Igangsetting av fødsel

Kvinneklinikken

Igangsetting av fødselen (induksjon) blir alltid gjort på bakgrunn av ei grundig vurdering, og blir berre gjort når dette blir vurdert som den beste behandlinga for mor og / eller barn.

Innleiing

Utgangspunktet for all fødselshjelp er å fremje ein naturleg fødsel. At fødselen startar spontant mellom svangerskapsveke 37 og 42 hos ei frisk mor etter eit ukomplisert svangerskap, er det beste for mor og barn. Men det er ikkje slik for alle. Det kan vere faktorar både hos mor, barnet eller hos begge som gjer at det beste er å framskunde fødselen.

Kor lang tid tar det?

Når vi set i gang fødselen, ønsker vi å framskunde fødselen før kroppen sjølv er klar for dette. Å få fødselen i gang kan derfor ta fleire dagar for nokon kvinner, mens for andre kan det ta berre nokre timar.

Om din fødsel blir sett i gang, bør du innstille deg på at det kan ta tid før fødselsriene startar og du føder.

Det er aldri mogleg å seie nøyaktig kor lang tid ein fødsel vil ta. Når i svangerskapet fødselen blir sett i gang, om du har rier eller fostervatnet har begynt å renne og om du har fødd før, er alle faktorar som kan påverke kor lang tid fødselen tar. Korleis kroppen din responderer på den igangsettingsmetoden som blir brukt, veit vi ikkje før behandlinga er starta.


 

Tilvising og vurdering

Du må alltid ha tilvising frå fastlege eller jordmor i primærhelsetenesta for å bli vurdert ved fødeavdelinga om fødselen bør settast i gang. Ved akutte situasjonar kan du kontakte fødeavdelinga direkte, om mogleg - ring alltid til fødeavdelinga før du drar.

Eit svangerskap blir definert som overtidig frå og med dag 294 (fullførte 42 veker). Helsedirektoratet anbefaler terminkontroll hos spesialist i fødselshjelp når svangerskapet har nådd 41 veker. Du vil få time til terminkontroll av jordmora eller legen som følger deg i svangerskapet.

Om det oppstår sjukdom eller komplikasjonar i svangerskapet, vil du bli tilvist til spesialisthelsetenesta. Fødselen kan bli sett i gang dersom undersøkingane viser at det er den beste behandlinga for mor og / eller barnet.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Terminkontroll (veke 41-kontroll)

Alle gravide får tilbod om terminkontroll på fødeavdelinga der dei skal føde, når dei er 7-9 dagar over termindato fastsett ved ultralyd. Svangerskapet er då ikkje på overtid.

Overtid i svangerskapet er når svangerskapet varer meir enn 42 veker (>294 dagar), eller 11 dagar over termindato fastsett ved ultralyd.

Terminkontrollen kan avtalast til første verkedag som er praktisk gjennomførbar for kvinna og sjukehuset.

Kva skjer under terminkontrollen?

Terminkontrollen er ein utvida svangerskapskontroll. Hugs å ta med deg «Helsekort for gravide» og andre papir du har fått av jordmor / lege til kontrollar. Dette er viktig for at vi skal få ei oversikt over korleis svangerskapet har vore. Dei undersøkingane vi gjer på kontrollen, blir ført på helsekortet.

Ta med deg urinprøve som til ein vanleg svangerskapskontroll. Dei vanlege undersøkingane som blir gjort på ein svangerskapskontroll inngår i undersøkinga. I tillegg gjer vi følgande undersøkingar:

  • CTG-registrering der ein registrerer hjartelyd og aktivitet hos barnet ditt. Registreringa tar om lag ein halv time.
  • Ultralydundersøking for å vurdere mengda av fostervatn, sjå på fosterbevegelsar og fosterets storleik.
  • Vaginalundersøking kan vere aktuelt å gjere.

Dei aller fleste drar heim etter den første terminkontrollen med ny avtale / time til andre terminkontroll - overtidskontroll. For dei fleste vil fødselen starte av seg sjølv før overtidskontrollen.

