Behandling

Lindrande kreftbehandling

Mange pasientar med livstruande sjukdom har behov for lindrande behandling. Dette kan vere ulike typar medikament, samtalar og praktisk bistand frå ulike helsearbeidarar.

Innleiing

Målet med lindrande behandling (palliasjon eller palliativ behandling) er å gjere livet best mogleg, både for deg og dine pårørande, i alle fasar av ein alvorleg sjukdom. Hovudfokuset er å førebygge og lindre symptom som smerte, kvalme, depresjon, åndelege/eksistensielle utfordringar og andre plager som alvorleg sjuke kan oppleve.

Lindrande behandling skal vere eit tilbod til alle som treng det, uavhengig av diagnose, prognose og bustad. Den enkelte helsearbeidaren kan gi god hjelp, men ofte vil personar med ulik yrkesbakgrunn samarbeide for å gi deg og dine pårørande best mogleg behandling og oppfølging. Eit godt samarbeid mellom helsearbeidarane ved sjukehuset og i kommunen er sentralt.

Pasientar med behov for lindrande behandling kan vere svært forskjellige. I ein tidleg fase kan nokre kan vere fullt arbeidsføre trass i ein sjukdom som ikkje kan kurerast. I ein seinare fase kan ein vere sterkt hjelpetrengande.

I dag utgjer kreftpasientar den største delen av dei som får spesialisert lindrande behandling i Noreg, men også til dømes pasientar med alvorleg hjarte- og karsjukdom, kroniske lungesjukdommar og nevrologiske sjukdommar kan ha behov for lindrande behandling. Moderne kreftbehandling gjer at fleire pasientar lever lenger med sjukdommen. Nesten alle kreftpasientar treng kvalifisert behandling for lindring av smerter og/eller andre plagsame symptom dei siste månadene i livet. I tillegg vil pasientar som lever lenge med ein kreftsjukdom ha behov for lindrande behandling og omsorg i delar av sjukdomsforløpet.

Ofte må vi vurdere kor lenge og kor mykje vi skal behandle ein kreftsjukdom. Ditt ønske og kunnskap om sjukdommen er vesentleg å ta omsyn til. Allmenntilstanden din har stor betydning for kva behandling du bør ha. Nokre gongar må vi starte ein behandling for å sjå korleis den verkar på pasienten og på kreftsjukdommen. Når vi skal planlegge, starte og avslutte kreftbehandlinga er vi avhengig av informasjon frå deg og dine pårørande, i tillegg til du har ein god dialog med legen. Du skal få informasjon om kva som er hensikta med behandlinga du får tilbud om.

Tverrfagleg samarbeid

Mange ulike yrkesgrupper samarbeider for å gi deg og dine pårørande best mogleg behandling og oppfølging. Under finn du ein del tilbod som er lista opp. Tilgjegelegheita av desse vil variere frå sjukehus til sjukehus, og du vil få informasjon frå legen din om kva du kan nytte.

Legar og sjukepleiarar har ansvaret for den medisinske behandlinga ved sjukehuset, inkludert lindrande behandling. Samarbeid med andre yrkesgrupper og/eller palliativt team er ofte nødvendig, men personalet på sengeposten eller poliklinikken har hovudansvaret når du er på sjukehuset.

Fastlegen har ansvaret for medisinsk oppfølging når du er heime. Både du, pårørande og spesialisthelsetenesta bør halde kontakta med fastlegen gjennom heile sjukdomsforløpet. Du finn informasjon om fastlegeordninga på www.helfo.no

Sjukepleiarane i kommunen har i lag med fastlegen ansvar for pleie og omsorg, både i heimetenesta og på sjukeheim. I lag med fastlegen koordinerer dei også kontakt med anna helsepersonell i kommunehelsetenesta.

Alvorleg sjukdom kan føre med seg ulike utfordringar og plager. Fysioterapeuten kan mellom anna hjelpe med funksjonstrening, symptomlindring, tilrettelegging og meistring av ein endra kvardag.

Alvorleg sjukdom kan gi utfordringar med meistring av daglege aktivitetar. Ergoterapeuten kan bidra med trening, tilpassing eller tilrettelegging av daglege aktivitetar, samt formidling av hjelpemiddel.

