Etter operasjonen vil du ligge på overvakingsavdelinga til narkosen er gått ut. Vanlegvis reiser du heim same dag, men i blant kan det bli nødvendig å ligge på avdelinga 1-2 dagar.
Før heimreise vil du vanlegvis få beskjed om kva som blei funne og gjort under operasjonen. Av omsyn til eventuell seinare kontakt med sjukehuset, er det også greit om du noterer deg namnet på legen som utførte inngrepet.
Det er ønskeleg at du ikkje er aleine det første døgnet etter operasjonen.
Mat og drikke
Etter operasjonen kan du som regel drikke og ete forsiktig, avhengig av om du føler deg kvalm. Unngå alkohol.
Bilkøyring
Det første døgnet skal du ikkje køyre bil.
Oppblåst mage og vonde skuldrer
Dei første dagane etter operasjonen kan du føle deg oppblåst i magen og eventuelt ha vondt i skuldrene. Dette er irritasjon frå gassen i bukhola, og kan som oftast lindrast med reseptfrie, smertestillande tablettar.
Aktivitet
Kor raskt du kan starte med fysisk trening etter operasjonen, kjem an på type inngrep. Vanlegvis kan du starte opp med trening igjen etter 2-14 dagar. Samleie kan du forsøke 2-7 dagar etter inngrepet. Dersom du har fjerna livmora inkludert livmorhalsen bør du vente med samleie i 10-12 veker.
Sjukemelding
Eigenmelding på inntil 3 dagar er som oftast nok. Ved behov, vil du ved heimreise få sjukemelding (meir enn 7-10 dagar er sjeldan nødvendig).
Såra
Såra på magen er sydd med sjølvoppløyseleg tråd og dekka med hudplaster. Du kan dusje, men det er viktig å halde plasteret tørt. Når såra er tørre, kan plasteret fjernast heilt, vanlegvis etter 2-5 dagar. Ein synleg knute på tråden som klør kan du klippe bort. Dersom såret / såra væskar, reins med vatn eller vanleg reinsevæske.
Open kirurgi
Dersom det oppstår vanskar med å gjennomføre operasjonen laparoskopisk må ein utføre open kirurgi (buksnitt).
Dersom det ved inngrepet er sendt materiale til mikroskopisk undersøking, vil svaret vere klart etter 2-4 veker. Du blir kontakta av sjukehuset direkte dersom prøvesvara tilseier vidare undersøking eller behandling.