Ved hofteoperasjonar blir bedøving i dei aller fleste tilfella sett i ryggen, ei såkalla spinalbedøving der du er vaken. Av og til vel vi narkose i samråd med anestesilegen, og du vil då sove under inngrepet.
Ein anestesisjukepleiar sit ved deg under heile operasjonen. Han eller ho er kontaktpersonen din, og passer på at du har det bra. Du skal ikkje kjenne smerte, men du vil merke litt risting i kroppen mens ortopeden skiftar leddet. Du vil også kunne høyre hamring, saging og borring.
Du kan høyre på musikk under operasjonen dersom du ønskjer det. Ta med den musikken du ønskjer. Dersom du heller vil sove litt kan du få avslappande medisinar.
Operasjonen blir utført under strenge hygieniske forhold. Hofteoperasjonar blir i dag gjort i sideleie. Ortopeden opnar hofteleddet med eit snitt ved hofta. Vi fjernar leddhovudet etter at lårhalsen er kutta. Denne delen blir erstatta av ein protese i rustfritt stål eller titanlegering. Hofteskåla blir erstatta med ei plastskål eller titanskål.
Protesane fins i fleire størrelsar, og ortopeden vel den som passar best for deg. Dei sementfrie komponentane blir banka på plass. Protesane gror så fast til beinet i løpet av to til tre månader. Nokre protesar blir festa med beinsement som blandast og tørkar i løpet av få minutt. Sementerte protesar blir brukt ved svekka beinstruktur og hos eldre pasientar.
Etter at leddhovudet er montert på, blir hofteprotesen sett i ledd. Vi sjekkar beinlengde og utelet moglegheita for at hofta er "ute av ledd". Før vi let igjen såret, set vi lokalbedøving i sårhola, for å lindre smertene etter avslutta operasjon.
Operasjonstid for hofteprotesar varierer noko, men ligg på cirka 90 minutt.