parkeringsbeviset som er tilsendt ved innkalling.

Pårørande kan nytte automaten til å ta kontakt med resepsjonen inne på sjukehuset. Pårørande må då gi beskjed om kven de skal besøke på sjukehuset for så å få ein billett frå automaten.

Blodgjevarar har eigne parkeringsplassar og må nytte eige parkeringsbevis som blodgjevarar får.

Pasienthotell

​I 7. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthote.

Pasienthotellet har 21 senger. Dei er fordelt på sju enkle rom og sju doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

Trådlaust nett - internett

​​Alle somatiske sengepostar i Helse Førde har trådlaust gjestenettverk. Dette er gratis for pasientar, pårørande og besøkande.

​Du kan ta med bærbar PC, mobiltelefon og nettbrett og nytte vårt gjestenett uten kostnad.

Passord på SMS

Du som ønskjer å nytte internett blir beden om å legge inn mobilnummeret ditt. Du treng ikkje gje opp andre opplysningar enn det. Brukarnamn og passord får du tilsendt som ei tekstmelding.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar før du treng å be om nytt passord på innloggingssida.

Årsaka til innlogging er krav til tryggleik i sjukehusnettverket og er same type løysing som du finn på flyplassar og hotell.

Ta kontakt med resepsjonen eller avdelinga for meir informasjon.

Visittider Førde sentralsjukehus

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller annan nær omsorgsperson samt søsken til barnet kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.