Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Motiverende intervju (MI)

Motiverande intervju (MI) baserer seg på kunnskapen om korleis motivasjonen ein person har for å endre seg, kan auke gjennom samtale med ein hjelpar, sjølv når personen har motstridande tankar knytt til eiga åtferdsendring.

Motivasjon for endring kan bli forma og påverka av relasjonen mellom hjelpar og pasient.

MI blir mykje brukt i behandling av ulike former for avhengnad, men kan også bli brukt ved andre endringsprosjekt. Vi kan for eksempel bruke MI for å jobbe med endring av kosthald eller treningsvanar, eller for å styrke motivasjonen til å gjennomføre anna behandling.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen og legevakta er dei som i hovudsak tilviser til utgreiing og behandling. 

Motiverande intervju kan vere ei sjølvstendig behandling, for eksempel innan psykisk helsevern. Motiverande intervju kan også inngå som ei delbehandling i andre behandlingar, for eksempel knytt til rehabilitering.

Spesialisthelsetenesta du blir tilvist til, vil avgjere endeleg utforming og omfang av behandlinga. 

Før

Det kan vere lurt å tenke gjennom kva du vil ha som mål for behandlinga. Allereie når du blir tilvist, kan du tenke over kva du ønsker hjelp til å endre, og kanskje kan du starte med nokre små endringar i ventetida.

Under

Når menneske vurderer å gjere ei viktig endring i livet sitt, er det heilt vanleg å ha fleire og motstridande meiningar eller oppfatningar om situasjonen og endringsbehovet/-ønsket. Du har gjerne gode argument både for og mot den endringa du vurderer. Ved motiverande intervju møter du ein trygg og anerkjennande samtalepartnar som saman med deg kan utforske situasjonen din, og vise deg kvifor ei endring er viktig for deg.

Bruk av MI i behandlinga aukar sjansen for at du følger dine eigne målsettingar med behandlinga, og kan vere ein viktig bidragsytar til at du blir verande i og fullfører behandlinga. Det er dine tankar og følelsar som står i sentrum.

Over dei siste tiåra har det vore forska mykje på MI, og resultata viser at det er ei god tilnærming til arbeid med ulike typar endring.

MI-samtaler kan gå føre seg både ved avtalar på ein poliklinikk og ved innlegging i døgnbehandling. MI kan bli brukt både i individuelle pasientsamtaler og i par/familie-samtaler eller i gruppeterapi. MI kan også bli kombinert med andre former for samtaleterapi eller behandling.

Ein kan gi MI i ei enkeltståande samtale, eller det kan inngå som ein del av oppfølginga over tid.

På nettsidene til Helsedirektoratet finn du meir informasjon om kva Motiverande intervju (MI) er, og kva det kan bli brukt til.

Etter

Det er viktig at du bruker det du har lært i behandlinga. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema i slutten av ein terapi.

Kontakt

  • Kontakt Førde BUP

    Oppmøtestad

    Hovudinngangen ligg i Svanehaugvegen 6, på sørsida av Dagabygget.


    Under bygginga av det nye sjukehuset er det ikkje ordinære parkeringsplassar i nærleiken av hovudinngangen.

    Rådet er å parkere på pasientparkeringa og gå langs Svanehaugvegen til hovudinngangen.

    En stor bygning med en stor plen foran seg

    Førde sentralsjukehus

    Svanehaugvegen 2

    6812 Førde