Lindrande kreftbehandling

Kreftavdelinga

Mange pasientar med livstruande sjukdom har behov for lindrande behandling. Dette kan vere ulike typar medikament, samtalar og praktisk bistand frå ulike helsearbeidarar.

Innleiing

Målet med lindrande behandling (palliasjon eller palliativ behandling) er å gjere livet best mogleg, både for deg og dine pårørande, i alle fasar av ein alvorleg sjukdom. Hovudfokuset er å førebygge og lindre symptom som smerte, kvalme, depresjon, åndelege/eksistensielle utfordringar og andre plager som alvorleg sjuke kan oppleve.

Lindrande behandling skal vere eit tilbod til alle som treng det, uavhengig av diagnose, prognose og bustad. Den enkelte helsearbeidaren kan gi god hjelp, men ofte vil personar med ulik yrkesbakgrunn samarbeide for å gi deg og dine pårørande best mogleg behandling og oppfølging. Eit godt samarbeid mellom helsearbeidarane ved sjukehuset og i kommunen er sentralt.

Pasientar med behov for lindrande behandling kan vere svært forskjellige. I ein tidleg fase kan nokre kan vere fullt arbeidsføre trass i ein sjukdom som ikkje kan kurerast. I ein seinare fase kan ein vere sterkt hjelpetrengande. Ofte er det pasientar med kreft, men også pasientar med alvorleg hjarte- og karsjukdom, kroniske lungesjukdommar og nevrologiske sjukdommar kan ha behov for lindrande behandling.

I dag utgjer kreftpasientar den største delen av dei som får spesialisert lindrande behandling. Moderne kreftbehandling gjer at fleire pasientar lever lenger med sjukdommen. Nesten alle kreftpasientar treng kvalifisert behandling for lindring av smerter og/eller andre plagsame symptom dei siste månadene i livet. I tillegg vil pasientar som lev lenge med ein kreftsjukdom ha behov for lindrande behandling og omsorg i delar av sjukdomsforløpet.

Ofte må vi vurdere kor lenge og kor mykje vi skal behandle ein kreftsjukdom. Ditt ønske og kunnskap om sjukdommen er vesentleg å ta omsyn til. Allmenntilstanden din har stor betydning for kva behandling du bør ha. Nokre gongar må vi starte ein behandling for å sjå korleis den verkar på pasienten og på kreftsjukdommen. Når vi skal planlegge, starte og avslutte kreftbehandlinga er vi avhengig av informasjon frå deg og dine pårørande, i tillegg til du har ein god dialog med legen. Du skal få informasjon om kva som er hensikta med behandlinga du får tilbud om.

Tverrfagleg samarbeid

Mange ulike yrkesgrupper samarbeider for å gi deg og dine pårørande best mogleg behandling og oppfølging.

Legar og sjukepleiarar ved sjukehuset

Legar og sjukepleiarar har ansvaret for den medisinske behandlinga ved sjukehuset.

Fastlegen og sjukepleiarar i kommunen

Fastlegen er ein sentral støttespelar når ein er alvorleg sjuk, og har ansvaret for oppfølginga når du er heime. Både du, pårørande og spesialisthelsetenesta bør halde kontakta med fastlegen gjennom heile sjukdomsforløpet. Du finn informasjon om fastlegeordninga på www.helfo.no

Sjukepleiarane i kommunen står for det meste av pleie og omsorg, både i heimetenesta og på sjukeheim. I lag med fastlegen koordinerer dei også kontakt med anna helsepersonell i kommunehelsetenesta.

Fysioterapeut

Alvorleg sjukdom kan føre med seg ulike utfordringar og plager. Fysioterapeuten kan mellom anna hjelpe med funksjonstrening, symptomlindring, tilrettelegging og meistring av ein endra kvardag.

Ergoterapeut

Viss du har behov for hjelpemiddel i heimen, for eksempel støttehandtak, madrasser eller liknande, kan ergoterapeuten bestille det.

