Kreftavdelinga

Lymfekreft

Lymfekreft (malignt lymfom) oppstår oftest i lymfeknutene og er en kreftform i immunsystemet. Sykdommen blir behandlet med cellegift, immunterapi og strålebehandling.

Innledning

Ved lymfekreft har en av immunforsvarets celler utviklet seg til en kreftcelle. Immunforsvarets celler sirkulerer normalt i blodet og lymfesystemet, det vil si at lymfekreftcellene i prinsippet kan være overalt i kroppen. De vanligste stedene vi finner lymfekreft er imidlertid i lymfeknuter, beinmarg og milt.

Det vanligste symptomet på sykdommen er hovne lymfeknuter. De er mest synlige på halsen, i armhulene og i lysken.

Lymfekreft inndeles i to hovedtyper: Hodgkin lymfom utgjør vel 10 prosent, og Non-Hodgkin lymfom utgjør knapt 90 prosent. Det er litt flere menn enn kvinner som får påvist lymfekreft, og sykdommene kan ramme i alle aldre. Hodgkin lymfom sees imidlertid typisk hos unge voksne, og Non-Hodgkin lymfom ser vi typisk hos de voksne eller hos eldre.

Lymfekreft er en samlebetegnelse på mange ulike sykdommer. Spesielt er det mange ulike typer av Non-Hodgkin lymfom. Når det gjelder Non-Hodgkin lymfom skiller vi ofte mellom to hovedgrupper: De langsomtvoksende og de hurtigvoksende. 

Langsomtvoksende Non-Hodgkin lymfom er oftest sykdommer hvor behandling ikke kan føre til helbredelse. Men de fleste med slike sykdommer vil kunne leve godt i mange år – og få behandling i perioder. 

Hurtigvoksende Non-Hodgkin lymfom og Hodgkin lymfom er sykdommer hvor behandlingen i de fleste tilfeller vil ha som målsetting å helbrede, spesielt gjelder dette hos unge og voksne personer.

Henvisning og vurdering

Når fastlegen har begrunnet mistanke om kreft skal du bli henvist direkte til et pakkeforløp for kreft. Et pakkeforløp er et standardisert pasientforløp som beskriver organiseringen av utredning og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørende, samt ansvarsplassering og konkrete forløpstider.

Forløpskoordinatoren sørger for å sette opp timene du skal ha i utredningen.

Helsepersonell

Sjekkliste for henvisning - fastlege eller annen helsetjeneste henviser til utredning

fastlege eller annen helsetjeneste henviser til utredning

Utredning

I løpet av utredningen gjør vi undersøkelser av deg for å avklare om du har kreft eller ikke.

Ved mistanke om kreft tar vi en vevsprøve av forstørret lymfeknute eller svulst. Vi kan ta ut vevsprøven fra forskjellige steder på kroppen, avhengig av hvor sykdommen befinner seg. Ofte må vi også gjøre røntgenundersøkelser. 

Dersom ytterligere undersøkelser er nødvendig for å avklare diagnosen blir du informert om dette. Det kan for eksempel være blodprøver, beinmargsprøve, CT, PET-CT og MR. Hensikten med disse undersøkelsene er å kartlegge utbredelsen av sykdommen. Den eksakte undergruppen av lymfekreften og sykdomsutbredelsen vil danne grunnlaget for behandlingen.

Når resultatene fra undersøkelsene og prøvene er klare vil vi som oftest kunne avklare om du har kreft eller ikke, og vi tar beslutning om diagnosen.  Hvis du ikke har kreft, avslutter vi pakkeforløpet.

Tiden det tar fra du møter på sykehuset første gang, til vi tar en beslutning om behandlingen, er vanligvis omtrent to uker. Dette kan variere.

Pasientinformasjon - utredning ved mistanke om lymfekreft

Les meir om Blodprøve

Blodprøve

Ei blodprøve blir tatt for å finne normale eller sjukelege forhold i kroppen. Vi kan også bruke blodprøva til å sjå om du har fått i deg legemiddel eller giftstoff.

Ved blodprøver tappar vi litt blod og undersøker det. Vi analyserer blodet for å få eit bilete av kva som skjer i kroppen din. Det kan vi sjå ved å studere antal blodceller og samansettingar av ulike biokjemiske stoff.