Overtidskontroll (> 42 veker)

Om du ikkje føder innan svangerskapsveke 42, vil jordmor / lege som følger deg i svangerskapet informere deg om når og kor du skal til overtidsvurdering.

Kva skjer på overtidskontrollen?

På overtidskontrollen blir det gjort ein utvida svangerskapskontroll, der jordmor / lege oftast også vil gjere ei gynekologisk undersøking. Det blir òg gjort ei ultralydundersøking for å kontrollere barnet.

Ut frå dei undersøkingane som blir gjort, ein samtale med deg og ei vurdering av din og barnets tilstand - blir det lagt ein plan for vidare behandling og oppfølging. Om det blir bestemt at fødselen skal settast i gang, vil legen bestemme kva for ein igangsettingsmetode som er best for deg og barnet ditt.

2. Under

Ulike metodar for å sette i gang fødsel

Det er ulike metodar som kan brukast for å framskunde ein fødsel. Kva metode som blir valt, blir avgjort etter ei individuell vurdering.

Under graviditeten er livmorhalsen fast og fleire centimeter lang. Etter kvart som du nærmar deg fødselen, vil livmorhalsen bli mjukare og kortare, og begynner å opne seg.

Umoden livmorhals/mormunn. Illustrasjon 

Illustrasjonen viser ein umoden livmorhals / mormunn. Mormunnen har ikkje begynt å opne seg og vevet er tjukt, langt og umode, slik det som oftast er før fødselen startar.

Moden livmorhals/mormunn. Illustrasjon 

Illustrasjonen viser ein moden livmorhals / mormunn der barnets hovud står og pressar mot livmorhalsen som er flata ut og har begynt å opne seg.

For å avgjere korleis vi best kan få sett i gang fødselen, må lege eller jordmor gjere ei gynekologisk undersøking. Dei vil kjenne etter om modningsprosessen har starta.

Først etter undersøkinga kan det vurderast kva for ein metode som er best å bruke for å sette i gang fødselen. Er livmorhalsen umoden, blir første steg i behandlinga oftast å sette i verk tiltak for å fremje modning av livmorhalsen. Om livmorhalsen er moden, vel ein tiltak for å få i gang rier. 

Modning av livmorhalsen ved hjelp av kateter (Foley-kateter)

Foley-kateter er ein mjuk gummislange som vanlegvis blir brukt til å tappe urin frå urinblæra (kateterisering). 

Kva skjer under behandlinga?

Kateteret blir ført inn i livmora via skjeden og gjennom livmorhalsen. 

Når kateteret er på plass, blir ballongen i enden av kateteret fylt med sterilt saltvatn. Ein del av kateteret / gummislangen blir hengande ut av skjeden din. Denne blir festa til låret ditt med tape, og er ikkje til hinder for vanleg aktivitet som bevegelse og toalettbesøk. Det er vanleg at det kjem utflod blanda med litt friskt blod frå skjeden etter at kateteret er sett på plass.

Kateter med sterilt saltvann i livmorhalsen. Illustrasjon. 

Korleis verkar kateteret?

Ballongen har to funksjonar; å halde kateteret på plass og modne livmorhalsen for fødsel. Irritasjon og trykk frå ballongen mot livmorhalsen fører til at hormonet prostaglandin blir frigjort. Prostaglandin er med på å modne livmorhalsen.

Kor lenge varer behandlinga?

Du kan reise heim etter at kateret er sett på plass. Om det er tilstandar hos deg eller barnet som treng ekstra overvaking, vil innlegging på sjukehus bli vurdert.

Kateteret blir liggande i ca. 18 til 24 timar, om det ikkje fell ut av seg sjølv. Kort tid etter at kateteret er sett inn, kan du oppleve å få ein del samantrekningar i livmora. Desse samantrekningane varierer i intensitet og styrke, og kan vere smertefulle. Dei kan vare i fleire timar. Hos nokon vil desse utløyse fødselsrier og fødsel.