Ernæringsfysiolog

Mat kan vere ei utfordring ved alvorleg sjukdom. Ein ernæringsfysiolog arbeider for at du skal få tilpassa kosthaldet til din situasjon.

Sosionom

Ein sosionom kan hjelpe deg og dine pårørande med dei sosiale konsekvensane av alvorleg sjukdom. Det handlar om å gi informasjon, råd og rettleiing, og bistå med søknadar og anna papirarbeid.

Prest/diakon

Prestar og diakonar som jobbar i helsevesenet har spesialkompetanse. Dei kan tilkallast viss du eller dine pårørande har behov for å snakke med nokon om det å ha ein alvorleg sjukdom. Det er alltid du/pårørande som bestemmer temaet for samtalen. Dette kan for eksempel vere åndelege eller eksistensielle spørsmål rundt sorg og krise, personlege eller familiære problem. Du må ikkje vere religiøs for å kunne ha utbytte av ein samtale med prest eller diakon, då dei har lang erfaring med å snakke med menneske i sorg og krise. Det er også mogleg å bli satt i kontakt med representantar frå andre trus- og livssynssamfunn.

Palliativt team

 

Palliativt team er spesialistar i lindrande behandling som er sett saman av yrkesgruppene som er nemnt over. Teamet kan hjelpe der det er behov, også heime hos deg eller på den lokale sjukeheimen. I lag med kommunehelsetenesta, deg og dine pårørande legg teamet ein plan for vidare behandling og oppfølging. 

 

 


Tilvising og vurdering

Behovet for lindrande behandling vil variere frå pasient til pasient. Alle som arbeider i helsevesenet skal kunne tilby lindrande behandling. Nokre pasientar, som har mange plager samtidig eller svært sterke plager, har likevel behov for å få hjelp i spesialisthelsetenesta.

Når sjukehuset får ei tilvising, blir denne vurdert av lege. Hastegrad blir vurdert i kvart enkelt tilfelle. Din generelle helsetilstand og symptombilde er viktige moment i vurderinga.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Du vil ofte, både ved innlegging og poliklinisk time, bli bedt om å svare på spørsmål om behov, ressursar og eventuelle plager du har. Dette kan gi ei god oversikt over symptoma dine, og vere eit godt utgangspunkt for kommunikasjon mellom deg og helsepersonalet. Første gong, og ofte seinare, er det mange som synest det er ein fordel å ha med ein pårørande til timen eller innlegginga.

Kartlegging av plager

Det er avgjerande at du som pasient angir eigne plager (symptom) når vi skal planlegge og vurdere kva som er god behandling for deg.

Alle pasientar med behov for lindrande behandling bør få opplæring i korleis ein kan bidra til å kartlegge eigne symptom. Som regel kan ein bruke eit spørreskjema som hjelpemiddel. Kva symptom ein har og i kva grad, varierer veldig utifrå sjukdommen, kva fase ein er i og frå pasient til pasient. Grundig kartlegging både før og etter at behandlinga startar, og gjentatte gongar undervegs er derfor viktig.

2. Under

Første gong du kjem til ein poliklinikk eller sengepost, får du samtale både med sjukepleiar og lege, og legen undersøker deg.

Vidare utgreiing og behandling er avhengig av problemstillingane og plagene du har. Plager og symptom som kan oppstå og trenge betre lindring, er for eksempel smerte, kvalme, ernæringsvanskar, forstopping, tung pust og depresjon. Mange ulike faggrupper samarbeider om å gi deg best mogleg behandling. Dine pårørande får også tilbod om samtale.

Medisinar kan ofte dempe symptoma. For kreftpasientar kan det også vere aktuelt med cellegift. I enkelte tilfelle kan kirurgiske inngrep vere aktuelt.

Nokre pasientar har behov for ekstra oppfølging og behandling. Denne behandlinga kan bli gitt som dagbehandling på poliklinikk. Dagbehandlinga kan foregå på einerom med både seng og stol for pasienten. Vi vurderer også om det er behov for innlegging på sjukehus. 