  1. Før

    Enkelte analysarblir direkte påverka av måltid og/eller kosthald. Det er difor viktig at du følgjer retningslinene frå den som har bestilt (rekvirert) blodprøva. Dersom du har spørsmål om faste eller diett, kan du spørje legen din (tilvisande lege).

    På sjukehuset

    Avdelinga sin prøvetakingspoliklinikk tar i mot pasientar frå sjukehuset sine poliklinikkar og sengepostar til prøvetaking i opningstidene.

    Prøvetakingav pasientar utanom sjukehuset skjer først og fremst hos fastlegen, men vi kan ta imot desse pasientane om prøvetakinga byr på spesielle problem.

    Ta med legitimasjon

    Du må ta med deg legitimasjon og rekvisisjon frå lege dersom den ikkje er sendt laboratoriet tidlegare. Du treng ikkje bestille time for blodprøvetaking, berre møt opp i opningstida.

    Du betalarikkje eigendel for å ta blodprøve.

    Merk at tilsette ved laboratoriet ikkje kan ta fleire prøver enn det legen som har tilvist deg har bestilt.

    Blodprøver av barn

    Det er viktig at du førebur barnet som skal ta blodprøve. Fortel barnet at det kjem eit stikk og at det går fort over. Dersom barnet er roleg, og arma blir heldt i ro, aukar sjansen for ei vellukka prøvetaking, og barnet slepp fleire forsøk. Som pårørande må du vere med inn, og det kan vere lurt å la barnet sitte på fanget.

    Ofte er vi to som er med når vi tar blodprøver av barn. Ein som tar prøva og ein som støttar arma ogavleier barnet. Gråt er ein naturleg reaksjon hos nokre barn, anten fordi dei er redde, blir heldt fast, eller fordi det er vondt. Di oppgåve under prøvetakinga er å halde rundt barnet, trøyste og skryte av det. Det er viktig at du som følgjer barnet er roleg under heile prosessen. Det gjer ofte situasjonen tryggare for barnet og lettare for alle.

    Ei fin hjelp for barnet er plaster eller krem med bedøving. Dette kan ein kjøpe på apoteket utan resept, og sette på minst ein time før blodprøvetakinga. Bruk av smertelindring kan hindre at barn gruer seg til framtidige prøvetakingar.

    Du kan lese meir om smertelindring i samband med blodprøvetaking her

    Verken plaster eller krem fungerer ved stikk i hæl eller finger.

    Ofte stilte spørsmål
    Korleis skal eg førebu meg?

    Analyseresultatet blir påverka av ei rekkje forhold, følg derfor instruksane om faste, diett eller fysisk aktivitet som lege/sjukepleiar gir i forkant av blodprøvetakinga.

    Kvifor skal eg sitje i 15 minutt før prøvetaking?

    Kroppsstillinga påverkar blodvolumet i kroppen. Det er ein fordel at du sit i 15 minutt før blodprøvetakinga, slik at blodvolumet blir stabilisert.

    Kva vil det seie å vere fastande?

    Å faste vil seie at du ikkje skal ete eller drikke dei siste åtte til tolv timane før blodprøvetakinga.

    Kan eg ta medisinar før blodprøvetakinga?

    Dersom du ikkje har fått andre instruksjonar, kan du ta medisinar som vanleg. Ved terapikontroll av medikament blir blodprøven vanlegvis teken rett før neste dose, men det finst unntak. Legen vil informere om det.

    Kan eg trene før blodprøvetakinga?

    Du bør unngå fysisk aktivitet utover vanleg gange før prøvetakinga, like eins hard trening og hardt kroppsarbeid i dagane før prøvetakinga.

    Tidspunkt for blodprøvetaking?

    Nokre komponentar i blodet varierer i løpet av døgnet. Følg retningslinjene du får frå legen. Dersom du har spørsmål om prøvetakingstidspunktet, kontaktar du rekvirerande lege.

    Skal eg ta med rekvisisjon?

    Dersom du har fått rekvisisjon(ar) frå legen/avdelinga, må du ta dei med til Poliklinikk for blodprøvetaking. Alle pasientar som kjem frå primærhelsetenesta, må ha med utfylt rekvisisjon frå lege.

    Gjer det vondt?

