Behandling
Kognitiv adferdsterapi ved langvarig smerte
I psykologisk behandling ved langvarige smerter lærer du strategiar for å påverke i kva grad smertene plager deg mentalt og avgrensar kvardagen. Det inneber også strategiar for å styrke meistring i kverdagen.Tilvising og vurdering
For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta trenger du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som tilviser til utgreiing og behandling, men anna helsepersonell kan også tilvise. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiar vil me vurdere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.
Før
For å kunne gje eit godt behandlingstilbod er det viktig å gjere ein utgreiing av dei problem og plager du søkjer hjelp for. Utgreiinga skjer i form av samtale og bruk av ulike kartleggingsverktøy. Dine tankar og meiningar om kva tiltak som passar best for det, skal leggast stor vekt på. Behandlaren din skal lytte til det du har å seie, og dine oppfatningar skal bli tatt på alvor.
Behandling av langvarig smerte er basert på ein tverrfagleg utgreiing av smertene dine, det vil seie at fleire fagpersonar for eksempel lege, fysioterapeut, sjukepleiar eller psykolog gjer ei vurdering.
Utgreiinga skal gje ei beskriving av smertene dine, kva slags smerter det er og kva smertemekanismar og oppretthaldande faktorar som er inne i biletet. Det skal også gje deg og din behandlar eit felles utgangspunkt for vidare samarbeid og plan for behandling.
Sentrale område i utgreiinga
- Smertenes lokalisasjon, karakter, intensitet, og varigheit
- Fysiske helseproblem
- Grad av fysisk aktivitet
- Begrensingar som smertene gjer for ulike bevegelsar, aktivitetar og gjeremål i kvardagen
- Søvnproblem og vedvarende utmatting
- Kjenslemessige problem og plager med angst og depresjon
- Tankar om smertene og om årsaka til dei
- Noværande livssituasjon, familie, studiar og arbeid
- Tidlegare stressbelastingar
- Tidlegare utgreiing og behandling
- Bruk av medikament
- Bruk av rusmiddel
- Personlege ressursar og moglegheit for støtte frå andre
- Om du har barn og om dei har spesielle behov no som bør takast vare på
Under
Behandling bygga på ei tverrfagleg forståing av langvarige smerter har vist seg å ha god effekt. Behandlinga kan redusere smerteopplevinga, styrke trua på eigen meistring og redusere psykiske plagar. Målet er både å få auka funksjon og betre livskvalitet i kvardagen. Behandlinga vert skreddarsydd til kvar enkelt, men ofte inngår ulike formar for fysisk trening og avspenning, samt tiltak for å redusere stressbelastingar.
Gjennom metodar frå kognitiv åtferdsterapi lærer du meistingstrategiar for å påverke i kva grad smertene plager deg mentalt, avgrensar kvardagen og kor stor plass dei tar i livet ditt. Det inneber også kloke handlingsstrategiar for å styrke meistring i kvardagen, for eksempel ulike jobbretta tiltak.
Ein god relasjon til behandlaren din er viktig for å få eit godt utbytte. Du skal få informasjon om langvarige smertar og om kva som påverkar smerteoppleving, og korleis behandlinga er tenkt å hjelpe. Du skal føle deg godt informert og involvert i heile behandlingsforløpet. Dine pårørande kan gjerne involverast, for å få informasjon og for å være ein ressurs i behandlinga.
Etter
Etter at du har avslutta behandlinga hjå oss i spesialisthelsetenesta kan du ha utbytte av oppfølging frå fastlegen din og anna helsepersonell i primærhelsetenesta. Oppfølginga varierer ut frå ditt behov og kva behandlingstilbod som finst i din kommune.