Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Poliklinisk behandling psykisk helsevern

Poliklinisk behandling i psykisk helsevern betyr at du kjem til jamlege  samtaler med ein behandlar, enten aleine eller i gruppa. Saman med behandlaren blir de einige om mål for behandlinga, kor hyppig de skal møtast, og kor lenge tilbodet skal vare.

Erfaring og funn frå forsking gjennom meir enn 60 år viser at terapi verkar. Vi veit også at håp og tru hos den som søker hjelp er viktig for å oppleve effekt av terapien. Motivasjonen din for behandling er noko som er tema for dei innleiande samtalene.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising frå fastlegen eller andre helsepersonell.

Før

Det er eit krav at spesialisthelsetenesta skal bruke evidensbaserte metodar. Det kan vere lurt å tenke gjennom kva du ønsker behandling for, og alt når du blir søkt inn, begynne å tenke over mål for behandlinga. Dersom du klarer å gjere nokre små endringar i ventetida, er det verdifullt. 

Under

Behandlingsforma er samtalen, og det er ulike måtar å jobbe med vanskane dine på. Den polikliniske samtala er ein dialog som skil seg frå andre sosiale relasjonar, ved at det er du som kjem for å jobbe med problema dine, og temaa er ofte det som kjennest vanskeleg i livet. Det gjeld også å få hjelp til å oppdage og framheve ressursane dine. Det er jo nettopp ein ressurs at du har fått mot til å be om hjelp for vanskane dine, og kjenner motivasjon for å jobbe med deg sjølv. 

Du vil få tildelt ein behandlar som har kunnskap og erfaring frå å jobbe med menneske med psykiske problem. Dei mest vanlege yrkesgruppene er legar, psykologar, psykomotoriske fysioterapeutar, psykiatriske sjukepleiarar eller andre høgskuleutdanna med vidareutdanning, og får ein behandlar som har kunnskap og erfaring frå å jobbe med menneske med psykiske problem. 

Ein poliklinisk time varer som regel i 45 minutt, men dei første innleiande samtalene kan vare litt lenger.

Det finst mange ulike behandlingsmetodar. Dei som blir brukt, er anbefalt i rettleiarar og retningslinjer frå Helsedirektoratet og har dokumentert god effekt på behandling av ulike psykiske lidingar. Dei vanlegaste behandlingsmetodane er:


Som nemnt finst det også fleire behandlingsmetodar. Dei fleste behandlarar jobbar eklektisk, det vil seie at dei gjer bruk av ulike teoretiske tilnærmingar og metodar tilpassa den enkelte pasienten. Haldninga er at vi prøver å forstå deg og plagene dine, og saman lagar vi ein behandlingsplan. Nokre pasientar er glade i å prate og fortelje om seg sjølv, mens andre må ein hjelpe meir i gang av behandlar. Det er eit solid forskingsfunn som tilseier at relasjonen mellom deg og behandlaren din er viktig for at du skal nå måla dine. Med dette er det meint at du kan kjenne du har grunnleggande tillit til behandlaren, at de er einige om behandlingsmål, og kva metodar de skal bruke for å nå måla dine.

Andre tiltak som kan vere viktige å vurdere, er medikamentell behandling, og det blir alltid gjort i samarbeid med lege/overlege i psykiatri.

Korleis kan ein vite om behandlinga verkar?

Det viktigaste målet på om behandlinga er nyttig, er opplevinga du har av mening og endring. Det er ulikt kor lang tid vi treng for å jobbe med målsetningane. Det avheng av kor samansette vanskane dine er. Det er behandlar som har hovudansvaret for å sørge for at du føler deg forstått, og om det kjennest nyttig og viktig å jobbe på den måten de gjer.


Målet med behandlinga er ikkje at alle problema dine skal forsvinne, men at du kan bli i betre stand til å akseptere og forhalde deg til dei, og samtidig finne andre løysingar, slik at du får meir plass til dei tinga i livet som du ønsker.




Erfaringer fra poliklinisk behandling i psykisk helsevern

Dette er en video hvor Tonje Farstad forteller om egne erfaringer fra samtalebehandling.
Se video her
Hjerte tegnet i sand.

Å leve med psykisk sykdom

Psykologspesialist Arve Gravråkmo forteller om stress, sårbarhet og beskyttelsesfaktorer i forhold til psykisk helse.
Se video her.
Holder hender i blomstereng.

Etter

Det er viktig at du bruker det du har lært i behandling. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema i slutten av ein terapi.

Kontakt

Psykisk helsevern