    I dei fleste tilfelle er blodprøvetaking uproblematisk og lite smertefullt. Enkelte kan likevel føle det ubehageleg og bli uvel under blodprøvetakinga. Gi beskjed til prøvetakaren dersom det gjeld deg, slik at forholda kan leggjast til rette for ei god prøvetaking. Lokalbedøving kan nyttast til venepunksjon, men må smørjast på huda éin til to timar før blodprøvetakinga.

    Korleis går blodprøvetakinga for seg?

    Prøvetakaren spør om pasientens fulle namn og fødselsdato/fødselsnummer. Blodprøven blir vanlegvis teken i armen, og det er en fordel å ha klede som er lette å rulle opp på overarmen. Prøvetakaren strammar eit band rundt overarmen for å få fram tydelege blodårer, deretter blir kanylen ført inn i blodåra. Det blir brukt sterilt eingongsutstyr ved blodprøvetaking. Prøvetakingsrøyret blir automatisk fylt med blod når kanylen er godt plassert i blodåra. Vanlegvis blir det tappa éin til fem prøvetakingsrøyr med blod, avhengig av kor mange analysar legen har bestilt.

    Korleis går blodprøvetakinga på barn for seg?

    Det er alltid ein fordel at barnet er førebudd. Prøvetakinga kan skje ved stikk i armen (venepunksjon) eller som eit stikk i fingeren/hælen (kapillær prøvetaking). Prøvetakaren avgjer kva måte som er best for barnet ditt. Snakk gjerne med legen til barnet eller laboratoriepersonalet om eventuell bedøving av huda før venøs blodprøvetaking. Det finst smertestillande krem eller plaster som kan smørjast på huda. Kremen skal smørjast inn éin til to timar før prøvetakinga.

    Kor lang tid tek det å ta ein blodprøve?

    Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis nokre få minutt. Det er tilrådd å sitje i ro i om lag 15 minutt før prøvetakinga. Glukosebelastingar og andre belastingsprøvar må avtalast på førehand og går for seg i løpet av eit par timar ved at det blir teke fleire blodprøvar i løpet av denne tida.

    Når får eg analyseresultatet?

    Analyseresultatet blir rapportert til rekvirerande lege eller avdeling. Dersom du er innlagd på sjukehuset eller tilknytt ein av poliklinikkane til sjukehuset, vil analyseresultata vere tilgjengelege elektronisk like etter analyseringa. Dei fleste analyseresultata blir ferdige same dagen, mens nokre analyseresultat tek lengre tid.Laboratoriet kan ikkje oppgi analyseresultatet til pasienten. Det er legen som informerer om analyseresultata. Det er berre dei komponentane som legen har bestilt, som blir analyserte.

    Skal eg betale eigendel?

    Det er ingen eigendel ved blodprøvetaking.

  2. Under

    Du blir spurt om namn ogfødselsnummer (11-siffer) før vi tar blodprøva. Dette gjer vi for å sikre at prøvene blir riktig merka.

    Dei fleste prøvene blir tatt på innsida av olbogen.Du får eit stramt band rundt overarma slik at blodåra blir godt synleg og lett å stikke i. Vi stikk med ei tynn nål (venekanyle) og blodet blir tappa på små rør.

    Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis berre nokre få minutt, og blir gjort mens du sit i ein stol. Viss det er mogleg bør du sittei roi minst 15 minutt før du tar blodprøva. Vi tappar vanlegvis 1 - 5 små rør med blod, avhengig av kor mange analysar legendin har bestilt.

    Sei ifrå om du bli uvel

    For dei fleste er det uproblematisk å ta blodprøve. Det kan gi litt ubehag når nåla blir stukken inn i huda, men det går fort over. Nokre kan bli uvel under prøvetakinga. Viss du veit at dette kan gjelde deg, er det fint om du seier ifrå til den som skal ta prøva.

  3. Etter

    Etter at prøva er tatt, legg vi eit lite kompress på stikkstaden. Den skal du trykke lett på for å hindre blødingar.

    Når blodprøva blir tatt frå ein arterie, som oftast på handleddet, er det viktig å klemme hardt og lenge på stikkstaden for å hindre blødingar.

    Dersom du brukar blodtynnande medisinar bør du klemme litt lenger på stikkstaden.

    Resultat av undersøkinga

    Resultatpå blodprøva blir sendt til tilvisande lege, den som har bestilt prøven for deg. Det er tilvisande lege som informerer deg om prøveresultatet. Laboratoriet har diverre vanlegvis ikkje høve til å formidle prøvesvar direkte til deg.

