Du vil møte ein terapeut som du har gjentatte samtalar med. Antallet samtalar vil dere vurdere saman. I psykodynamisk terapi for depresjon arbeider du og terapeuten din saman om dei negative opplevingane du ber på. Saman blir dere einige om måla for din behandling.
Ein tenker gjerne at mykje av følelseslivet vårt er på eit ubevisst plan, og at til dømes angst ofte er eit symptom på at ein ikkje har kontakt med følelsane, eller kan ha vanskar med emosjonell nærleik til andre.
Nokre gongar kan depresjonen ha «satt seg fast» i deg. Kanskje har du ein følelse av «at ingenting nyttar», eller følelsen av «å aldri vere god nok». Eit strengt sjølvbilde der både skuld og skamfølelse sit djupt, vil naturlegvis gi innverknad på livskvaliteten til den enkelte. Ein annan person kan kanskje ha ein djup følelse av å kjenne seg tom, einsam, og med ei livshistoriehistorie som ber preg av svært lite opplevd emosjonell stadfesting og lite følelsesmessig kontakt i nære relasjonar.
Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få god hjelp. Opplever du at kontakten mellom deg og behandlaren ikkje er god og trygg, har du lov å seie ifrå om det.