Mat kan vere ei utfordring ved alvorleg sjukdom. Ein klinisk ernæringsfysiolog kan hjelpe deg med å få tilpassa kosthaldet til din situasjon.

Ein sosionom kan hjelpe deg og dine pårørande med dei sosiale- og økonomiske konsekvensane av alvorleg sjukdom. Sosionomen kan bistå med samtalar om følelsesmessige reaksjonar og endringar som sjukdom kan føre med seg både for familien og livssituasjonen. Sosionomen gir deg informasjon, råd og rettleiing om ulike rettar og støtteordningar. De kan også få hjelp til å fylle ut søknader.

Prestar og diakonar som jobbar i helsevesenet har spesialkompetanse. Dei kan tilkallast viss du eller dine pårørande har behov for å snakke med nokon om det å ha ein alvorleg sjukdom. Det er alltid du/pårørande som bestemmer temaet for samtalen. Dette kan for eksempel vere åndelege eller eksistensielle spørsmål rundt sorg og krise, personlege eller familiære problem. Sjukehuspresten eller diakon har lang erfaring med å snakke med menneske i sorg og krise. Dei kan også utføre kyrkjelege handlingar. Det er også mogleg å bli satt i kontakt med representantar frå andre trus- og livssynssamfunn.

Psykologar kan hjelpe deg og dine pårørande med å leve med ein alvorleg sjukdom. Dei kan også vere ei støtte ved store endringar eller kriser, og når pasientar og pårørande kjenner seg usikre, engstelege eller nedstemte, Psykologiske tiltak kan ofte bidra til betre lindring også av fysiske symptom som kvalme, smerter og søvnproblem.

Eit palliativt team består av helsearbeidarar som er spesialistar i lindrande behandling. Teamet har medlemmar frå nokre eller alle yrkesgruppene som er nemnt over. Teamet kan hjelpe der det er behov, også heime hos deg eller på den lokale sjukeheimen. I lag med kommunehelsetenesta, deg og dine pårørande legg teamet ein plan for vidare behandling og oppfølging. 

Det palliative teamet ser til pasientar på avdelingar i sjukehuset, og på ein del sjukehus har det palliative teamet ansvar for ein eigen sengeavdeling for lindrande behandling. Kommunale sjukeheimar kan også ha slike einingar, eller senger som er haldt av for pasientar som treng lindrande behandling.

I alle delar av landet, i dei fleste helseføretak og kommunar, finst det nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling. Nettverk med fysio- og ergoterapeutar er også tilgjengeleg i fleire fylke.

Ressurspersonane i nettverka har kompetanse og særleg interesse for lindrande behandling. Dei kan gi råd og informasjon om tilgjengelege tilbod og tilrettelegging i heimen. Dei kan også vere gode samtalepartar som kan gi informasjon og rettleiing om biverknader av behandling, og om lindring av symptom.

Dersom du har behov for tenester frå forskjellige instansar i sjukehus og kommune, har du rett på ein individuell plan med oversikt over dei ulike tenestene og kontaktpersonane dine. Planen skal lagast i lag med deg og dine pårørande, og bør innehalde dine ønske og mål for pleie og behandling. Initiativet til å opprette ein individuell plan kan anten kome frå deg eller frå helsepersonell. 

 

Tilvising og vurdering

Behovet for lindrande behandling vil variere frå pasient til pasient. Alle som arbeider i helsevesenet skal kunne tilby lindrande behandling. Nokre pasientar kan ha mange plager samtidig eller svært sterke plager, det vil då vere nødvendig med tilvising til spesialistar i palliasjon for å oppnå god nok behandling.

Når sjukehuset får ei tilvising, blir denne vurdert av lege. Hastegrad blir vurdert i kvart enkelt tilfelle. Din generelle helsetilstand og symptombilde er viktige moment i vurderinga.

Pasienten skal vere informert om han han/ho har ein sjukdom som ikkje kan kurerast, og behovet for symptomlindring og/eller behovet for eit spesialisert palliativt tilbod.  