    Det er ulikt kor lang tid det tek å analysere blodprøvene. Medan nokre resultat vil vere ferdigpåfå minutt, vil andre vere klar etter få timar, seinare same dag eller neste dag. For enkelte prøver kan det ta dagar før svaret føreligg. For prøver som vi må sende til andre sjukehus kan svartida variere frå dagar til veker.

    Dersom du er innlagd på sjukehuset, eller har time på ein av poliklinikkane, er mange prøveresultat klare like etter analyseringen.

    Dersom prøvesvaret blir sendt i posten til for eksempel fastlegen din, kan det ta nokre dagar før du får svar.

Gå til Blodprøve

Avdeling
LMBB - seksjon Førde sentralsjukehus
Besøksadresse
Førde sentralsjukehus
Lærdal sjukehus
Nordfjord sjukehus
SMS - Florø - Helse Førde sine tenester i Florø
Les mer om Beinmargsprøve frå hoftekam

Beinmargsprøve frå hoftekam

 

Benmargsprøve er en vevsprøve som tas fra hoftekammen med et spesialinstrument. Prøven viser hvordan blodproduksjonen er, og om det eventuelt er tegn på sykdom i beinmargen. Prøven gjøres i lokalbedøvelse.

  1. Før

    Det er ingen forberedelser til denne undersøkelsen.

  2. Under

    Du blir bedt om å legge deg på sidenen behandlingsbenk. Legen finner innstikkstedet for prøvetakingen i hoftekammen. Dette markeres.

    Dufår lokalbedøvelse.

    Duvil kjenne litt akkurat idet sprøytespissen treffer den ytre benhinna. Når bedøvelsen har fått virke, gjøres et lite innsnitt for prøvetakningen. En nål føres inn gjennom knokkelens ytre, harde overflate, og inn til benmargen, den indre delen som er en bløt masse.Noenkan merke litt ubehag når spissen går gjennom det ytre knokkelvevet. Benmargsmateriale trekkes ut med en sprøyte.

    Videre gjøres eventuelt vevsprøvetaking, hvor en sylinderformet vevsbit tas ut fra samme stedet i hoftekammen med hjelp av en hul nål.Vevsprøven tas ut, og det legges press over innstikkstedet for å stoppe eventuell blødning, før området vaskes rent og en bandasje legges over.

  3. Etter

    Etter undersøkelsen kan du reise hjem.

    Det er ikke unormalt åføle ømhet i innstikkstedet i noen dager etter inngrepet.Bandasjen kan fjernes etter noen timer.

Gå til Beinmargsprøve frå hoftekam

Avdeling
Kreftavdelinga
Les meir om CT

CT

CT er ei røntgenundersøking der vi tar snittbilete av dei delane av kroppen din som skal undersøkast. Bileta blir laga ved hjelp av eit dataprogram.  

CT-undersøkinga er særs nyttig for å:

  • undersøke blødingar, aneurismer (utposingar på blodkar), hjernesvulstar og hjerneskadar.
  • oppdage svulstar og andre prosessar i heile kroppen.
  • avklare infeksjonar og betennelsestilstandar, samt vurdering av lungevev.
  • vurdere organskadar ved traume.
  • CT kan ogsånyttastved vevsprøve (biopsi) av ein svulst.
CT-undersøkinga har ulike navn avhengig av kva del av kroppen som skal undersøkast.
  1. Før

    Førebuinganevarierer ut frå kva som skal undersøkast.

    Eksakt informasjon om førebuingar til undersøkinga vert sendt til degved innkalling, eller det vert opplyst ved avdelinga når timen blir avtalt.

  2. Under

    Som regel tar undersøkinga mellom ti og30 minutt, og er smertefri, bortsett frå i dei tilfella eiplastnål (venflon)vert lagt inn i eiblodåre. Nåla vert fjerna etter undersøkinga.Du vil på førehand bli spurtom eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrastmiddel, om allergiar eller astma og diabetes.Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag, men mange føler ein forbigåande varme gjennom kroppen.

