Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Prolaps i ryggen - kirurgi

For dei fleste vil prolaps gå over utan kirurgisk behandling. Dersom det er sterke vedvarande smerter og påverking på nervesystem kan det vere aktuelt med kirurgi.

Før

Førebuing heime

Vi vil som oftast tilrå at du beveger deg sjølv om du har smerter. Ta opp dagleg aktivitet og arbeid om du klarar det. Snakk med arbeidsgivaren din om du kan gjere alternative arbeidsoppgåver. Sjukemelding kan vere eit alternativ, men dette må du diskutere med fastlegen din.   

Dersom du blir betre i ventetida før operasjonen, må du ta kontakt med sjukehuset. Hos nokon kan kroppen lege seg sjølv, og då er det sjeldan behov for operasjon. 

Ofte kan smerter lindrast med smertestillande reseptfrie medisinar. Treng du sterkare smertelindring kan du diskutere dette med din fastlege.

Dersom du bruker blodfortynnande medisiner som Marevan, Pradaxa, Xarelto, Albyl E, Plavix eller andre merker, må du i samråd med din fastlege avgjer om du kan slutte med desse ei veke før innlegginga. Dette er fordi desse medikamenta aukar risiko for bløding under operasjonen. Det er viktig at du gjer avtale med lege før du stoppar å ta desse tablettane. 

Bruk av andre faste medisinar skal vere avklart med fastlegen din i god tid før operasjonen.

Du bør unngå større inntak av alkohol den siste veka før operasjonen og du skal ikkje drikke alkohol dei siste 24 timane før operasjonen. Alkohol tynnar ut blodet og gjer vevet meir lettblødande.

Du bør slutte å røyke før operasjonen. Røyking hemmar blodsirkulasjonen og gir auka risiko for blodpropp og luftvegskomplikasjonar under narkose.

Pasientar som skal ha narkose bør slutte med p-piller seinast 14 dagar før operasjonen. Kombinasjonen p-piller og røyking kan auke risikoen for blodpropp. Minipille eller hormontablettar i samband med overgangsalderen kan du fortsette med.

Du bør ikkje ha noko infeksjon ved operasjonstidspunktet på grunn av auka risiko ved narkose. Forkjøling gjer at operasjonen normalt bør utsettast. Spesielt gjeld dette dersom du har feber eller hoste. Ein lettare forkjøling på tilbakegang har normalt ingen betyding.

Førebuing på sjukehuset

Dagen før eller same dag som operasjonen skal du ha samtale med kirurg og anestesilege. Ein sjukepleiar informerer deg om nødvendig førebuing til operasjonen.    

 

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om. 

Under

Inngrepet blir utført i narkose.

Vi bruker ein mikrokirurgisk teknikk der vi bruker mikroskop og opererer gjennom eit 2 - 4 cm langt hudsnitt på ryggen. Under operasjonen skyver vi nerva til side og fjernar prolapset.
Operasjonstida varierer, men er vanlegvis rund 60 minutt. 


 


 

Etter

Etter operasjonen må du vere nokre timar på overvakingsavdelinga.

Ryggen din er ikkje ustabil på nokon måte, ingen ting kan slitast av eller bli øydelagt. Du kan stå opp av senga når du er vaken av narkosen. Fysioterapeut ved avdelinga vil gi deg råd om aktivitet. 
 
Du kan reise heim same dag eller dagen etter operasjonen.

Informasjon om oppfølging, kontrollar og aktivitetsnivå vil bli gitt av lege og fysioterapeut ved utreise. Sjølv om du har lite smerter, tilrår vi at du ikkje er for aktiv dei første dagane. Vanleg aktivitet med kortare kvileperiodar er nok dei første dagane.
 
Det er normalt å vere stiv og kjenne sårsmertar nede i ryggen dagane etter operasjonen. Smerten er som regel verst det første døgnet. Deretter blir det normalt rask betring. Har du vore plaga med nedsett kraft i muskulatur og vore nomen før operasjonen, kan desse plagene vare opptil fleire månader. Det er også vanleg å kunne kjenne litt utstråling i periodar dei første fire vekene etter operasjon. Informasjon om smertelindrande medisinar vil bli gitt av lege før heimreise.

Etter inngrepet kan du få ein lett feberreaksjon med temperatur opp til 38-38,5 grader. Etter to dagar er vanlegvis temperaturen normal igjen. Blir temperaturen høgare eller ikkje normaliserer seg, bør du ta kontakt med din fastlege eller legevakt.

Det er uvanleg at det blir betennelse i operasjonssåret. Du bør likevel vere på vakt dersom du får aukande smerter, hevelse eller raud hud rundt operasjonssåret.

 

Du kan dusje dagen etter operasjonen. Skift alltid til tørr bandasje etterpå. Vent med å bade til etter stinga er fjerna.

Stinga fjernar du hos fastlegen din 10-14 dagar etter operasjonen.

Etter heimkomst får du brev om kontroll. Dette skjer på sjukehuset, som oftast hos lege eller fysioterapeut 3-6 veker etter operasjon.

Ver merksam

Blødingar og infeksjon i sår kan skje som ved alle kirurgiske inngrep. Skade på nervar er veldig sjeldne komplikasjonar. 

Ta kontakt med fastlege/legevakt viss:

  • sjukdomsbildet ditt forandrar seg og du føler deg utrygg på kva det kan vere.
  • smertene er sterke og smertestillande tablettar eller avlasting av ryggen ikkje er nok
  • du merkar aukande problem med nedsett muskelkraft
  • du opplev problem med å tisse/gå på do eller blir nomen i skrittet. Det kan skuldast eit stort prolaps som trykker på nervene til blære og endetarm, og må opererast raskt.
     

Kontakt

Førde sentralsjukehus Ortopedisk avdeling

Kontakt Ortopedisk avdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.