Mal for tilvising frå fastlege

  1. Bakgrunn, inkludert tidlegare sjukdommar
  2. Aktuelle problemstillingar/symptom
  3. Oppdatert medikamentliste (husk vekedose for Marevan, insulindose og eventuelt andre injeksjonar)
  4. Kontaktperson eller koordinator i heimesjukepleien
  5. Kontaktinformasjon til fastlege
  6. Symptomregistrering ESAS-r eller tilsvarande

Før

Du vil ofte, både ved innlegging og poliklinisk time, bli bedt om å svare på spørsmål om behov, ressursar og eventuelle plager du har. Dette kan gi ei god oversikt over symptoma dine, og vere eit godt utgangspunkt for kommunikasjon mellom deg og helsepersonalet. Mange synest det er ein fordel å ha med ein pårørande til timen eller innlegginga.

Kartlegging av plager

Det er viktig at du som pasient angir eigne plager (symptom) når vi skal planlegge og vurdere kva som er god behandling for deg.

Alle pasientar med behov for lindrande behandling bør få informasjon om viktigheita av strukturert kartlegging av plagene (symptom). Noko kartlegging gjer vi ved å fylle ut eit skjema som eit vidare utgangspunkt for samtale med lege eller anna helsepersonell. Kva symptom du har og i kva grad, varierer med sjukdommen, kva fase ein er i og frå pasient til pasient. Grundig kartlegging både før og etter at behandlinga startar, og gjentatte gongar undervegs er derfor viktig.

Under

Første gong du kjem til ein poliklinikk eller sengepost, får du samtale både med sjukepleiar og lege, og legen undersøker deg.

Vidare utgreiing og behandling er avhengig av problemstillingane og plagene du har. Plager og symptom som kan oppstå og trenge betre lindring, er for eksempel smerte, kvalme, ernæringsvanskar, forstopping, tung pust og depresjon. Mange ulike faggrupper samarbeider om å gi deg best mogleg behandling. Dine pårørande får også tilbod om samtale. Vi ønsker, og er pålagde, å ha fokus på barn i familiar der ein vaksen er alvorleg sjuk. Er det barn i din familie vil du oppleve at vi stiller deg/dykk ein del spørsmål som handlar om korleis barnet har det.

Ofte gir vi både medisinar og gjer andre tiltak for å dempe symptoma dine. For kreftpasientar kan det også vere aktuelt med strålebehandling og cellegift. I enkelte tilfelle kan kirurgiske inngrep vere aktuelt.

Nokre pasientar har behov for ekstra oppfølging og behandling. Denne behandlinga kan bli gitt som dagbehandling på poliklinikk. Dette kan vere blodoverføringar eller annan medisinsk behandling, eller vurdering om du treng innlegging på sjukehus. Dagbehandlinga kan foregå på einerom med både seng og stol for pasientar som skal få gjennomført planlagd behandling, eller som treng hjelp til akutte tilstandar.

Etter

Sjukehuset samarbeider tett med kommunehelsetenesta. Før du reiser tar vi kontakt med kommunen dersom vi ser det er nødvendig. Ofte blir det laga ein behandlingsplan. Viktig informasjon om kontaktpersonar, telefonnummer og medikament du skal ta, skal vere oppdatert. Nokre gongar kan Individuell plan vere til god hjelp. Denne inneheld kontaktinformasjon, i tillegg til oversikt over dine eigne og pårørande sine ønske og behov.

Kontrollar ved sjukehuset og hos fastlegen blir avtalt etter behov. Sjølv om du har faste kontrollar ved sjukehuset, er det viktig å ha jamleg oppfølging hos fastlegen i tillegg. 

Dersom du er svært svekka, og det er vanskeleg å kome til fastlegen når du er heime, kan fastlegen kome til deg. Du kan også få oppfølging av ressurssjukepleiar eller ein kreftkoordinator i kommunen. Etter avtale med fastlegen, kan også sjukepleiar og lege frå sjukehuset kome til deg. Dette blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.  

Viss du får plagar som er vanskelege å handtere heime, kan det vere aktuelt med eit kort opphald på sjukeheim eller på ei spesialisert eining for lindrande behandling. Målsettinga kan vere rehabilitering og trening, justering av symptomlindrande behandling eller tilrettelegging i heimen før heimreise.

Kommunen, Kreftforeningen og andre organisasjonar har ulike tilbod til pasientar og pårørande, inkludert tilbod til barn og ungdom som er pårørande. Tilsette i Kreftforeningen kan også gi informasjon i skular og barnehagar.   

