I all behandling er det viktig at du og behandlar blir einige om mål for behandlinga. Ein god relasjon til behandlaren er viktig for å få god hjelp.
I Interpersonleg terapi er fokuset i behandlingen på viktige personar i livet ditt, og korleis mellommenneskelege hendingar har påverka- og påverker depresjonen. Tap og rolleoverganger i livet kan føre til at ein reagerer med å bli deprimert, og i denne terapiforma blir fokuset på korleis du kan forholde deg til desse endringane, og innverknadane dei har på kontakten og relasjon til andre menneske. Her legg vi mellom anna vekt på at sosial støtte kan vere beskyttande mot depresjon. Behandling vil i hovudsak vere retta mot interpersonlege problemområde. Psykoedukasjon er også eit viktig element i behandlinga. Det er ei form for terapi som baserer seg på å lære pasientane mest mogleg om sin eigen sjukdom.