Når du skal til undersøking skal du møte opp med reine, varme armar og bein. Ikkje ta på krem eller lotion. Du må ta med medisinliste, og i dei fleste tilfella skal du ta medisinane dine som vanleg. Dersom du ikkje skal ta medisinar vil du få beskjed om dette på førehand.
For barn som skal ha bedøving med Emla plaster er det nødvendig å møte opp ein time før undersøkinga slik at bedøvinga får tid til å virke.
Undersøkinga er ikkje skadeleg under graviditet eller for dei som har pacemaker.