Radiologisk avdeling

MR undersøking

Ei MR-undersøking fremstiller digitale bilete av indre organar. Under MR-undersøkinga ligg du i eit svært sterkt magnetfelt og får radiofrekvente signal gjennom kroppen. Desse signala nyttar MR- maskina til å lage digitale bilete.

Innleiing

MR-undersøking gir spesielt god framstilling av forandringar i muskulatur, bindevev og sentralnervesystemet. I tillegg kan MR framstille sjukdomsforandringar i skjelettet, hjartet, bryst, blodårer, urinvegar og bukorgan, inklusiv tarmsystemet.

Tilvising og vurdering

Før

På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om du:

  • har pacemaker
  • har høyreapparat
  • har klips på blodkar i hovudet
  • har metallsplint i øye
  • er gravid
  • har anna innoperert metall i kroppen og elektronikk

Klokker, bank- og kredittkort kan bli øydelagde av magnetfeltet, og må difor ikkje vere med inn i undersøkingsrommet. Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke må takast bort før undersøkinga startar. Desse kan bli trekt inn mot apparatet i stor fart. Høyreapparat kan bli påverka av magnetfeltet og må også fjernast før undersøkinga. Tannprotesar kan gi forstyrringar i bileta og må takast ut ved undersøking av hovud-/halsområdet.

Du bør unngå augesminke, då denne kan innehalde små delar av metall som kan forstyrre bileta.

Skal du undersøke magen må du vanlegvis faste nokre timar på førehand, elles kan du ete og drikke som vanleg. Om du ikkje skal faste, kan du ete og drikke som du pleier. Dersom du tek medisinar skal du ta dei på vanleg måte.

Om du ammar ber vi om at du kontaktar oss før du kjem til timen.

Under

Under undersøkinga ligg du på eit bord som blir ført inn i ei rørforma maskin som er open i begge endar. Avhengig av kva område på kroppen som skal undersøkast ligg du med hovudet eller beina først.

Medan fotograferinga foregår høyrer du ein bankelyd i maskina. Det er viktig å ligge stille mens denne bankinga pågår. Du vil få utdelt øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden, eller du kan høyre på musikk/radio.

Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg mens undersøkinga går føre seg.

Skal du undersøke bekkenorgana, kan det vere nødvendig å sette ei sprøyte med eit stoff som får tarmen til å slutte å røre seg ei lita stund. Tarmrørsler kan elles gi forstyrringar i bileta.

Undersøkingstida varierer frå 15 minutt til 1 1/2 time, avhengig av kva område som skal undersøkast og kor mange bilete ein skal ta.

Gjer det vondt?

Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel. Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.

Ved ein del undersøkingar er det nødvendig å gi kontrastvæske i ei blodåre i armen for at organ eller blodårer skal kome godt fram på bileta. Forutan eit stikk i armen, gir dette vanlegvis ikkje noko ubehag.

 

Etter

Er du innlagt på sjukehuset kjem du tilbake til avdelinga. Ellers kan du reise hjem når du er ferdig. Har du fått avslappande medikament bør du ikkje køyre bil sjølve.

Bileta bli vurdert av ein røntgenlege og svaret vert sendt til legen som tilviste deg.

Ver merksam

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

For pasientar med sterkt redusert nyrefunksjon kan det oppstå alvorlege biverknader etter bruk av MR- kontrastmiddel.Det blir tatt særlege omsyn til denne pasientgruppa. MR-kontrastmiddel kan ein gi der det er nødvendig å påvise sjukdomtilstandar, etter nøye medisinsk vurdering.

For alle pasientar som har kjent nedsett nyrefunksjon skal det takast nyrefunksjonsprøver før dei vert tilviste til MR- undersøking.

Kontaktinformasjon

Fann du det du leita etter?