Ved Schirmers test, testar ein augene sin tåreproduksjon ved at ein spesiell papirstrimmel blir lagt med ein brett over nedre augelokk. Vi måler kor mykje av papirstrimmelen som blir fukta etter 5 minutt. Enkelte pasientar kan oppleve eit visst ubehag på augene undervegs i undersøkinga.