    Du vert undersøkt liggande på eit motorisert bord som forflyttar deg inn i opninga avCT-maskina. Maskina er open frå begge sider. Du blir ikkje stengt inne i ein "tunnel".Bordet beveger seg litt når bileta blir tatt.Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at du ligg iro under heile undersøkinga. Enkelte vil også bli bedt om å halde pusten nokre gongar. Dette for å unngå unødigebevegelsar i lunge- og mageregionen.

    Personalet går ut av undersøkelsesrommet når bilda blir tatte. Dei observerer deg gjennom eit vindauge og du kan snakka til dei gjennom ein mikrofon i maskina.

  3. Etter

    Heimreise

    Ved CT-undersøking der kontrast er gitt intravenøst, vil vi be deg vente på avdelinga i 30minutt etter at kontrasten er sett inn.For andre pasientar gjeld inga spesiell oppfølging.

    Resultat av undersøkinga

    Resultatet av undersøkinga kan du dessverre ikkje få med ein gong. Bileta vert granskaav ein røntgenlege som lager ein rapport av kva bileta viser. Rapporten vert sendt legen somtilvistedeg.Ved akutte tilstandar får du eit foreløpig svar like etter undersøkinga.

Ver merksam

Normalt sett er det ikkje risikoforhold forbunde med denne undersøkinga. CT-undersøkelsen inneber ioniserande stråling og undersøkingane skal vera tilpassa slik at stråledosen er så låg som mogleg.

Gå til CT

Avdeling
Radiologisk avdeling
Besøksadresse
Førde sentralsjukehus
Lærdal sjukehus
Nordfjord sjukehus
SMS - Florø - Helse Førde sine tenester i Florø
Les meir om MR undersøking

MR undersøking

MR er ei forkorting for magnetisk resonans. Under ei MR-undersøking ligg den som vert  undersøkt i eit svært sterkt magnetfelt og det blir sendt radiofrekvente signal gjennom kroppen. Desse signala nyttar MR- maskina til å lage digitale bilete. Det er inga form for røntgenstråling med ein MR.

MR vert nytta i undersøkingar der andre diagnostiske metodar er utilstrekkelege eller som supplement til andre metodar. MR-undersøking gir spesielt god framstilling av forandringar i muskulatur, bindevev og sentralnervesystemet. I tillegg kan MR framstille sjukdomsforandringar i skjelettet, hjartet, bryst, blodårer, urinvegar og bukorgan, inklusiv tarmsystemet.

  1. Før

    Førebuing heime

    På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om du har:

    • Pacemaker/ICD, nevrostimulator
    • Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
    • Operert metall i kroppen ( til dømes klips på blodkar i hovudet, proteser, splinter, stentar og graft)
    • Tatoveringar
    • Er gravid

    Klokker, høyreapparat, tryggleiksalarm, bank- og kredittkort kan bli øydelagde av magnetfeltet, og må difor ikkje vere med inn i undersøkingsrommet. Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke takast bortfør undersøkinga startar.

    Tannprotesar kan gi forstyrringar i bileta og må takast ut ved undersøking av hovud-/halsområdet.

    Ved undersøkingar av hovudet må ein unngå augesminke, då denne kan innehalde små delar av metall som kanforstyrre bileta.

    Skal du undersøke magen må du vanlegvis faste nokre timar på førehand, elles kan duete og drikke som vanleg.

    Dersom dutek medisinar skal du ta dei på vanleg måte.

    Om du ammar ber vi om at du kontaktar røntgenavdelinga.Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av,må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkantav undersøkinga.

    Har du klaustrofobi?

    Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du kan ringe eller ta kontakt (sjå under for kontaktinformasjon) dersom du trur dette blir eit problem for deg. Vihar ulike måtar vi kan hjelpe deg på.

    Førebuingane varierer ut fråkva som skal undersøkast.

    Informasjon om dette vert gitt i innkallingsbrevet du mottar i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.

    Førebuing på sjukehuset

    I nokre tilfelle må vi sette MR-kontrast i ei blodåre for å få gode bilete.

  2. Under

    Under undersøkinga ligg du på eit bord som blir ført inn iei rørforma maskin som er open i begge endar. Avhengig av kva område på kroppen som skal undersøkast ligg du med hovudet eller beina først.Medan fotograferingaforegår høyrer du ein bankelyd i maskina. Det er viktig å ligge stille mens denne bankinga pågår. Du vil få utdelt øyreproppar ellerøyreklokker som dempar bankelyden, eller du kan høyre på musikk/radio. Ta med eigen CD med musikk om du ønsker det.

    Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg mens undersøkinga går føre seg.

    Når bileta verttatt går personalet ut av undersøkingsrommet, men vi ser deg gjennom eit vindauge. Du får også ein alarm i handa som du kan bruke for å få kontakt med personalet. Dei kansnakke med deg via ein mikrofon ellerkome inn i undersøkingsrommet.

    Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bileta skal bli bra.

    Skal du undersøke bekkenorgana, kan det vere nødvendigå sette ei sprøyte med eit stoff som får tarmen til å slutte årøre seg ei lita stund. Tarmrørsler kan elles gi forstyrringar i bileta.

    Undersøkingstida varierer frå 15minutt til 11/2 time, avhengig av kva område som skal undersøkast og kor mange bilete ein skal ta.

    Gjer det vondt?

    Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel.

    Ved ein del undersøkingar er det nødvendig å gi kontrastvæske i ei blodåre i armen for at organ eller blodårer skal kome godt fram på bileta. Forutan eit stikk i armen, gir dette vanlegvis ikkje noko ubehag.

  3. Etter

    Pasientar som har fåttavslappande medikament bør ikkje køyre bil sjølve.Etter at undersøkinga er ferdig, blir bileta vurdert av ein røntgenlege som lagar ein skrifteleg rapport avkva bileta viser. Bileta ograpporten vert lagra i datasystemet vårt.

    Resultatet av undersøkinga vert sendt til legen somtilviste deg tilMR-undersøkinga innan ei til to veker.

Ver merksam

MR-kontrast gir sjeldan biverknader i form av allergiske reaksjonar. Ein kan oppleve å bli heit under undersøkinga. Dette er ikkje vondt. Denne kjensla gir seg når undersøkinga er over.

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

For pasientar med sterkt redusert nyrefunksjon kan det oppståalvorlegebiverknader etter bruk av MR- kontrastmiddel. Det blir tatt særlege omsyn til denne pasientgruppa. MR-kontrastmiddel kan ein gider det er nødvendig åpåvise sjukdomtilstandar, etter nøye medisinsk vurdering.

For alle pasientar som har kjent nedsett nyrefunksjon skal dettakast nyrefunksjonsprøver før dei verttilviste til MR- undersøking.

Gå til MR undersøking

Avdeling
Radiologisk avdeling
Besøksadresse
Førde sentralsjukehus
Lærdal sjukehus
Nordfjord sjukehus
SMS - Florø - Helse Førde sine tenester i Florø

Behandling

Hvis du har kreft, planlegger vi nå hvilken behandling som er best for deg. Vi tar en beslutning om din behandling i samråd med deg, vanligvis basert på vurdering i et tverrfaglig team-møte.

Vi benytter følgende hovedtyper av lymfombehandling, enten alene eller i kombinasjon: cellegift,  immunterapi, strålebehandling, observasjon uten behandling.

Mange med langsomtvoksende Non-Hodgkin lymfom trenger ikke behandling ved diagnosetidspunktet.

Les meir om Cellegiftbehandling

Cellegiftbehandling

Cellegift, også kalla kjemoterapi eller cytostatika, er medisin for å motarbeide kreftceller.

Målet med cellegiftbehandlinga avheng av sjukdommens stadium:

  • Kurativ behandling har som mål åkurere sjukdommen
  • Livsforlengande behandling har som mål å forlenge livet
  • Symptomlindrande behandling har som mål å lindre plagsame symptom
  1. Før

    Rett før cellegiftbehandlinga anbefaler vi at du eteit lett måltid, for eksempel rista loff og ein kopp te.

  2. Under

    Vanlegvis får ein cellegiftkuraneintravenøst, det vil seie gjennom ei blodåre. Ved utvalte kreftsjukdommar kan cellegift også setjast direkte i blæra eller i ryggmargsholrommet. Cellegift som tablettar eller kapslar svelgast heile med rikeleg drikke. Varigheita av eicellegiftbehandling kan variere frå nokre minutt til fleire dagar. Intervallet mellom kurane er vanlegvis ei til fireveker.

    Ein cellegiftkur kan bestå av ulike typar cellegift som ein får fortløpande etter kvarandre. Nokre kurar krev innleggingpå sengepost, men ofte kan ein få ein slik kur på poliklinikkane.

