Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Hjerneslag - rehabilitering

Hjerneslag er ei nemning på oppstått skade i hjernen som skuldast ein blodpropp eller ei bløding. Symptoma oppstår ofte akutt og det er viktig med rask sjukehusinnlegging for utgreiing og behandling. Det er stor variasjon i kva følgjetilstandar hjerneslaget gir og kor omfattande rehabilitering det er behov for.

Hjerneslag oppstår plutselig, og skyldes en blodpropp eller en blødning i hjernen.

Les meir på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Akuttsjukehus, fastlege eller spesialist kan tilvise deg til rehabilitering. Tilvisinga skal innehalde beskrivingar av områda i sjekklista under.

  1. Pasienten sitt namn, fødselsnummer, korrekt adresse og telefonnummer, ev. namn på føresette.
  2. Tilvisaren sitt namn, adresse og telefonnummer.
  3. Pasienten sin diagnose og beskriving av korleis plagene påverkar dagleg funksjon knytt til arbeid, utdanning og fritid (fysisk, psykisk og sosialt).
  4. Andre tilhøve som kan påverke rehabiliteringsevna (komorbiditet, inkludert psykiske lidingar og rusmiddelproblem).
  5. Legg ved oppdatert oversikt over legemiddel i bruk.
  6. Opplysingar om trygd- og arbeidsstatus.
  7. Vurder om pasienten har behov for tolk.
  8. Dersom aktuelt, gje opplysingar om smittestatus som krev isolasjon på sjukehus (t.d. MRSA, ESBL, VRE).
  9. Angje problemstillinga med bakgrunn for tilvisinga så konkret som mogleg. Kva er pasientens konkrete mål/motivasjon for rehabiliteringa?Opptrening/rehabilitering er for uspesifikt.
  10. Kva tiltak er prøvd ut lokalt i 1. linjetenesta?
    - Kva effekt hadde tiltaka?
    - Kva slag eigenaktivitet/eigentrening gjer pasienten i det daglege?
  11. Har pasienten ein individuell plan?
  12. Er pasienten vurdert av spesialist? Legg i så fall ved epikrisa.
  13. Har pasienten tidlegare motteke rehabiliteringsopphald/poliklinikk/dagtilbod i spesialisthelsetenestene (offentleg/privat) for same tilstand/diagnose?
    - Dersom ja, kva tilbod?
  14. Kva har lokale oppfølgingstiltak bestått av i etterkant av rehabiliteringsopphaldet?
  15. Kva har tilkome av nye funksjonstap etter ev. rehabiliteringsopphald i spesialisthelsetenesta og/eller lokale oppfølgingstiltak?

Epikrise frå siste opphald leggast ved.   
      

                   

      
      

Før

Vi ønsker at du tar med deg

  • individuell plan eller individuell opplæringsplan dersom du har dette
  • oppdatert medisinliste (legemiddelliste). Denne kan du få hos fastlegen din
  • ortopediske hjelpemiddel dersom du har det
  • treningsklede og eventuelt badetøy

Vi treng informasjon om

  • du har behov for spesialkost
  • du har behov for tolk
  • du har behov for spesielle hjelpemiddel, som til dømes spesialmadrass eller dusjstol

Tenk gjennom måla du har for opphaldet

Dine mål for opphaldet er viktige og har fokus for di rehabilitering. Når du møter fagpersonane så har dei lest tilvisinga di og dei har då nokre opplysingar om kva som er viktig for deg, og eventuelt kva mål du har. Dette dannar grunnlaget for kva som kan vere relevante tema og mål for ditt opphald.

Du utarbeider dine mål i samarbeid med ditt tverrfaglege team i første fase av rehabiliteringa. Det kan også vere aktuelt å involvere dine pårørande i arbeidet.
Om det er vanskeleg å formulere mål vil vi hjelpe deg med å konkretisere dei meir for deg. Som ei hjelp i å skape presise målsettingar nyttar vi ofte akronymet SMART som ei huskehjelp til å passe på at målet blir så presist som mogleg.