Mange pasientar som får lindrande behandling ønsker å vere mest mogleg heime. For å få det til er det viktig med eit godt samarbeid mellom sjukehus, kommunehelsetenesta, pårørande og pasienten sjølv. Svært mange helsearbeidarar har god kunnskap om, og god erfaring med, å ha omsorg for alvorleg sjuke pasientar som bur i eigen heim.

Pårørande kan få fri frå jobben og få utbetalt pleiepengar frå NAV for å pleie eller vere tilstades for ein slektning i heimen. Denne ordninga kan ein bruke i tilsaman 60 dagar, som kan fordelast over tid og mellom fleire pårørande. Du finn informasjon om ordninga på nav.no

Når døden nærmar seg hos ein person som er alvorleg sjuk, oppstår det ofte usikkerheit og spørsmål hos pårørande. Helsepersonell kan vere ei god støtte i denne fasen. Å vete kva ein kan forvente og kva som er teikn på at døden er nær, kan helsepersonell ofte svare på. Forløpet ved dødsfall er forskjellig frå person til person. Likevel er det nokre teikn som kan tyde på at døden nærmar seg:

  • Redusert behov for mat og drikke, mangel på appetitt
  • Forandringar i pusten
  • Endra bevisstheit og sosial tilbaketrekking frå livet
  • Sengeliggande med auka søvnbehov
  • Døsigheit

Også i den siste fasen av livet kan ein oppnå god lindrande behandling hos dei aller fleste, både på sjukehus, på sjukeheim og i eigen heim.

Mange pasientar ønsker å dø nærast mogeleg heimen, eller i eigen heim. Det er viktig at eit slikt ønske blir formidla til pårørande og til helsepersonell. I svært mange tilfelle er det mogleg å få til. Eit nært samarbeid mellom pasienten, pårørande og kommunehelsetenesta blir ekstra viktig i denne fasen.  

Den enklaste definisjonen av sorg er reaksjon på tap. Ordet sorg blir mest brukt i samband med at nokon døyr, men både pasient og pårørande kan også sørge over tap av funksjonar, sosialt liv og felles aktivitetar. Mens den pårørande skal miste éitt menneske, skal den sjuke miste alle, og denne sorga begynner før tapet. Både før og etter dødsfall sørger menneske svært forskjellig. Nokre gret mykje, andre gret lite eller ikkje i det heile. Nokre etterlatte søker ro og åleinetid, mens andre kjenner behov for aktivitet og sosialt liv. Det finst ingen mal for kva som er riktig sorg. Når eit familiemedlem døyr, er det vanleg å kjenne seg tom og einsam, og det kan vere krevjande å ha overskot til å kome i gong med meiningsfulle aktivitetar, vere sosial, knytte nye kontaktar, og bygge opp eit liv utan den som er død. Det er ikkje uvanleg å "sjå" og "høyre" den som er død. Jobb eller andre aktivitetar kan for mange gi nødvendig kvile frå dei tunge tankane. Å sjå i album, snakke om den avdøde, le og gråte i lag, er måtar ein kan bearbeide tapet på.

Naboar og vener har stor betydning for mange, nokre ved å gi praktisk hjelp, andre ved fellesskap eller samtale om sorgen. Som nabo og ven er det viktig å tøre å ta kontakt, bidra praktisk og spørje korleis det går, men la den sørgjande bestemme kva de skal snakke om. Viss ein etterlatt ikkje opplev betring etter eit halvt til eitt år, kan det vere grunn til å oppsøke fastlegen sin og få tilvising til profesjonell hjelp. Tilbod om sorggrupper finst mange stader og ein kan søke opp informasjon på internett eller ta kontakt med for eksempel Kreftforeningen eller Den Norske Kirke.

Barn og unge i sorg treng trygge vaksne som ser dei, tar vare på dei, snakkar med dei og som prøver å oppretthalde kvardagslivet i størst mogleg grad. Barnehage og skule bør koplast inn slik at barna også får oppfølging der. På same måte som vaksne, bør barn få tilbod om å sjå den døde og delta på eventuell minnestund og gravferd.

Sorggrupper.no

 

 

Kontakt

Førde sentralsjukehus Kreftavdelinga

Kontakt Kreftavdelinga
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.