Behandling

Hoftebrotsoperasjon

Hoftebrot/lårhalsbrot blir behandla med operasjon. Hensikten med operasjonen er å stabilisere brotet slik at det kan gro godt, og at du kan komme deg opp og belaste beinet med ein gong.

Før

Når du kjem til sjukehuset, får du snakke med sjukepleiar og lege. Det er viktig at du tar opp ting som er viktige for deg i forbindelse med operasjonen, sjukehusopphaldet eller tid etterpå, slik at vi får vi nødvendige opplysningar om helsetilstanden din og kan planlegge behandlinga betre. 

Du får informasjon om kva type brot du har, og kva operasjonsmetode vi anbefaler.

Faste

Det er eit mål å operere hoftebrot så raskt som mogleg. Så snart tidspunktet er avklart, får du beskjed. Du må faste før operasjonen, det vil seie ikkje ete, snuse, røyke, tygge tyggegummi eller ete pastillar. Du kan drikke klar væske inntil 2 timar før operasjonen. Personalet orienterer nærmare om når du skal begynne å faste.

Smertelindring og bedøving
Ein anestesilege vurderer den fysiske forma din og eventuelle andre sjukdommar og går gjennom kva medisinar du vanlegvis tar. Dette gjer vi for å finne rett bedøving. Det er viktig at du fortel oss om smertene dine, slik at du kan få best mogleg smertelindring. Vanlegvis får du bedøving i lysken på den sida brotet er, før operasjonen. Bedøvinga gjer at du får mindre vondt og lettare kan bevege deg.

Andre førebuingar 
Når du er innlagt på sjukehuset, tar vi blodprøver av deg og legg inn ein tynn plastslange (venekanyle) i handa/armen som du får væske og medisinar gjennom. Du kan også få tilført surstoff gjennom ein slange i nasen.  

Når det nærmar seg tidspunktet for operasjon, legg vi eit blærekateter (tynn slange) inn i blæra, som urinen kan renne ut gjennom. Kateteret blir fjerna når operasjonen er over.  

Legane vurderer om du treng fleire undersøkingar før operasjonen.  

Under

På operasjonsavdelinga blir du tatt imot av ein operasjonssjukepleiar og ein anestesisjukepleiar. Ved hoftebrot er det mest vanleg å gi bedøving i ryggen. Du er vaken under operasjonen, men du kan få medisin som gjer at du slappar godt av.

Nokre gonger er det ikkje mogleg å bruke ryggbedøving. Då vil du få narkose i staden.

Operasjonen varer frå 30 minutt til 3 timar. 

Operasjonsmetodar

Val av operasjonsmetode  avheng av kva type brot det er snakk om, kor stor feilstillinga er, og alderen din.

Er brotet i sjølve lårhalsen og feilstillinga moderat, stabiliserer vi brotet med to skruar inn frå hofteknuten, gjennom lårhalsen, forbi brotet og inn i leddhovudet.

Røntgenbildet viser hvordan to skruer er satt inn i hofta/beinet. Foto.
 

Er brotet i sjølve lårhalsen og feilstillinga betydeleg, er det fare for at blodforsyninga til lårbeinshovudet er øydelagt. Lårhalsen og lårbeinshovudet  blir då erstatta med ein protese av metall.

Hos yngre pasientar vurderer vi i desse tilfella å sette inn ein totalprotese.

Røntgenbildet viser hvordan hemiprotesen er satt inn i hofta/beinet.

Sit brotet nedanfor lårhalsen, stabiliserer vi brotet med ein skrue i lårhalsen. Skruen blir forbunde med ei plate og festa til øvre del av lårbeinsskaftet.

Røntgenbildet viser hvordan platen og skruene er festet til hofta/beinet. Foto.
 

Dersom brotet er eit godt stykke nedanfor hofta, set vi nokre gonger ein margnagle inn i knokkelens holrom.

Røntgenbilde av hvordan en margnagl blir satt inn i hofta/foten. Foto.




Etter

Etter operasjonen ligg du på overvakingsavdelinga før du kjem til sengeposten der du skal vere etter operasjonen.

Mens du ligg på sengeposten tar vi regelmessig blodprøver av deg, blant anna for å følge med på blodprosenten din. Du får blodfortynnande medisin for å redusere risikoen for blodpropp. Vi fjernar også blærekateteret som blei lagt inn før operasjonen. 

