Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling, KNE- OG HOFTEPROTESER

Leddproteseoperasjon

Kvart år blir det operert om lag 9 200 hofteprotesar og om lag 5 400 kneprotesar i Noreg. Antal hofteopererte har hatt ei gradvis auke dei siste åra, og kneproteseoperasjonane har auka ytterlegare. Slitasjegikt eller artrose er den hyppigaste årsaka til ein proteseoperasjon.

Færre enn ti prosent av pasientane som har fått sett inn leddprotese, må skifte protesen i løpet av dei første ti åra. Omtrent 90 prosent av pasientane opplever fullstendig eller betydeleg betring av leddsmertene. Pasientar som får sett inn kneprotese, må rekne med noko redusert bevegelegheit. Dei aller fleste kan ta opp att eit normalt fysisk aktivitetsnivå. 

Tilvising og vurdering

Pasientar med leddsmerter oppsøker i første omgang fastlege. Fastlegen undersøker det smertefulle leddet. Ved mistanke om artrose blir det bestilt røntgen av leddet. Dersom røntgenbildet viser tydelege forandringar i leddet, blir pasienten tilvist til ortopedisk poliklinikk. 

Leddproteser nye stolav.no.jpg


Før

Når det er klart at du må bli operert, vil du bli kalla inn til ein førebuande dag på poliklinikken. Her vil du få snakka med anestesilege som forklarer deg om bedøvinga og smertestillande som blir brukt under operasjonen. Ortopeden vil forklare deg litt om dei ulike typane protesar og kva protesetype som vanlegvis vil bli brukt til deg. 
Operasjonsdagen 
Du møter fastande om morgonen på operasjonsdagen. Anestesilegen har på forhånd forklart deg kva faste medisinar du skal ta heime. Her vil du bli tatt imot av sjukepleiar som viser deg tildelt rom. Du vil få beskjed om å ta på reint sjukehustøy og legge deg i rein seng. Det vil bli tatt ei blodprøve, og du vil få utdelt smertestillande medisinar. Operasjonsstaden vil bli inspisert av sjukepleiar. Du har merkt av operasjonsstaden sjølv heime. Du vil bli køyrt ned til operasjonsavdelinga når vi har fått beskjed om dette. Dette skjer som regel til fastsette tidspunkt. 
 

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om. 

Under

På operasjonsavdelinga blir du tatt imot av ein operasjonssjukepleiar og ein anestesisjukepleiar, og du blir flytt over til ei operasjonsseng. Anestesilegen kjem og gir deg bedøving. Den vanlegaste bedøvinga ved leddprotesar er ryggbedøving. Når du har fått bedøving, vil du vere vaken under operasjonen, men du vil få medisin som gjer at du slappar godt av, om du har behov for dette. 

Der ryggbedøving ikkje kan bli brukt, kan det vere aktuelt å gi narkose. 

Etter

Etter operasjonen blir du køyrt til overvakingsavdelinga der du blir i om lag to–fire timar. Her blir blærekateteret som blei lagt inn på førebuingsrommet, fjerna, og du får hjelp til å stå ved senga med preikestol. Når dette er gjort, blir du køyrt tilbake til sengeposten der vi hjelper deg vidare. 

Etter operasjonen må du ta blodfortynnande medisin. Dette er for å redusere risikoen for å utvikle blodpropp i foten. Medisinen blir gitt som ei sprøyte i mageskinnet. Sprøyta skal du ta i 14 dagar etter operasjonen. Du vil få opplæring i å sette denne før du drar heim. Vi vil også ta blodprøver dagen etter operasjonen, for å følge med på blodprosenten din. Vidare vil du få hjelp til å komme deg opp av senga og opp å gå. 

Under opphaldet får du rettleiing av fysioterapeut om eigentrening. Vi forventar at du er aktiv i opptreninga. Då sjukehusinnlegginga er relativt kort, vil det vere store forventingar til deg. Du vil vere innlagt på sjukehuset i ein–tre dagar, men du blir skrive ut tidlegare dersom du er i stand til det. 

Hofteprotesepasientar vil bli kalla inn til kontroll på poliklinikken tre månader og eitt år etter operasjonen, mens dei som er kneproteseopererte, vil bli kalla inn etter åtte veker og eitt år etter operasjonen. Det vil då bli ei samtale med fysioterapeut. I nokre tilfelle vil operatøren også at du skal inn til kontroll. Du vil få med kontrolltime når du reiser heim. 

 


Ver merksam

Dei vanlegaste komplikasjonane er infeksjon i protesen, at hofteprotesen går ut av ledd, eller at det oppstår blodpropp. Ein kan også få ulik beinlengde, muskelsvinn og nerveskade. Dette kan medføre halting etter operasjonen. Nerveskade og brot i knokkel kan også oppstå. 

Kontakt

Førde sentralsjukehus Ortopedisk avdeling

Kontakt Ortopedisk avdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.