Før du drar frå sjukehuset vil du få informasjon om korleis du skal forhalde deg om kateteret fell ut heime, og når og kor du skal kome tilbake for vidare behandling. Oppstår det endringar hos deg eller barnet etter du har reist frå sjukehuset, må du ta kontakt med avdelinga.

Modning av livmorhalsen ved bruk av hormon

Målet med denne behandlinga er å modne livmorhalsen og stimulere til samantrekningar og rieaktivitet. Hormonet prostaglandin blir framstilt syntetisk, og blir brukt for å oppnå denne effekten. Prostaglandin blir brukt i form av ei stikkpille som blir lagt inn i skjeden eller det kan bli gitt som ein tablett.

Kva skjer under behandlinga?

Ved denne behandlinga er du innlagt på sjukehus. Før behandlinga startar vil lege / jordmor gjere ei vaginal undersøking for å vurdere livmorhalsens lengde, posisjon, kor mjuk han er og om han har begynt å opne seg, og kor i bekkenet barnet er (kalla Bishops score).

Det vil bli tatt ei CTG-registrering av barnet både før og under behandlinga. CTG (carditokografi) er ei elektronisk overvaking av barnets hjarteslag og aktivitet, i tillegg til mors rieaktivitet. Det blir alltid tatt ny CTG-registrering før kvar nye stikkpille som blir lagt inn. Legen vil også vurdere om ultralydundersøking av barnet skal gjerast før behandlinga startar.

CTG-overvaking av barn i mors mage. Foto
Foto: Haukeland universitetssjukehus


Før stikkpilla blir lagt inn i skjeden blir du anbefalt å tømme blæra. Når stikkpilla er sett på plass, må du ligge i senga ei stund for å unngå at ho fell ut.

Kor lenge varer behandlinga?

Kvar 4.-6. time blir effekten av behandlinga vurdert, altså ein vurderer om det har hatt nokon effekt på livmorhalsen. Om du får rier /samantrekningar, vil styrke og hyppigheita på riene vurderast fortløpande.

Ny stikkpille blir lagt inn kvar 4.-6 time inntil modning av livmorhalsen er oppnådd, eller du får rier. Kor mange stikkpiller som må til for å oppnå modning av livmorhalsen, varierer frå kvinne til kvinne. Jordmor / lege vil fortløpande vurdere effekt av behandlinga og tilstanden til deg og barnet, og ut frå dette planlegge vidare behandling, oppfølging - og sette i verk tiltak.

Nokon kvinner får hyppige, plagsame kynnarar / samantrekningar av livmora i forbindelse med denne behandlinga, utan at fødselsriene kjem i gang. Om ikkje desse samantrekningane fører til opning av livmorhalsen, så har samantrekningane likevel ein viktig funksjon for modninga av livmorhalsen.

Drypp for å stimulere til rier / rieaktivitet

Når livmorhalsen er moden og klar for å begynne å opne seg, blir ofte oxyticindrypp valt som metode for å sette i gang fødselen.

Kroppen blir då tilført hormonet Oxytocin. Det er hormonet Oxytocin som får livmora til å trekke seg saman, og utløyse rier. Riene får livmorhalsen til å trekke seg til side og lagar opning så barnet kan passere gjennom fødselskanalen.

Kva skjer under behandlinga?

Jordmor legg inn ein venflon i ei av blodårene oppå handa di. Venflon er ein tynn plastslange som blir liggande inne i blodåra, og medisinen blir gitt via denne. Slangen blir festa godt med plaster, og du kan bruke handa som vanleg under fødselen.

Via venflonen får du tilført det riestimulerande hormonet Oxytocin. Mengda Oxytocin som blir tilført, blir justert og vurdert fortløpande. Ein startar alltid med låg dose og trappar gradvis opp, inntil du får rier som fører til at livmorhalsen opnar seg og får fødselen i gang.