3. Etter

Sjukehuset samarbeider tett med kommunehelsetenesta. Før du reiser tar vi kontakt med kommunen dersom vi ser det er nødvendig. Ofte blir det laga ein behandlingsplan. Viktig informasjon om kontaktpersonar, telefonnummer og medikament du skal ta, skal vere oppdatert. Nokre gongar kan Individuell plan vere til god hjelp. Denne inneheld kontaktinformasjon, i tillegg til oversikt over dine eigne og pårørande sine ønske og behov.

Kontrollar

Kontrollar ved sjukehuset og hos fastlegen blir avtalt etter behov. Sjølv om du har faste kontrollar ved sjukehuset, er det viktig å fortsatt ha avtalar med fastlegen slik at de har jamleg kontakt.

Dersom du er svært svekka, og det er vanskeleg å kome til fastlegen når du er heime, kan fastlegen kome til deg. Etter avtale med fastlegen, kan også sjukepleiar og lege frå sjukehuset kome til deg. Dette blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.  

Heimetid

Mange pasientar ønsker å vere mest mogleg heime. For å få det til er det viktig med eit godt samarbeid mellom sjukehus, kommunehelsetenesta, pårørande og pasienten sjølv. Svært mange helsearbeidarar har god kunnskap om og god erfaring frå å ha omsorg for alvorleg sjuke pasientar som bur i eigen heim.

Når døden nærmar seg

Når døden nærmar seg hos ein person som er alvorleg sjuk, oppstår det ofte usikkerheit og spørsmål hos pårørande. Helsepersonell kan vere ei god støtte i denne fasen. Forløpet ved dødsfall er forskjellig frå person til person. Likevel er det nokre teikn som kan tyde på at døden nærmar seg:

  • Redusert behov for mat og drikke
  • Forandringar i pusten
  • Endra bevisstheit og sosial tilbaketrekking frå livet
  • Sengeliggande med auka søvnbehov
  • Døsigheit

Også i livets siste fase kan ein oppnå god lindrande behandling hos dei aller fleste, både på sjukehus, på sjukeheim og i eigen heim.

Heimedød

Mange pasientar ønsker å dø i eiga kommune, og mange i eigen heim. Det er viktig at eit slikt ønske blir formidla til pårørande og til helsepersonell. I svært mange tilfelle er det mogleg å få til. Eit nært samarbeid med pasienten og pårørande blir ekstra viktig i denne fasen.  

Sorg

Den enklaste definisjonen av sorg er reaksjon på tap. Ordet sorg blir mest brukt i samband med at nokon døyr, men både pasient og pårørande kan også sørge over tap av funksjonar, sosialt liv og felles aktivitetar. Mens den pårørande skal miste éitt menneske, skal den sjuke miste alle, og denne sorga begynner før tapet. Både før og etter dødsfall sørger menneske svært forskjellig. Nokre gret mykje, andre gret lite eller ikkje i det heile. Nokre etterlatte søker ro og åleinetid, mens andre kjenner behov for aktivitet og sosialt liv. Det finst ingen mal for kva som er riktig sorg. Når eit familiemedlem døyr, er det vanleg å kjenne seg tom og einsam, og det kan vere krevjande å ha overskot til å kome i gong med meiningsfulle aktivitetar, vere sosial, knytte nye kontaktar, og bygge opp eit liv utan den som er død. Det er ikkje uvanleg å "sjå" og "høyre" den som er død. Jobb eller andre aktivitetar kan for mange gi nødvendig kvile frå dei tunge tankane. Å sjå i album, snakke om den avdøde, le og gråte i lag, er måtar ein kan bearbeide tapet på.

Naboar og vener har stor betydning for mange, nokre ved å gi praktisk hjelp, andre ved fellesskap eller samtale om sorgen. Som nabo og ven er det viktig å tøre å ta kontakt, bidra praktisk og spørje korleis det går, men la den sørgjande bestemme kva de skal snakke om. Viss ein etterlatt ikkje opplev betring etter eit halvt til eitt år, kan det vere grunn til å oppsøke fastlegen sin og få tilvising til profesjonell hjelp. Tilbod om sorggrupper finst mange stader og ein kan søke opp informasjon på internett eller ta kontakt med for eksempel Kreftforeningen eller Den Norske Kirke.

