Mens du ligg eller sit i den stillinga som følast best, utfører legen ei ultralydundersøking for å sjå kor mykje væske det er og kor det er best tilgang til væska. Vi merkar innstikkstaden på huda, og vaskar området rundt. Legen set lokalbedøving i huda og i heile stikkanalen heilt inn til pleurahola.
Nåla må førast inn mellom to ribbein. Når bedøvinga er sett, stikk legen ein tynn plastslange inn i pleurahola. Slangen koplast til ei sugesprøyte og ein pose, slik at væska anten kan sugast opp aktivt med sprøyta, eller berre renne ned i posen. Når all væska er tømt, blir slangen trekt ut og stikkopninga plastra. Nokre gonger blir slangen liggande over lengre tid, avhengig av behov.
Kor lenge varer inngrepet?
Varigheita av inngrepet er avhengig av kor mykje væske som skal tappast ut, og om den blir sugd ut aktivt eller berre renn ned i posen. Heile prosedyren tar ofte rundt 30 minutt.
Vanlegvis blir det tappa 1000-1500 ml kvar gong.
Gjer det vondt?
Lokalbedøving blir gitt med ei sprøyte. Når bedøvinga er sett, er det vanlegvis ikkje vondt å få sett inn slangen i pleurahola. Nokre kan kjenne eit sug i brystet på slutten av tappinga, mens andre byrjar å hoste eller opplev at dei ikkje får puste ordentleg. Om dette skjer, stoppar vi tappinga, sjølv om det skulle vere noko væske igjen. Plagene gir seg som oftast raskt. Mange pasientar føler det er godt å bli tappa.