    Cellegiftbehandlinga er alltidføreskrive av lege, men sjølve behandlinga får einav sjukepleiar som har spesialkompetanse.

  3. Etter

    Isamband med cellegiftbehandling er det viktig med god hygiene, fordi nedbrytingsprodukta blir skylt ut gjennom slimhinner, urin, avføring og oppkast. Dette gjeld særleg det første døgnet etter avslutta kur. Her følger nokre generelle råd:

    • Vask hendene godt med varmt vatn og såpe etter toalettbesøk

    • Bruk papir for å tørke opp eventuelt søl, vask deretter med vatn og såpe

    • Kast bind og bleier i ein eigen plastpose

    • Vask klede og sengeklede som blir tilsølt med ein gong

    • Ved seksuell kontakt børein brukekondom

    Ved å følge desse forholdsreglane kan du trygtvere i lag med andre akkurat som før – også barn og gravide. Nærkontakt med personar som har symptom på infeksjonssjukdom bør ein derimot unngå.

    Ernæring under cellegiftbehandling

    Behandling med cellegift kan gi dårleg matlyst. Dersom du har vedvarande nedsett matlyst over fleire dagar er det viktig at du kontaktar sjukepleiaren dineller ein annan kontaktperson på sjukehuset. Det er viktig at du drikk godt, minimum to liter væske dagleg. Dette fordi mange cellegifttypar og deira nedbrytingsprodukt blir skyltut med urinen. Rikeleg inntak av væske kanòg førebyggekvalme.

    Energirike drikker og vatn er bra. Når det gjeld mat, er det ofte lettare å få i seg kald enn varm mat, salt mat i staden for søt mat og flytande i staden for fast. For eksempel kan salat og brød, eggerøre og røykalaks eller tomatsuppe smake godt.

    Det kan også vere lurt å spe på med næringsrike mellommåltid, som ost, tørka frukt, nøtter og næringsrik drikke. Det finst ulike typar næringsdrikke som du kan få eller kjøpe på apoteket. Du kan også tilsetje næringspulver i matlaginga. Sjå også eigne brosjyrar for meir informasjon om ernæring.Forsøk å lage appetittvekkande og innbydande måltid, men ver oppmerksam på at cellegiftbehandling ofte fører til at maten smakar annleis enn før.

    Biverknader og komplikasjonar

    Cellegiftbehandling gir oftefleire biverknaderfordi behandlinga også påverkar dei normale cellene i kroppen.Intensiteten og varigheita av biverknadene avheng av type cellegiftkur og varierer frå person til person.

    Auka risiko for infeksjonar

    Dei fleste cellegiftkurane gir nedsett beinmargsproduksjon av raude og kvite blodlekamar (celler), samt blodplater. Talet på kvite blodlekamarminkar etter behandlinga. Dette oppstår oftastfem til 15 dagar etter kuren og er avhengig av kva slags kur du har fått. I denne fasen erein ekstra utsett for infeksjonar. Unngå difor nærkontakt med menneske som tydeleg har symptom og teikn på infeksjon. Cellegiftbehandlinga kan redusere nivået av blodplater, somkan medføre auka blødingsfare. Etter langvarig behandling kan også produksjonen av raude blodlekamar bliredusert, ogblodoverføring kan vere aktuelt.

    Alle desse biverknadene som påverkar beinmargen er forbigåande og det er ingen praktiske ting du kan gjere for å betre denne tilstanden. I utvalte tilfelleer detaktuelt å gi medisinar som stimulerer produksjonen av kvite blodceller.

    Kvalme og brekningar

    Fleire cellegiftkurar kan gi kvalme og brekningar. Ubehaget kjem ofte nokre timar etter avslutta behandling og kan vare i eitt til fire døgnetter siste behandlingsdag. Dei siste åra har vi fått veldig effektive kvalmestillande medikament mot kvalme som skuldastcellegift. Det er derfor svært viktig at du tar slike medikament som er føreskriveav legen dinpå sjukehuset. Psykiske faktorar som stress og angst kan også påverke opplevinga av kvalme. Berre tanken på neste kur kan vere nok til å utløyse brekningar hos enkelte.

    Slappheit

    Slappheit er ein vanleg biverknad av cellegiftbehandling dei første eitt til tredøgna. Slappheita går gradvisoverdei neste dagane.