S - spesifikt
M - målbart
A - akseptert eller aktivitetsretta
R - realistisk og
T - tidsavgrensa

Ein viktig motivasjonsfaktor for å oppnå mål er at du sjølv har tru på at det er mogleg å nå målet og at du er motivert for å oppnå måla. Det tverrfaglege teamet ditt vil så langt som mogleg hjelpe med å engasjere deg og legge til rette for at det skal bli mogleg å oppnå måla.

Viktige ting å ta omsyn til i formuleringa av mål kan vere:

  • Personlege faktorar som personlegdom, interesser, kva du kan få til, alder, skole-/yrkessituasjon osb.
  • Symptombildet som tar omsyn til utfall, symptom og endringar etter aktuelle skade/sjukdom.
  • Tidsaspektet til dømes kor du er i rehabiliteringsforløpet. Tidleg i forløpet kan endringar skje raskt og det kan vere naudsynt å endre måla hyppigare.

Det vil haldast regelbundne målmøte mellom deg, dine pårørande og det tverrfaglege teamet ditt når det er aktuelt i løpet av opphaldet.

Under

Varigheit

Tentativ dato for utskriving blir bestemt tidleg i opphaldet. Varigheit av rehabiliteringa blir tilpassa den enkelte sitt behov. Det kan vere behov for å justere utskrivingsdato i løpet av opphaldet. Pasientar som blir innlagt til primærrehabilitering etter skade eller sjukdom, har lengre opphald enn pasientar som blir innlagt til vurderings- og oppfølgingsopphald.

Når du blir innlagd vil du

  • få samtale med og undersøking av sjukepleiar og lege
  • bli skriven inn i journalsystemet
  • få informasjon om det tverrfaglege teamet
  • få gjennomgang av praktiske rutinar i avdelinga som måltider, brannrutiner og anna
  • og dine pårørande få tilpassa informasjon og omvising i avdelinga og andre areal på sjukehuset
Eventuelle pårørande oppfordrast til å vere med på innleggingsdagen.

For å kunne gje eit rehabiliteringstilbod som er individualisert og retta mot dine behov og mål, gjennomfører vi ei kartlegging. Det inneber samtalar, testar og observasjonar.

Kartlegginga og rehabiliteringa rettar seg mot desse områda

  • medvitsnivå
  • smerte
  • språk og kommunikasjon
  • medisinske tilhøve
  • motorisk funksjon
  • kognitiv funksjon
  • ernæring
  • sosiale og miljømessige faktorar
  • arbeid, utdanning og deltaking

Rehabiliteringsprosessen er basert på mål du sett for deg sjølv saman med det tverrfaglege rehabiliteringsteamet.

Et tverrfagleg team leia av behandlingsansvarleg lege samarbeider med deg og dine pårørande i rehabiliteringsprosessen. Ein teamkoordinator koordinerer rehabiliteringa, og sikrer samhandling internt i sykehuset og med eventuelle eksterne samarbeidspartnarar. Har du behov for, og ønsker sjølv, ein individuell plan (IP) og/eller koordinator etablerer vi kontakt med koordinerande eining og koordinator i din heimkommune. Har du behov for oppfølging frå kommunale helsetenestar opprettar vi tidleg kontakt med heimkommunen din og eventuelt inviterer til dialogmøte for å sikre deg en god overføring til heimen.

Du får ein individuelt tilpassa timeplan med terapitimar og aktivitetar/avtalar kvar veke.

Saman med deg definerer vi rehabiliteringsmål, som vert dokumenterte i en målplan. Det blir arrangert målmøter for å sikre framgong i rehabiliteringsprosessen. Pårørande kan delta på møte dersom du ønsker det.

Rehabiliteringa baserer seg på kunnskapsbasert praksis. Det vil seie at rehabiliteringa tar utgangspunkt i oppdatert forsking, erfaring hos rehabiliteringsteamet og dine eigne og andre pasientars erfaringar.

