Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Personvernerklæring - Pust Deg Bedre

Personvern handlar om korleis Helse Førde handsamar opplysningar for å ivareta pasientsikkerheita ved bruk av Pust Deg Bedre. Vi samlar ikkje inn nokon form for personleg informasjon eller helsedata som kan identifisere deg, diagnosar eller behandlingsforløp.

Du vert beden om å frivillig delta i ein anonym spørjeundersøking etter at du har opna appen nokre gongar. Svara dine er anonyme, vert ikkje spora tilbake til deg på noko vis og vert handsama på sikre område i Helse Førde.

For å beskytte personvern, pasientsikkerheita og privatliv har appen ikkje funksjonalitet som gjer det mogleg for deg å leggje inn, notere eller lagre eigen helsedata, da dette er underlagt strenge krav for sikring og bruk av informasjon.

Om du har spørsmål knytt til personvern, ver vennleg å ta kontakt med oss på følgande e-postadresse: pustdegbedre@helse-forde.no.

Eigar av Pust Deg Bedre er Helse Førde HF. Helse Vest IKT er systemforvaltar som inneber både teknisk vedlikehald og vidareutvikling. Ei oversikt over andre samarbeidspartnarar ligg på nettsidene til Pust Deg Bedre:

Pust Deg Bedre - Helse Førde HF (helse-forde.no)

Forside - Helse Førde HF (helse-forde.no)

Framside - Helse Vest IKT (helse-vest-ikt.no)

Pust Deg Bedre er mogleg å bruke på alle mobile plattformer. Appen gjer kunnskap om lungefysioterapi tilgjengeleg, ved hjelp av 3D- teknologi og skriftleg informasjon. Målgruppene er personar som lever med kronisk lungesjukdom og fysioterapeutar som behandlar pasientar med tungpust og slimproblematikk. Den kan også vere eit fagleg støtteverktøy for anna helsepersonell og studentar. 

Personvern i Pust Deg Bedre

Som offentleg helseinstans tar vi pasientsikkerheita på alvor, og er underlagt strenge retningslinjer knytt til kva for informasjon vi kan samle inn og korleis informasjonen vert forvalta. Sidan Pust Deg Bedre er tilgjengeleg for alle, vil appen ikkje samle inn nokon form for personleg informasjon (med unntak av noko anonymisert teknisk data, som beskrive under avsnitt om Unity Privacy) eller helsedata som kan identifisere brukarar, pasientar, diagnosar, behandlarar eller behandlingsforløp.

Brukar har anledning til å registrere daglege «målingar» (på skala 1-3, god-middels-dårleg) om generell dagsform og nytte av øvingane i appen. Målingane er berre meint for bevisstgjering knytt til nytteverdi og kan evt. brukas i dialog med behandlar, dersom bruker sjølv ønskjer det. Målingane vert berre lagra lokalt på brukaren sitt device og vert ikkje samla inn eller kobla til anna personleg informasjon, pasientjournal etc.

Brukarane vert beden om å frivillig delta i ein anonym spørjeundersøking etter eit visst tal køyringar av appen. Svara er anonyme, vert ikkje spora tilbake til respondent eller brukar av appen og vert handsama på sikre område i Helse Førde.

For å beskytte personvern, pasientsikkerheit og privatliv har appen ikkje funksjonalitet som gjer at brukaren kan leggje inn, notere eller lagre eigen helsedata, då dette er underlagt strenge krav for sikring og bruk av informasjon.

Informasjon som vert samla inn av tredjepartar

Pust Deg Bedre er utvikla i Unity; eit rammeverk som blir brukt til å lage og publisere appar innan både underhaldning og anna seriøs bruk på forskjellige plattformer. Unity har eigen praksis i forhold til kva for informasjon de samlar inn og forvaltar, som mellom anna berre inkluderer ei lita mengde informasjon om devicet til brukaren og bruk av appen. Se Unity sine erklæringar for meir informasjon. Merk at Pust Deg Bedre ikkje bruker reklame eller andre valfrie tenester hos Unity, og er dermed ikkje underlagt vilkåra for desse.

Game Player and App User Privacy FAQ (unity.com)

Game Player and App User Privacy Policy (unity.com)

Pust Deg Bedre er per nå publisert som ein mobilapp på plattformene Google Play for Android-einingar, og App Store (Apple) for iOS- einingar. Desse plattformene har eigne retningslinjer og praksis som påverkar brukaren sitt personvern. Sjå kva som gjeld for deg, avhengig av kva for telefon/nettbrett du bruker appen på.

Sist oppdatert 11.07.2024