Du møter til den tida og på den avdelinga som står i innkallingsbrevet. Det kan hende du får tilsendt ein krem med plaster, som du skal ha oppå handbaken. Følg instruksjonane i brevet.
Dei medisinane du brukar, må du ta med til sjukehuset.
Når du møter vil du bli tatt imot av ein anestesisjukepleiar, som vil starte med førebuingane til operasjonen. Du vil få innlagt ein veneflon (kanyle) i armen din, slik at medisinen får ein veg inn i kroppen. Du vil og få ein medisin som gjer at du føler deg litt trøytt, før du blir følgd til operasjonsavdelinga.
Når du kjem til operasjonsavdelinga må du over i ei anna seng. Du skal ligge flatt under operasjonen, men vi passar på at du ikkje vert kald eller ligg vondt, sjølv om du søv. Du blir her tatt imot og passa på av dei som skal gje deg medisinar slik at du skal sove. Om du har med deg nokon vaksne/pårørande kan dei vere med deg heilt til du har sovna.
Lengda på operasjonen er litt ulik, men pårørande får beskjed så snart operasjonen er ferdig, og pasienten blir flytta til oppvakningsavdelinga. Det er mogeleg at du har fått ein bandasje på auget ditt når du vaknar etter operasjonen, denne skal vere på til neste dag. (Gjeld som regel ikkje for barn under 8 år) .
Vaksne pasientar kan av og til bli operert med lokalbedøvelse, utan full narkose.
Du vil bli kontrollert av augelege dagen etter operasjonen, og får med time til ny kontroll hos augelege etter omlag seks veker.
Etter operasjonen skal du dryppe deg med augedråpar i ca. 4 veker.