Diagnose

Leddgikt

Leddgikt eller revmatoid artritt er ein kronisk leddsjukdom prega av hovne ledd, leddsmerter og stivheit. Kroppen sitt immunforsvar går til angrep på eigne celler og vev og lagar betennelse (inflammasjon) i leddhinnene.

Revmatoid artritt (leddgikt) gjør leddene stive, smertefulle og hovne. Behandling kan ikke kurere leddgikten, men kan virke symptomlindrende og beskytte leddene mot skade.

Det finnes mange forskjellige typer leddgikt. Denne teksten handler spesifikt om én type leddgikt som kalles revmatoid artritt.

Ved revmatoid artritt blir leddene smertefulle og hovne. Det skjer fordi immunforsvaret, som vanligvis tar seg av mikrober og virus, feilreagerer og angriper kroppens egne celler inne i leddene. Ubehandlet kan leddbetennelsen gradvis skade leddet.

Les meir på helsenorge.no

Revmatoid artritt kan arte seg svært forskjellig frå person til person. Nokon opplev milde symptom, medan andre har meir alvorleg sjukdomsforløp. Utan behandling kan sjukdommen føre til leddskade og nedsett funksjon. Påverknad av indre organ er sjeldan, men leddgikt kan gi auka risiko for å utvikle beinskjørheit (osteoporose) og hjarte-karsjukdom. Det er ikkje uvanleg å oppleve generell trøttheit eller utmatting.

I Noreg har ca. 0,5 % av befolkninga revmatoid artritt. Sjukdommen er tre-fire gongar hyppigare hos kvinner. Den kan starte i alle aldrar, men oppstår oftast hos personar over 50 år.

Symptoma kan òg kome og gå. Hos nokon svært få blir sjukdommen borte utan behandling. Andre opplev berre milde symptom, men dei fleste får likevel meir plager etterkvart dersom behandling ikkje blir sett i gang. Det finst i dag effektive medisinar som dempar betennelsen og lindrar plagene.

Dersom det er mistanke om at du har revmatoid artritt vil du bli tilvist til spesialist for utgreiing, og eventuelt behandling og oppfølging.

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen som tilviser til utgreiing hos spesialist. På bakgrunn av opplysningane frå fastlegen vil du få innkalling til time. Dersom det er sterk mistanke om revmatoid artritt skal ventetida for utgreiing ikkje overskride fire veker.

Når symptoma er leddsmerter med spørsmål om revmatoid artritt ber vi om:                    

Anamnese

  • Varigheit av leddsmerter
  • Morgenstivhet, tilstivning i kvile, bevegelseslindring?
  • Eventuelt effekt av NSAIDs?

Funn ved undersøking 

  • Hevelse i ledd? 

Blodprøvar

  • CRP, SR
  • RF, anti-CCP, ANA

Utgreiing

Revmatologen vil snakke med deg og undersøke ledda dine. Skildringa di av plagene gir viktig informasjon til legen. Blodprøvar kan vise om betennelsesmarkørar (SR og CRP) er forhøga, og om det er førekomst av leddgiktsmarkørar (RF og anti-CCP). Dei fleste revmatologar brukar ultralyd som ein viktig del av undersøkinga. Andre bildeundersøkingar som røntgen og MR kan brukast for å kartlegge omfanget av leddbetennelse og moglege leddskadar.

Diagnosen blir basert på førekomst av leddbetennelsar av ei viss utbreiing og varigheit, saman med undersøkingar og opplysningane dine. Enkelte gongar kan diagnosen stillast ved første time, medan det andre gongar vil vere nødvendig med fleire undersøkingar og vidare oppfølging før ein kan sette ei sikker diagnose.

Behandling

Dersom du har revmatoid artritt er det aktuelt med vidare behandling. Behandlinga blir starta når diagnosen er stilt. Seinare kjem du til regelmessige kontrollar for å vurdere effekten. Ofte er det nødvendig å ta blodprøvar hos fastlegen mellom kontrollane på sjukehuset. Du og fastlegen får informasjon om dette. Når det er pågåande betennelse i ledda er det viktig å kome raskt i gong med behandlinga.

 

Behandlinga kan delast inn i symptomlindrande medikamentell behandling og sjukdomsreduserande antirevmatiske legemiddel (DMARD). Symptomlindrande behandling kan vere smertestillande (Paracet) og betennelsesdempande medisinar (NSAIDs som f.eks Naproxen og Ibux).


Dei sjukdomsreduserande medisinane dempar overaktiviteten i immunsystemet for å hindre utvikling av leddskade. Ofte er kortison (Prednisolon) aktuelt i starten for å få rask effekt, anten i tablettform eller som injeksjon i ledd. Det mest aktuelle sjukdomsreduserande legemiddelet er Methotrexate (eventuelt Salazopyrin og Leflunomid (Arava)). Det tar ofte 2-3 månader før desse medikamenta har effekt. Kortison er viktig for å dempe betennelsen i ledda i denne tida før DMARDs har effekt.


Dersom DMARD ikkje har tilstrekkeleg effekt åleine eller i kombinasjon, kan det bli aktuelt med biologiske legemiddel. Dette er medisinar som er framstilt for å verke på spesifikke delar av betennelsesprosessen. Dei biologiske medikamenta har best effekt når dei blir kombinerte med Methotrexate. Dei biologiske legemidla blir gitt som intravenøs infusjon eller blir sett rett under huda via ein sprøyte eller penn.


Behandling av revmatoid artritt går over mange år. Målet er at det ikkje skal vere teikn til betennelse i ledda. Du kjem til regelmessige kontrollar på sjukehuset og mellom desse behandlingane tar du kontrollprøvar hos fastlegen.

Oppfølging

Effekten av behandlinga blir følgd opp ved regelmessige kontrollar i spesialavdeling. I starten er det relativt hyppige kontrollar. Når behandlinga fungerer blir kontrollane i spesialavdeling sjeldnare. Det er viktig at du følger opp kontroll av blodprøvar hos fastlegen slik du får beskjed om, for å sjekke at behandlinga ikkje har utilsikta biverknader.

Sjukdomsreduserande medisinar og biologiske legemiddel dempar immunsystemet noko. Det er viktig dersom du har infeksjonssjukdom eller skal opererast at du oppgir at du bruker slik medisin.