Første gong du kjem, har vi ei samtale om kvifor du er hos oss og hva undersøkinga går ut på. Vi hentar inn informasjon om din noverande og tidlegare funksjon, mellom anna gjennom ein utviklingshistorie frå barneår til i dag. Vi er interessert i dine sterke og svake sider, og aktuelle problem. Av og til hentar vi også informasjon frå pårørande eller andre instansar, men ikkje utan at du har gitt samtykke til det.
Som regel blir det gjennomført testing. Testinga blir utført av testteknikar eller psykolog og blir vanlegvis fordelt over to dagar. Testane kan vere munnlege, skriftlege eller praktiske. Ingen av dei gjer vondt, men du kan bli trøytt etterpå.