Du vil ha ein elastisk bandasje frå lår og ned til fot, for å dempe hevelse. Detter fjernar du som regel om kvelden på operasjonsdagen, men det kan nyttast lenger om du ønskjer det. Du skal nytte krykker for å avlasta kneet etter operasjonen. Det er tilrådd å sitje med kneet høgt for å motverke press og hevelse. Legen vil gje deg informasjon om forløpet med tanke på opptrening og fysikalsk behandling.
Eit nyoperert kne vil gjere vondt. Det er tilrådd å ta den smertestillande medisinen du får utlevert. Det kan vere smerte og hevelse i kneet opp til 4-6 veker etter operasjonen. Stinga fjernar du hos fastlege 14 dagar etter operasjonen, med mindre anna er avtalt. Du vert vanlegvis kalla inn til kontroll på ortopedisk poliklinikk etter 2 veker. Eventuell sjukemelding varierer utifrå yrke, og blir vanlegvis følgt opp av fastlege. Bilkøyring bør du vente med til du ikkje lenger er avhengig av krykker og foten føles sterkt nok. Du skal ikkje køyre bil så lenge du brukar smertestillande med raud varseltrekant.