Muskelspasmar – botoxbehandling
Muskelspasmar (spastisitet) er å ha unormal høg spenning i muskulaturen som påverkar balansen rundt ledda. Slike spasmar fører til mindre muskelkontroll, nedsett funksjon i daglege aktivitetar og kan gjere vondt. Behandling med Botulinumtoxin-A reduserer muskelspasmane.
Botulinumtoxin-A er registrert i Noreg under fleire namn (Botox, Dysport, Azzalure og Xeomin).
Årsaka til muskelspasmane sit i sentralnervesystemet. Fleire sjukdommar og skadar kan gi spasmar.
Formålet med behandlinga er i første rekke å forbetre funksjonsnivået. Når ein får betre funksjon og kan vere meir aktiv har ein moglegheit for å utsette ortopediske inngrep.
Før
Dersom pasienten er eit barn blir det gitt lokalbedøving (Emlakrem) som blir smurd på huda cirka 1 time før medisinen blir sprøyta inn i dei aktuelle musklane. Det kan også givast smertestillande og roande medisin.
For vaksne krevst ingen førebuingar før behandlinga.
Under
Medisinen blir gitt via sprøyter i utvalde musklar, som oftast gjeld det arm og hand eller lår, legg og/eller fotmuskulatur.
Injeksjonane blir sette i muskelbuken, og avhengig av størrelse blir sette som oftast 1–4 stikk. Vanlegvis reknar ein med at behandlinga tar 3–4 timar.
I somme tilfelle blir behandlinga utført i narkose. Da tar behandlinga noko ekstra tid.
Etter
Vanlegvis oppnår ein noko effekt i løpet av eit par veker og optimal effekt etter cirka 6–7 veker. Av og til kjem effekten allereie etter eit par dagar. Effekten minkar i løpet av 3–6 månader.
For å utnytte og forsterke effekten kan støttebandasje eller gipsing brukast i ein avgrensa periode etterpå. Intensiv fysioterapi i same periode kan bidra til å styrke muskulatur som tidlegare har vore hemma av spasmar.
Biverknader
Det er rapportert om få biverknader av denne behandlinga, men det kan gjere litt vondt i muskulaturen når injeksjonane blir gitt og etter at dei er sette.
Området rundt injeksjonsstadene kan bli raudt, men dette går over. Feber og trøyttleik er rapportert, men førekjem sjeldan.
Ver merksam
Merksemd bør visast spesielt overfor personar som har generell blødingstendens og nokre gonger også ved epilepsi.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Nevrologisk seksjon
Oppmøtestad
Førde sentralsjukehus, 4. etasje.Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde