Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nevropsykologisk undersøking, barn

Ei nevropsykologisk undersøking går ut på å finne ut korleis hjernen din arbeider. Det gjer vi gjennom å snakke saman og løyse ulike oppgåver.

Når du kjem til oss, vil vi først prate litt med deg og dine føresette om korleis du har det, og om kva ting du synest du får bra til og kva som er vanskeleg. 

Dei aller fleste barn som kjem til oss tar også nokre testar. Då jobbar du saman med ein vaksen som forklarer deg kva du skal gjere. Testane kan likne litt på ting som du gjer på skulen og fortel oss for eksempel noko om korleis du lærer, hugsar og konsentrerer deg, snakkar og forstår språk, kor godt hendene dine greier å gjere ting og korleis du er saman med andre. 

Før

  • Ta med ferdig utfylte skjema om de fikk tilsendt slike på førehand.
  • Møt utkvilt til testinga, og unngå medisinendringar dagane i forvegen.
  • Ta med briller og høyreapparat om du bruker det. 
  • Det kan vere lurt å ha med matpakke og drikke, eller pengar til å kjøpe mat då testinga tar nokre timar.
  • Hugs å skru av mobilen under testinga.

Under

Første gong du kjem til oss, snakkar vi om kvifor du er hos oss og kva undersøkinga går ut på. Vi spør mange spørsmål om korleis du var då du var liten og korleis du har det nå. Det er vanleg at både du og dine føresette er med når vi snakkar. Det kan også vere at vi ønsker å snakke med andre som kjenner deg godt, for eksempel vaksne på skulen, hos PPT eller BUP, men då spør vi dine føresette om lov til å gjere det først. Les gjerne brosjyren Rettigheter i psykisk helsevern for deg under 16 år.

Etter at vi har snakka ei stund, får du gå og jobbe med oppgåver saman med ein vaksen. Oppgåvene kan vere munnlege, skriftlege eller praktiske. Det kan vere at du vil kjenne deg litt sliten når du er ferdig.

Etter

Etter at undersøkinga er ferdig, avtaler vi eit møte med dine føresette. På dette møtet snakkar vi om korleis du løyste oppgåvene og korleis vi kan bruke resultata for å hjelpe deg med ting som er vanskelege. Dei eldste barna er som regel sjølv med på dette møtet. Av og til har vi også møter saman med skulen din, PPT eller BUP. Vi snakkar då om du for eksempel treng meir hjelp på skulen eller om det er nødvendig med fleire undersøkingar. Til slutt skriv vi eit brev til den som har vist deg til oss og til fastlegen din om kva vi har funne og kva vi har avtalt vidare. 

Ver merksam

I utgangspunktet har helsepersonell teieplikt, men det er nokre unntak der vi har meldeplikt. Det handlar i hovudsak om tilfelle ved bekymring for barns omsorgssituasjon eller sikkerheit.

Kontakt

  • Kontakt Førde BUP

    Oppmøtestad

    Hovudinngangen ligg i Svanehaugvegen 6, på sørsida av Dagabygget.


    Under bygginga av det nye sjukehuset er det ikkje ordinære parkeringsplassar i nærleiken av hovudinngangen.

    Rådet er å parkere på pasientparkeringa og gå langs Svanehaugvegen til hovudinngangen.

    En stor bygning med en stor plen foran seg

    Førde sentralsjukehus

    Svanehaugvegen 2

    6812 Førde

    Transport

    Buss

    Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

    På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

    Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

    Flybuss

    Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

    Parkering

    Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

    Taxi

    Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

     

    Praktisk informasjon

    Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

    ​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

    På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

    Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

    Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

    ​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

    Les meir om eigendelar på helsenorge.no

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

    ​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

    Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

    ​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

    Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

    ​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

    Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
    I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

    Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

    Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

    ​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

    Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

    Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

    Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

    Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

    BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

    Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
    Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

     

    Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus

     

     

    ​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

    Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

    ​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

    Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

    Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

    Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

    Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

    Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

    Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
    3. Les nøye gjennom vilkåra.
    4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
     

    Akuttmedisin:
    Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

    Barneavdeling:
    Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

    Kirurgisk:
    Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

    Kreft:
    Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

    Kvinneklinikken:
    Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

    Medisinsk:
    Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

    Nevrologisk:
    Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

    Ortopedisk:
    13.30-16.00 og 17.30-19.30.

  • Kontakt Nordfjord BUP

    Oppmøtestad

    Sjukehusvegen 7, 6770 Nordfjordeid.

    Nordfjord barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (Nordfjord BUP) held til i eit grått hus med raude lister og raudt tak like nedanfor Nordfjord sjukehus og Nordfjord psykiatrisenter.

  • Kontakt Sogndal BUP
    Form, rektangel

    Indre Sogn psykiatrisenter

    Dalavegen 29

    6856 Sogndal

    Transport

    Buss

    Sogndal Skysstasjon ligg i Sogndal sentrum og er om lag ein kilometer frå Indre Sogn psykiatrisenter.

    På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

    Frå Sogndal er det også gode bussamband til Bergen og Oslo.

    Båt

    På nettsidene til skyss.no finn du ekspressbåtruter med oversikt over stoppestadar og tider for rutene mellom Sogndal og både Bergen og Måløy/Selje.

    Flybuss

    Det går direkte flybuss frå Sogndal Lufthamn Haukåsen til Sogndal Skysstasjon ved alle fly som kjem.  Frå Sogndal Skysstasjon går flybussen 70–75 minuttar før alle flyavganger – rutetider på nettsidene til skyss.no

    Parkering

    Det er mogleg å parkere gratis på området for pasientar og besøkande.

    Taxi

    Drosjesentralen i Sogndal er ved Skysstasjonen. Ved behov kan våre tilsette i resepsjonen bestille taxi til deg.

    Praktisk informasjon

    Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

    ​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

    Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
    I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

    Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

    Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

    ​Visittider sengepostane: Etter avtale.