Det er vanleg å oppleve ein del smerte i området du er operert i. Kor vondt det er, varierer frå person til person, og kva inngrep du har vore gjennom. Smerter skal hindre deg i å vere i aktivitet og opptrening. Det er derfor viktig at du gir oss beskjed dersom du begynner å få vondt.

Etter operasjonen kan det renne blod frå såret. Vi bruker ein type bandasje som er skånsam mot huda og toler dusjing. Vi følger nøye med på såret, spesielt dersom det blør gjennom bandasjen. Vi kontrollerer sår og bandasje før du reiser frå sjukehuset. Stinga i operasjonssåret blir fjerna etter 2–3 veker hos fastlegen din eller på den institusjonen du eventuelt oppheld deg.

Det er vanleg å få hevelse, blåmerke og blodoppsamlingar i det opererte beinet. Dette forsvinn av seg sjølv etter nokre veker. For å motverke hevelsen kan du gjere sirkulasjonsøvingar og passe på å veksle mellom kvile og aktivitet. Når du kviler, er det lurt å legge beina høgt.

Å vere i aktivitet og trene er viktig for at du skal komme deg fortare. Det førebygger også komplikasjonar som lungebetennelse, blodpropp, liggesår, forstopping og problem med å tisse.

Dei fleste kjem seg på beina same dag som dei er operert. Personalet legg til rette og hjelper deg med å sitte på sengekanten eller stå oppreist alt på overvakingsavdelinga.
Opptreninga startar alt første gong du er oppe, og består både av gang- og bevegelsestrening, personleg pleie og påkledning. Du kan bevege og belaste det opererte beinet fritt dersom du ikkje har fått beskjed om noko anna.
Du skal bruke eigne klede og stødige sko etter operasjonen. Vi anbefaler vanlegvis at du:

  • Trener på daglege aktivitetar, for eksempel å kle på deg og å komme inn og ut av senga
  • Er oppe så mykje som mogleg på dagtid
  • Sit oppe ved måltida
  • Bruker preikestol eller krykker når du går
  • Trener på å gå i trapper – gjerne saman med ein fysioterapeut

Mange har mindre matlyst etter operasjonen, men det er veldig viktig at du får i deg mat som er næringsrik og proteinrik (for eksempel mjølkeprodukt, kjøtt fisk og egg), samt rikeleg med drikke. Det er lurt å ete mange små måltid og tilsette smør, fløte eller ernæringspulver i maten. Mange sjukehus har eit godt utval av ernæringsdrikkar som du kan få, i tillegg til vanleg mat etter operasjonar.

Det du et og drikk, er viktig for at brotet og operasjonssåret skal gro, og at du skal komme i gang med opptreninga. Rett kosthald er også med på å førebygge fall og å redusere risikoen for trykksår.

Ver merksam

Infeksjonar

Komplikasjonar kan oppstå etter skadar og operasjonar. Ein tidleg komplikasjon kan vere infeksjon. Dersom såret blir raudt og hovent og/eller du får feber, kan det vere teikn på at du har fått ein infeksjon. Kontakt sjukehuset så raskt som mogleg.

Blodpropp

Du får medisinar som skal førebygge blodpropp, men det kan likevel oppstå.
Får du hevelse og smerte i leggen eller smerter i brystet og vanskar med å puste, må du kontakte med lege med ein gong.

Smerter

Merker du aukande smerter i hofta etter nokre veker, kan det bety at brotet ikkje er stabilt eller er komme ut av stilling. Vi må då ta eit nytt røntgenbilde. Viser bildet at brotet er komme mykje ut av stilling, kan det vere nødvendig med ein ny operasjon. Det blir då ofte sett inn eit kunstig leddhovud (protese).

Etter at brotet har grodd og du er meir i aktivitet, kan du merke smerter på utsida av hofta. Dette kan komme av at skruane som blei sett inn for å stabilisere brotet, irriterer sener og musklar i området. Skruane kan i så fall bli fjerna, men helst ikkje før det har gått 1 år etter operasjonen, fordi det er viktig å sikre at brotet har grodd først.

Blodforsyninga til leddhovudet kan bli øydelagt i forbindelse med brotet. Dersom det har skjedd, vil leddhovudet ikkje fungere i lengda, og du får etter ein periode aukande smerter i hofta og lysken. Slike smerter kjem ofte 1–2 år etter skada. Dersom du opplever dette, får du operert inn eit kunstig hofteledd (totalprotese). 






Kontakt

Førde sentralsjukehus Ortopedisk avdeling

Kontakt Ortopedisk avdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.