Stikke hol på fosterhinnene - ta fostervatnet

Når fødselen blir sett i gang med oxytocindrypp, blir det ofte kombinert med å "ta vatnet". Det vil seie at jordmor / lege ved hjelp av ein liten plastkrok lagar eit hol i fosterhinnene for å få fostervatnet til å renne ut. Dette blir kalla ein amniotomi. Dette vil også stimulere til rier og kan fremje fødselsprosessen.Plastkrok blir nytta for å

Dei aller fleste må ha drypp tilkopla heilt til barnet er fødd. Men det hender også at dryppet kan reduserast og eventuelt fjernast fordi kroppen sjølv tar over produksjonen av Oxytocin. Kroppens eigen rieaktivitet er då komen i gang og overtar for dryppet.

Når fødselen blir sett i gang ved drypp, blir barnets hjarteslag og din rieaktivitet nøye overvaka. Du blir derfor kopla til eit CTG-apparat som registrerer hjarteslag, bevegelse og aktivitet hos barnet. CTG (carditokografi) er ei elektronisk overvaking av barnets hjarteslag og aktivitet, og mors rieaktivitet.

CTG-registrering av fosterets hjartelyd, aktivitet og bevegelsar. Foto 

I nokre tilfelle kjem ikkje riene i gang sjølv om du får drypp. Du kan få kynnarar og rier som ikkje får mormunnen til å opne seg eller ikkje får fødselsprosessen til å gå framover. Då kan det bli aktuelt å ta ein pause eller å avslutte behandlinga. Nokon kvinner får eigne rier etter at vi har stengt av dryppet, men om det ikkje skjer, vil det bli vurdert nytt drypp etter ein pause.

3. Etter

Det kan ta frå nokon timar til fleire dagar frå igangsettinga (induksjonen) startar og til fødselen er i gang og du føder. Det er ikkje mogleg å føreseie kor lang tid det vil ta, før behandlinga har starta og vi ser korleis kroppen din responderer på behandlinga.

Når riene har starta og fødselsprosessen er i gang, vil fødselen som oftast gå som normalt.

Om fødselen ikkje startar

Dersom behandlinga ikkje fører til at fødselen startar, vil legen saman med deg legge ein plan for vidare oppfølging og behandling. Det kan bli aktuelt å avslutte behandlinga og ta ein pause, før ein igjen set i verk igangsettande tiltak. Erfaringa viser at ein slik pause er gunstig, og at fødselen då kjem i gang når behandlinga blir starta igjen.

Om igangsetting av fødselen ikkje fører fram til ein vaginal fødsel eller din og/eller barnets tilstand krev rask forløysing, vil ein vurdere forløysing med keisarsnitt.

Les meir om Keisarsnitt

Keisarsnitt

Keisarsnitt er eit kirurgisk inngrep. Samanlikna med ein normal fødsel, er det høgare risiko for komplikasjonar hos både mor og barn ved keisarsnitt enten umiddelbart eller på lengre sikt. Derfor skal keisarsnitt berre utførast når det er heilt nødvendig og det er medisinsk årsak som ligg bak avgjerda om å utføre inngrepet.

I Noreg skal det vere ein medisinsk årsak for å gjennomføre eit planlagt keisarsnitt. Det vil seie at den gravide kan ikkje krevje å få utført keisarsnitt utan at det ligg føre ein medisinsk årsak.

  1. Før

    Om du er gravid og har spørsmål om din føreståande fødsel, må du snakke med jordmor / lege som følger deg opp i svangerskapet. Dei vil kunne gje deg svar på spørsmåla dine og eventuelt tilvise deg til sjukehuset der du skal føde for planlegging av fødselen.

  2. Under

    Planlagt keisarsnitt

    Om det blir bestemt at du skal forløysast med keisarsnitt, vil barnet bli fødd litt før termindato bestemt på ultralyd i veke 18. Dato for når keisarsnittet skal utførast, blir bestemt i løpet av siste del av svangerskapet, avhengig av kva som er grunnen til operasjonen.

