Vi registrerer otoakustiske emisjonar (OAE). Dette er ei objektiv høyrselsmåling, der vi testar funksjonen i det indre øyret. Vi set inn ein liten propp som inneheld ein mikrofon og ein høgtalar, i øyregangen til barnet. Høgtalaren sender klikkelydar inn i øyret. Ved tilarbeiding av klikkelydane blir det generert ein lyd i det indre øyret som vi via mikrofonen.
Målinga er rask og smertefri. Ved respons på ei slik måling, er det lite sannsynleg at barnet har nedsett høyrsel.
Hos nokre barn får vi ikkje respons med OAE, og dette kan ha fleire grunner. Dersom barnet framleis har fostervatn eller fosterfeitt i øyregangen, eller har veldig tronge øyregangar kan det føre til at vi ikkje får respons. Det kan også vere tekniske forhold under undersøkinga som er årsak til manglande respons. Statistisk sett er det berre 2 - 3 av 1000 barn som vil vere høyrselshemma ved fødselen.