HELSENORGE
Nevrologisk seksjon

Spinalpunksjon

Spinalpunksjon er ei undersøking der vi tar ein prøve av spinalvæske ved hjelp av ein nål som blir stukke inn nederst i ryggen. Spinalvæske er den væska som omgir hjernen og ryggmargen din. Nokre sjukdommar kan gje forandringar i denne væska. 

Innleiing

Vi har ca 150 mililiter spinalvæske, men den blir fort skifta ut. Normalt produserer kroppen ca ein halv liter spinalvæske dagleg. Ved spinalpunksjon tappar vi kun nokre få milliliter.

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen din eller den avdelinga du er knytt til på sjukehuset som kan tilvise til denne undersøkinga.

Før

Du kan ete frukost dersom du ikkje har fått anna beskjed.

Dersom du bruker blodtynnande medikament må undersøkinga eventuelt utsettast, eller dosene justerast (ta i tilfelle kontakt med legen din). Informasjon om dette finn du i innkallingsbrevet.

Under

Sjølve punksjonen og tappinga tar omtrent 20 - 30 minutt. Du blir bedt om å ligge på sida med ryggen mot legen, i forsterstilling. Av og til kan det vere ein fordel å gjennomføre punksjonen sittande med bøygd rygg. Begge stillingane gjer at opninga mellom ryggtaggane blir større slik at punksjonen blir enklare å gjennomføre.

Du vil merke eit stikk i huda. Sjølve ryggmargen endar fleire nivå over innstikksstaden, og det er ingen fare for at nåla kjem borti den. Ein sjeldan gong kan nokre nervar mot beina irriterast. Dette merkar du ved smerter i beina. Det er ikkje farleg, men gi beskjed viss du kjenner det, slik at vi kan korrigere stillinga på nåla. Når nåla er på plass dryp væska passivt ut og blir samla opp i nokre rør for analyse. Etter at væska er oppsamla tar vi ut nåla og legg på ein liten bandasje over innstikksstaden.

Etter

Vi anbefaler at du er sjukmeld den dagen du er til undersøking.

Du kan gjerne ligge å kvile ein time etter undersøkinga, men det er ikkje vist at sengeleie etter undersøkinga førebygger hovudpine. Du bør unngå anstrengande arbeid som tunge løft, tungt kroppsarbeid og trening det første døgnet etter undersøkinga. Det kan ta ein månad eller meir før vi har alle resultata frå undersøkinga. Prøvesvara blir då sendt til legen som tilviste deg til undersøkinga. Du får eventuelt time til kontroll på nevrologisk avdeling.

Etterverknader

Dersom du får hovudpine etter punksjonen, kjem den vanlegvis innan 1 døgn, og er lokalisert til panna eller bakhovudet. Hovudpinen skuldast ein liten lekkasje rundt punksjonsstaden. Den gir seg nesten heilt når du ligg og kjem raskt tilbake når du står opp. Hovudpina gir seg ofte i løpet av 24 timar, og det er i den tida vanleg å prøve smertestillande tablettar. Vi anbefaler då reseptfrie smertestillande som inneheld koffein.

Dersom smertene ikkje gir seg i løpet av 3 dagar skal du kontakte avdelinga/legen som utførte undersøkinga. Legen vil vurdere om hovudpina skal behandlast ved å sette litt av blodet ditt rundt innstikkstaden (blood patch). Dette vil lodde igjen lekkasjeopninga, og smertene vil gi seg.  

Det er svært sjeldan at det oppstår bløding eller infeksjon etter ein spinalpunksjon. Kontakt lege dersom du får feber etter undersøkinga.

Nokre kan også kjenne seg stiv og vond i ryggen etter undersøkinga. Dette kan også vare i nokre dagar.
 

Ver merksam

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Apotek

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

Bank

​Du finn banktenester i 1. etasje.

Sparebanken Sogn og Fjordane har terminal for kontantuttak og terminal for å nytte nettbank.

Blomar

​Du finn eige utsal av blomar. Det er Astri Blomster som sel blomar til pasientar og pårørande, og elles til besøkjande ved sjukehuset.

NB:
Det er ikkje høve til å ta med potteplantar, avskorne blomar og tørka blomar i postoperative overvakingseiningar, intensivavdelingar og fødestover.

Eigendel på sjukehus og poliklinikk

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Kiosk

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Mattilbod i Helse Førde

​Alle dei tre sjukehusa i Helse Førde har kantiner som tilsette, pasientar og pårørande kan nytte. 

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. I Førde finn du også ein pasientkafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid fram til klokka 19.00 frå måndag til fredag. I denne kafèen kan du no også kjøpe varm mat.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle dagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og beburar.

Mobiltelefon

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Parkering ved Førde sentralsjukehus

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus 

Pasienthotell

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

Prest og samtaleteneste

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Trådlaust nett - internett

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

Visittider Førde sentralsjukehus

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.

Fann du det du leita etter?