    Når datoen for keisarsnittet er bestemt, vil du få informasjon om når du skal møte på sjukehuset, førebuingar som må gjerast i forkant av operasjonen og levereglar i tida etter operasjonen. Det er vanleg at du må møte på sjukehuset dagen før eller nokon dagar før operasjonen for å ta blodprøvar, snakke med fødselslege, anestesilege og jordmor. Nokon drar heim etter dette og kjem tilbake til sjukehuset om morgonen operasjonsdagen, medan andre blir på sjukehuset natt til operasjonsdagen.

    Bedøving
    Ved planlagt keisersnitt er det vanlegste at du får epidural- eller spinalbedøveling. Bedøvinga gis på operasjonsstova. Du kan vere vaken under operasjonen, men du kan ikkje sjå kva legene gjør og du kjenner ikkje smerte. Då får du høyre barnets første skrik, du får sjå og om mogeleg halde barnet umiddelbart etter det er fødd. Følgepersonen din får også vere med under operasjonen og får oppleve dette saman med deg.

    Fysisk hudkontakt mellom mor og barn like etter fødselen er viktig for å etablere amming og tilknytting. Ved keisarsnitt forsøker vi så langt det er mogeleg å legge til rette for dette.

    Akutt keisersnitt
    Om det oppstår komplikasjonar under fødselen, vil det kunne bli aktuelt å utføre eit akutt keisarsnitt. Det er alltid ein fødselslege som vurderer om det skal utførast keisarsnitt og i kor stor grad dette hastar.

    Den største forskjellen på eit planlagt og eit akutt keisarsnitt for deg og din følgeperson, er tida personalet har til å førebue og informere de om kva som skal skje. Om situasjonen til barnet eller deg er slik at inngrepet må skje med ein gong, er rask handling viktig. Det gjer at tid til informasjon og forklaring på kva som skjer, ikkje blir optimal. Då vil informasjon og forklaring på kva som skjedde og kvifor, bli gitt etter operasjonen.

    Bedøving
    Når akutt keisersnitt er bestemt blir du så raskt som mogeleg, køyrd i seng til operasjonsstova. Der ventar anestesipersonell og operasjonsteam. Anestesilege og fødselslege vil bestemme kva slags bedøving du skal ha. Om du har fått epidural-eller spinalbedøving allereie, kan denne som oftast brukast. Anestesipersonalet fyller då på meir bedøving på kateteret. Du vil då vere vaken under operasjonen, men ikkje kjenne smerte – og følgepersonen din kan som oftast vere med under operasjonen.

    Om du må få narkose kan det ikkje vere andre enn helsepersonell til stades på operasjonsstova. Då vil følgepersonen din måtte vente på fødeavdelinga. Frå operasjonen startar til barnet er født, tar kort tid. Men heile operasjonen kan ta ca. 30–60 minutt. Om ikkje barnet treng ekstra oppfølging etter operasjonen, kan følgepersonen ha barnet hos seg til operasjonen er over.

  3. Etter

    Etter operasjonen blir du flytta til postoperativ avdeling. Kor lenge du må vere på postoperativ avdeling er avhengig av årsaka til keisarsnittet og tilstanden din. Her blir du overvaka fram til tilstanden din er stabil, då flyttast du til barselavdelinga.

    Etter eit keisarsnitt vil du trenge meir hjelp og tid til å komme deg i form. Oppfølging på barselavdelinga blir gitt ut i frå kvar enkelt sitt behov. Kor lenge du må bli på sjukehuset kan variere, vanlegvis nokon dagar. Heimreise blir avtalt med mor og vurdert ut i frå hennar og barnets behov.

    Operasjonssåret

    Det er viktig at du følger med på om det kjem teikn til infeksjon i operasjonssåret. Teikn på infeksjon er: 

    • Rødflamma og irritert hud rundt såret 
    • Heving 
    • Væske frå såret 
    • Feber eller smerter

    Om du observerer nokon av desse symptoma, bør du ta kontakt med lege. Alle kvinner som er forløyst med keisarsnitt vil motta eit spørreskjema ca. 4-6 veker etter operasjonen med spørsmål om forløpet ,  særlegt om det har vore teikn til infeksjon etter operasjonen.

    Smertestillande

    Om du reiser heim tidleg etter fødselen, kan du fortsatt ha behov for smertestillande dei første dagane etter at du kjem heim. Smertene skal gradvis avta, så det er vanlegvis ikkje behov for smertelindring utover 5-7 dagar. På sjukehuset vil du få råd om kva for smertelindrande tablettar du kan bruke.

    Råd frå fysioterapeuten

    Pusten
    Sårsmerte og lite rørsle rett etter operasjonen, gjer at nokon pustar meir overfladisk enn vaneig. Dette kan gjere at du får mer slim i lungane enn elles. Dette kan bli bedre dersom du utfører desse pusteøvingane:

    1. Legg hendene dine nedst på magen og kjenn at magen bevegar seg utover når du pustar djupt inn. Slepp pusten og kjenn at magen bevegar seg innover. Denne øvinga kan også få deg til å oppnå god avspenning i kroppen. Gjenta 5-10 gonger.
    2. Pust djupt samtidig som du strekk ein arm godt opp over hovudet, og senk han roleg ned igjen. Kvil litt og gjer det same med motsett arm. Gjenta 5-10 gonger.
    3. Skift ofte stilling i senga. Etter operasjonen kan du veksle mellom å ligge på rygg eller på begge sidene. Om du ønskar det, kan du ligge på magen med 1-2 puter under magen. Putene avlastar både bryst, rygg og operasjonssåret på magen. 
    4. Be personalet om hjelp dersom du synast det er vanskeleg å finne gode kvilestillingar.

    Blodomløp
    For å auke blodsirkulasjonen og dermed redusere faren for blodpropp, er det viktig å begynne å bevege seg raskast mogeleg etter operasjonen. Om du ligg mykjee i sengen dei første dagane etter operasjonen, bør du gjere øvingar i senga.

    1. Bøy og strekk i anklane.
    2. Bøy og strekk vekselvis høgre og venstre bein, mens hælen har kontakt med underlaget.
    3. Knip saman rumpa, strekk beina, held i eit sekund og slepp.

    Gjer kvar øving 5-10 gonger, helst fleire gonger for dagen.

    Dagen etter operasjonen er det fint om du kan sitte litt på sengekanten, og tar nokon skritt i rommet. Etter ein operasjon, er det ikkje uvanleg å bli svimmel dei første gongene du skal reise deg opp. Det gjer at du kanskje treng litt hjelp i starten.

    Dei første seks vekene etter operasjonen

    Operasjonssåret bør ikkje bli belasta dei første seks vekene etter operasjonen. Det er derfor viktig at du:

    • Unngår tungt husarbeid som støvsuging og golvvask 
    • Unngår tunge løft, som løfting av eldre søsken, handleposar, barnevogn inn og ut av bil og lignande 
    • Du kan gjere lette treningsøvingar for magen, men vent med situps i 12 veker 
    • Hald på operasjonssåret når du hostar og nys. 

    Aktivitet og kvile i barseltida

    I barseltida er det viktig at kroppen får hente seg inn igjen etter svangerskap og fødsel. Kvile er like viktig som aktivitet, og det er lurt å ta seg fleire gode kvilestundar kvar dag. Spør gjerne jordmor eller fysioterapeut om tips til gode kvilestillingar.

    Det er flott at du bevegar deg. Gå gjerne tur. Start med korte turar, så kan du auke lengda etter kvart. Du kan trille vogna sjølv, men prøv å unngå dei brattaste bakkane i starten.

    Bekkenbotnsmuskulaturen er svekka etter svangerskapet. Trening av bekkenbotnen er like viktig for deg som har født ved hjelp av keisarsnitt, som for deg som har født på vanleg måte. Start gjerne treninga med ein gong etter fødselen.

    Reaksjonar etter keisarsnitt

    Etter ein fødsel – og kanskje særleg når fødselen ikkje skjer som forventa – vil ein kunne sitte igjen med ei rekke spørsmål som gjer det vanskeleg å forstå kva og kvifor det skjedde som det gjorde. Nokon kan òg få ein psykisk og / eller fysisk reaksjon.