Barn og unge i sorg treng trygge vaksne som ser dei, tar vare på dei, snakkar med dei og som prøver å oppretthalde kvardagslivet i størst mogleg grad. Barnehage og skule bør koplast inn slik at barna også får oppfølging der. På same måte som vaksne, bør barn få tilbod om å sjå den døde og delta på eventuell minnestund og gravferd. Kreftforeningen kan også bistå med informasjon om eventuelle sorggrupper for barn og unge.

 

 

Kontakt

Kreftavdelinga
Telefon
57 83 96 65 (poliklinikk) - 57 83 93 12 (sengeposten) - 41 53 05 80 (palliativt team)
E-post
Postadresse
Helse Førde, Kreftavdeling, postboks 1000, 6807 Førde.
Førde sentralsjukehus
Besøksadresse
Svanehaugvegen 2(Google maps)
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Telefon
57839000
E-post

Transport til Førde sentralsjukehus

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til Kringom.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Apotek

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

Bank

​Du finn banktenester i 1. etasje.

Sparebanken Sogn og Fjordane har terminal for kontantuttak og terminal for å nytte nettbank.

Blomar

​Du finn eige utsal av blomar. Det er Astri Blomster som sel blomar til pasientar og pårørande, og elles til besøkjande ved sjukehuset.

NB:
Det er ikkje høve til å ta med potteplantar, avskorne blomar og tørka blomar i postoperative overvakingseiningar, intensivavdelingar og fødestover.

Eigendel på sjukehus og poliklinikk

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Kiosk

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Mattilbod i Helse Førde

​Alle dei tre sjukehusa i Helse Førde har kantiner som tilsette, pasientar og pårørande kan nytte. 

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. I Førde finn du også ein pasientkafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid fram til klokka 19.00 frå måndag til fredag. I denne kafèen kan du no også kjøpe varm mat.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle dagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og beburar.

Mobiltelefon

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Parkering FSS

​Det er sett av 99 parkeringsplassar som er eksklusive for pasientar og pårørande (sjå raudt område på kartet). All parkering ved alle Helse Førde sine institusjonar er gratis, men det blir gitt parkeringsbot ved feilparkering. Ein må følge skiltinga rundt Førde sentralsjukehus.

trafikkplan_fss_900_ny2.jpg

På to parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus er det automat for parkeringsbillett. Eller pasientar kan nytte parkeringsbeviset som er tilsendt ved innkalling.

Pårørande kan nytte automaten til å ta kontakt med resepsjonen inne på sjukehuset. Pårørande må då gi beskjed om kven de skal besøke på sjukehuset for så å få ein billett frå automaten.

Blodgjevarar har eigne parkeringsplassar og må nytte eige parkeringsbevis som blodgjevarar får.

Pasienthotell

​I 7. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthote.

Pasienthotellet har 21 senger. Dei er fordelt på sju enkle rom og sju doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

Trådlaust nett - internett

​​Alle somatiske sengepostar i Helse Førde har trådlaust gjestenettverk. Dette er gratis for pasientar, pårørande og besøkande.

​Du kan ta med bærbar PC, mobiltelefon og nettbrett og nytte vårt gjestenett uten kostnad.

Passord på SMS

Du som ønskjer å nytte internett blir beden om å legge inn mobilnummeret ditt. Du treng ikkje gje opp andre opplysningar enn det. Brukarnamn og passord får du tilsendt som ei tekstmelding.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar før du treng å be om nytt passord på innloggingssida.

Årsaka til innlogging er krav til tryggleik i sjukehusnettverket og er same type løysing som du finn på flyplassar og hotell.

Ta kontakt med resepsjonen eller avdelinga for meir informasjon.

Visittider Førde sentralsjukehus

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller annan nær omsorgsperson samt søsken til barnet kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​