    Håravfall

    Nokre cellegiftkurar kan føre til at ein heilt eller delvis misser håret på hovudet og at kroppshår blir tynna ut.Dette skjer vanlegvis etter ein til tokurar. Håret kjem gradvis tilbake etter avslutta behandling. Trygdekontoret gir økonomisk støtte til parykk og hovudplagg når pasienten har attest frå lege.

    Smerter

    Nokre få cellegifter kan gi kortvarige smerter i armen fordi det oppstår ein irritasjon av blodåreveggen. Andre cellegifter kan skadenormalt bindevev og muskulatur dersom cellegift kjem utanfor blodåra.

    Feber

    Enkelte cellegiftkurargir feber nokre timar etter behandlinga. Dette er ein normal reaksjon, og er ikkje farleg. Det er på den andre side svært viktig å vere oppmerksam på feber som oppstår mellom kurane, då dette kan vere det første teiknet på ein livstruande infeksjon. Ved feber over 38 gradar mellom kurane må lege kontaktast med ein gong.

    Skade på slimhinner

    Fleire cellegifter kan forårsake slimhinnebetennelse i munn og svelg, tarmar, magesekk, urinblære og underlivet hos kvinner. Betennelse i munnslimhinna kan gi smerter ved tygging og svelging av mat og dermed nedsett matlyst. Sår i magesekk og tynntarmens slimhinner kan oppstå. Sårheit i blæreslimhinna kan medføre svie vedurinering, samt hyppig vasslating, og sårheit i skjeden kangi smerter ved samleie. Det er vanleg at såra lækjer seg sjølve etter nokre dagar og i god tid før påfølgande cellegiftbehandling.

    Påverknad av kjønnskjertlar

    Under behandlinga kan kvinner få uregelmessig menstruasjon, eller den kan stoppe heilt opp. Likevel bør kvinner bruke prevensjon både i behandlingsperioden og i cirka eitt år etter behandling er avslutta, på grunn av risiko for skadar på eggcellene under behandlinga.

    Produksjon av sædceller hos menn blir påverkaog dette gjer at befruktningsevna kan bli nedsett. Menn bør også bruke prevensjon for å hindre overføring av skada sædceller til partnaren. Graden og varigheita av nedsett befruktningsevne er først og fremst avhengig av alder. Dess yngre ein er, dess betre ersjansen for å bevare befruktningsevna.

    Skade på nervar

    Det kan oppstå forbigåande skade på små nerveforgreningar, som kan gi ei kjensle av at tær og fingertuppar dovnar bort og er kalde. Slike bivirkverknaderforsvinnvanlegvis innan nokre vekertil månader etter avslutta behandling.

Ver merksam

  • Dei første 15 dagane etter cellegiftkuren kan du vere ekstra utsett for infeksjonar. Unngå derfor nærkontakt med menneske som openbart har symptom og teikn på infeksjonar.
  • Ved feber over 38 grader mellom cellegiftkurane må du kontakte lege umiddelbart.

Gå til Cellegiftbehandling

Avdeling
Kreftavdelinga
Besøksadresse
Førde sentralsjukehus
Lærdal sjukehus
Nordfjord sjukehus

Oppfølging

Etter avsluttet behandling er det vanlig med jevnlig oppfølging på sykehusets poliklinikk i flere år. Disse kontrollene skjer oftest på ditt lokale sykehus. Rehabilitering og pasientkurs om lymfekreft kan være aktuelle tilbud.

Rehabilitering og mestring ved kreftsykdom

Det finnes en rekke tilbud som kan være en hjelp til å komme tilbake til hverdagen under og etter kreftsykdom. Derfor er det viktig å tenke rehabilitering og mestring av sykdommen helt fra sykdomsstart og begynnelsen av behandlingen. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsykdom, med så god livskvalitet som mulig.

fastlege eller annen helsetjeneste overtar som primærkontakt

Faresignaler

Dersom du opplever at symptomer på sykdommen kommer tilbake etter behandling må du ta kontakt med fastlegen din. Vær oppmerksom dersom du opplever: 

  • Økt infeksjonstendens
  • Vedvarende feber av ukjent årsak
  • Blødningstendens
  • Utilsiktet vekttap
  • Nattesvette
  • Forstørrede lymfeknuter

Kontaktinformasjon

Fann du det du leita etter?