    Om fødselsopplevinga pregar deg på ein negativ måte, kan det vere godt å få snakke med nokon som var til stades under fødselen eller anna helsepersonell som kan forklare deg meir om kva som skjedde og kvifor. Snakk med personalet på barselavdelinga, eller med jordmor / lege som følgde deg opp under svangerskapet, om du ønskar ein gjennomgang av fødselsforløpet.

Ver merksam

Som ved alle operasjonar er det ein risiko for komplikasjonar etter eit keisarsnitt. Dei vanlegaste komplikasjonane er bløding, infeksjonar og problem med å late vatnet. Etter at du har reist frå sjukehuset, må du oppsøke lege om du får teikn på infeksjon eller føler du ikkje greier å tømme blæra skikkeleg.

Gå til Keisarsnitt


Kontakt

Kvinneklinikken
Telefon
57839233
E-post
Postadresse
Helse Førde, Kvinneklinikken, postboks 1000, 6807 Førde.
Førde sentralsjukehus
Besøksadresse
Svanehaugvegen 2(Google maps)
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Telefon
57839000
Telefontider og resepsjonen er bemanna heile døgnet.
E-post

Praktisk informasjon

Apotek

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

Bank

​Du finn banktenester i 1. etasje.

Sparebanken Sogn og Fjordane har terminal for kontantuttak og terminal for å nytte nettbank.

Blomar

​Du finn eige utsal av blomar. Det er Astri Blomster som sel blomar til pasientar og pårørande, og elles til besøkjande ved sjukehuset.

NB:
Det er ikkje høve til å ta med potteplantar, avskorne blomar og tørka blomar i postoperative overvakingseiningar, intensivavdelingar og fødestover.

Eigendel på sjukehus og poliklinikk

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Kiosk

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Mattilbod i Helse Førde

​Alle dei tre sjukehusa i Helse Førde har kantiner som tilsette, pasientar og pårørande kan nytte. 

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. I Førde finn du også ein pasientkafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid fram til klokka 19.00 frå måndag til fredag. I denne kafèen kan du no også kjøpe varm mat.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle dagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og beburar.

Mobiltelefon

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Parkering FSS

​Det er sett av 99 parkeringsplassar som er eksklusive for pasientar og pårørande (sjå raudt område på kartet). All parkering ved alle Helse Førde sine institusjonar er gratis, men det blir gitt parkeringsbot ved feilparkering. Ein må følge skiltinga rundt Førde sentralsjukehus.

trafikkplan_fss_900_ny2.jpg

På to parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus er det automat for parkeringsbillett. Eller pasientar kan nytte parkeringsbeviset som er tilsendt ved innkalling.

Pårørande kan nytte automaten til å ta kontakt med resepsjonen inne på sjukehuset. Pårørande må då gi beskjed om kven de skal besøke på sjukehuset for så å få ein billett frå automaten.

Blodgjevarar har eigne parkeringsplassar og må nytte eige parkeringsbevis som blodgjevarar får.

Pasienthotell

​I 7. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthote.

Pasienthotellet har 21 senger. Dei er fordelt på sju enkle rom og sju doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

Trådlaust nett - internett

​​Alle somatiske sengepostar i Helse Førde har trådlaust gjestenettverk. Dette er gratis for pasientar, pårørande og besøkande.

​Du kan ta med bærbar PC, mobiltelefon og nettbrett og nytte vårt gjestenett uten kostnad.

Passord på SMS

Du som ønskjer å nytte internett blir beden om å legge inn mobilnummeret ditt. Du treng ikkje gje opp andre opplysningar enn det. Brukarnamn og passord får du tilsendt som ei tekstmelding.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar før du treng å be om nytt passord på innloggingssida.

Årsaka til innlogging er krav til tryggleik i sjukehusnettverket og er same type løysing som du finn på flyplassar og hotell.

Ta kontakt med resepsjonen eller avdelinga for meir informasjon.

Visittider Førde sentralsjukehus

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller annan nær omsorgsperson samt søsken til barnet kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.