Søvndeprivert EEG
EEG (elektroencefalografi) er ei undersøking av den elektriske aktiviteten i hjernen under søvn. Ved hjelp av elektrodar festa på hovudet kan elektriske signal i hjernen registrerast i EEG-apparatet. Signala blir bearbeida og kan sjåast i form av bølger på ein skjerm. Samtidig gjer vi eit videoopptak. Videoen er eit supplerande hjelpemiddel i diagnostiseringa. EEG er heilt smertefritt.
Før
Vaksne
- Du må holde deg vaken heile natta før undersøkinga.
- Du kan sove litt på ettermiddagen dagen før, men du må ha vore vaken frå kl. 18 og heilt fram til du kjem til undersøkinga kl. 08.
- Ikkje drikk koffein- eller alkoholholdig drikke etter kl. 18.
- Du kan elles ete og drikke det du måtte ønske. Det er viktig at du har ete frukost før du kjem.
Barn under 3 år
- Undersøkinga skal gjerast når barnet har sin faste sovetid på dagtid. Det er derfor viktig at dykk kontaktar oss og opplyser om når barnet pleiar å bli trøtt på dagtid slik at vi kan setje opp ein time rundt det tidspunktet.
- Sovetida for dei aller minste kan med fordel utsetjast 1-2 timer, men barnet må ikkje sove like undersøkinga.
- Det er viktig at barnet et før det kjem til undersøkinga.
- Ta faste medisinar som vanleg
Barn 3-10 år
- Barnet skal berre ha sove 4 timar natta før undersøkinga.
- Kvelden før undersøkinga: Hold barnet vakent fram til midnatt. La han/henne deretter sove til kl 04:00. Så vekker dykk barnet og holdar han/henne vaken heilt til dykk kjem til undersøkinga kl 08:00.
- Barnet kan ta faste medisinar som vanlig, men gi beskjed til EEG-teknikar om kva medisinar du har tatt før registreringa startar.
- Håret bør være reint for olje, hårspray, hårvoks og liknande.
- Ta med ein lue, caps eller anna hovudplagg om du ønsker. Håret kan bli noko vått og klissete når vi vaskar bort elektrodepastaen.
- Det er mogeligheit å bruka vaskerom for å vaske håret. Shampo, balsam og handkle er tilgjengeleg.
Under
Vi festar elektrodar med elektrodepasta til hovudbotnen på bestemte stader. Pastaen held elektrodane på plass og sikrar god signaloverføring. Det er som oftast 23-29 elektrodar tilsaman. Etter på ligg du uforstyrra på ein benk med lyset av i cirka ein time.
Undersøking av små barn
Det er avgjerande for undersøkinga at barnet ligg heilt i ro medan elektrodane blir festa på. Det er derfor fint om vaksne følger dei minste barna. Små barn kan sitje på fanget når vi festar på elektrodane. Ta gjerne med noko som kan hjelpe å halde barnet roleg, for eksempel ei flaske med drikke, smokk, leiker, bøker, ipad eller liknande.
Undersøkinga tar som regel 1,5 - 2 timar.
Etter
Legen eller avdelinga som tilviste deg vil gje deg svaret på undersøkinga.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Nevrologisk seksjon
Oppmøtestad
Førde sentralsjukehus, 4. etasje.Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde