Det er ulike måtar jordmor og lege kan følgje med på korleis barnet har det før og under fødselen. Graden av fosterovervaking under fødselen blir vurdert ut i frå korleis svangerskapet ditt har vore, om du og barnet ditt er friske og alt ligg til rette for ein normal fødsel - eller om det er faktorar hos deg eller barnet som krev meir overvaking.
Jordmorstetoskop
Jordmorstetoskop er eit holt trerøyr som blir plassert på magen din, rett over det området der hjarteslaga til barnet kan høyrast best. Ved hjelp av jordmorstetoskop kan jordmor / lege lytte på barnets hjartefrekvens / puls. I samband med fødsel omtaler jordmor / lege barnets hjartefrekvens som fosterlyden. Fosterlyden blir angitt i frekvens og regelmessigheit. Normalt vil fosterlyden variere mellom 110 – 150 slag per minutt.
Fosterlyd saman med informasjon om fostervatn (når det er gått) og barnets aktivitet gir viktig informasjon om korleis barnets tilstand er og korleis barnet taklar fødselen. Fosterlyden gir fødselshjelparen god oversikt og kontroll på barnets tilstand gjennom fødselen.
Jordmor vil lytte på fosterlyden gjennom heile fødselsforløpet. Mot slutten av fødselen når barnet passerer den trongaste delen av fødselskanalen, lyttar jordmora oftare enn tidleg i fødselsforløpet. Den siste delen av fødselen er den mest anstrengande for barnet.
Foto: Haukeland universitetssjukehus
Doppler-apparat
Doppler er eit elektronisk apparat som blir brukt til å lytte på barnets hjartefrekvens / fosterlyd, og blir brukt på same måte som eit jordmorstetoskop. Forskjellen er at Doppler er eit elektronisk apparat med høgtalar som gjer at fosterlyden kan høyrast av alle i rommet.
Foto: Haukeland universitetssjukehus
Om jordmor / lege er usikker eller finn teikn på at barnet ikkje har det optimalt, vil barnet bli overvaka over tid, eventuelt kontinuerleg gjennom heile fødselen.
CTG (carditokografi)
CTG er ein elektronisk overvaking av barnets hjarteslag. Ved hjelp av denne overvakinga kan vi kartleggje barnets hjarteslag og kor ofte riane kjem. Dette gir eit godt bilde av korleis barnet har det, og kva for ressursar det har til å takle fødselen.
Ved CTG-overvaking blir to elektrodar / transducere plassert på magen din og festa med elastiske band. Den eine registrerer hjartefrekvensen til barnet, den andre registrerer riane. Både hjartefrekvens og riane som blir registrert, visast på eit display på CTG-apparatet – og registreringa kan skrivast ut.
Foto: Haukeland universitetssjukehus
Barnets spark eller bevegelsar kan også registrerast – anten av apparatet eller ved at du trykker på ein knapp kvar gong du kjenner aktivitet hos barnet.
Om barnet viser teikn på stress, eller har få ressurser til å takle fødselen (for eksempel fødsel etter svangerskap med komplikasjonar, sjukdom hos mor eller hos barn), så vil barnet bli overvaka kontinuerleg. Dette vil sjøvsagt bli vurdert i kvart enkelt tilfelle.
For å få ein meir nøyaktig og sikker overvaking vil det då vere aktuelt å feste ein elektrode direkte på barnet. Jordmor / lege vil då under ein vaginalundersøking feste elektroden i huda på barnet. Barnet vil kjenne dette som eit stikk.
STAN – fosterovervaking
Metoden er utvikla for å oppdage barn som blir utsett for ein eventuell surstoffmangel i hjartemuskelen under fødselen. Denne metoden gir meir informasjon om barnets tilstand enn CTG aleine. STAN er ein fosterovervakingsmetode som brukast ved risikofødsler til termin.
STAN blir brukt under aktiv fødsel for å analysere barnets EKG (elektrokardiogram / hjartekardiogram), i tillegg til CTG. EKG er ein metode for å vurdere hjartefunksjonen, og blir brukt blant anna for å sjå om det er mangel på surstoff i hjartemuskulaturen.
Mens CTG er registrering av fosterets hjartefrekvens og dets variasjonar, inneheld STAN-analysen informasjon om den delen av fosterets EKG som forandrar seg under surstoffmangel. Denne delen av EKG heter ST, og derfor heiter denne overvakinga STAN (ST-ANalyse).
Når du er i aktiv fødsel og det er aktuelt å overvake med STAN, festar vi ein elektrode i huda på barnets hovud (barnets sete ved seteleie) etter at fosterhinna er brote. Ein plaster-lignande elektrode vil også bli festa på låret ditt. For ri-registrering må ein ha eit belte over magen. Alt vil bli tilkobla til eit STAN apparat. Registreringa blir analysert av jordmor og lege.