Sentrale mål for rehabiliteringa er at du

  • tileignar deg kunnskap om skada og dei verknadene som følg med, førebygging av komplikasjonar og moglege seinskader
  • oppnår størst mogleg grad av sjølvstende i daglege aktivitetar
  • tek hand om ernæringsbehov, huda, blære og tarmfunksjon
  • mottar rettleiing/rådgjeving om behandling og trening, på kort og lang sikt
  • handterer din nye livssituasjon

Heilskapleg rehabilitering forutset ei tverrfagleg tilnærming der ei rekke ulike fagpersonar bidreg til å belysa og betra din livssituasjon.

Eit tverrfagleg team kan bestå av lege, fysioterapeut, ergoterapeut, sosionom, sjukepleier, helsefagarbeidar, psykolog, teamkoordinator og logoped/pedagog.

Heilskapleg rehabilitering er opptatt av din totale livssituasjon, og korleis fysiske og kognitive følger av sjukdom eller skade påverker din livskvalitet og rollane du har i livet.

Din eigeninnsats i rehabiliteringa er svært viktig. Under opphaldet trenar du på alle daglege gjeremål. Du trenar på å vinne att funksjonar i daglege aktivitetar. Treninga begynner med ein gong, og skjer frå du vaknar om morgonen til du legg deg om kvelden. Timeplanen speglar målplanen din, og viser betydninga av balanse mellom aktivitet og kvile.

I starten vil vi saman finne ut kva du bør prioritere. Dine eigne mål og resultata frå kartlegginga vil være førande for vidare tiltak og rehabilitering under opphaldet.

Rehabiliteringa går føre seg individuelt og i grupper. Dagane blir individuelt tilpassa din kapasitet og dine behov.

Førebuing til heimreise

Det tverrfaglege teamet samarbeider med oppfølgande instans i din heimkommune. Når det er medisinsk forsvarleg, oppfordrar vi deg til å reise heim på permisjon, slik at du kan prøve ut rehabiliteringstiltaka i ditt heimemiljø. Den vidare rehabiliteringsprosessen blir tilpassa ut fraå erfaringane du gjer deg heime.

I løpet av opphaldet førebur vi utskriving og oppfølging. Dette inneber mellom anna:

  • Møte med pårørande.
  • Samarbeidsmøte med oppfølgande instans ved behov. Vi nytter også tele- og videokommunikasjon.
  • Eventuelle tilpassingar i heimen i samarbeid med heimkommune.
  • Vidare rehabilitering i annan institusjon eller kommunal oppfølging blir avklart.
  • Utskrivingsmøte med lege og andre sentrale personar i det tverrfaglege teamet.

Under opphaldet og før du reiser heim kan det bli forandringar med omsyn til kva medisinar du skal bruke. Før utreise vil du få ei oppdatert legemiddelliste og informasjon frå legen ved avdelinga om kva medisinar du skal nytte. Eventuelle resepter blir sende elektronisk til apotek.

Tenesta «Mine resepter» på helsenorge.no gir deg som har fått e-reseptar oversikt over
  • dine aktive reseptar
  • legemiddel du har fått utlevert på apotek
  • kor mange utleveringar som er gjort

Før heimreise bør du ha oversikt over

  • om dine nye medisinar påverkar evna til å køyre bil eller arbeide med farleg utstyr
  • kven du skal kontakte dersom du har spørsmål om behandlinga
  • om du skal ha noko oppfølging av helsetenesta etter utskrivinga

Etter

Oppfølging

Etter utskriving blir du følgt opp av fastlegen din og eventuelt anna helsepersonell i kommunen. Epikrise blir sendt til fastlege og tverrfagleg rapport blir sendt med ditt samtykke til aktuelle oppfølgande instansar.

Ved behov vil vi kome med anbefaling om vidare utgreiingar/tilvisingar og vidare behandlings- eller rehabiliteringstiltak.

I nokre tilfelle kan det også vere aktuelt med behandling og/eller oppfølging av tiltak via poliklinikken eller andre rehabiliteringsopphald ved sjukehuset.

Rehabilitering i kommunar og ved private rehabiliteringsinstitusjonar

Det er ulike rehabiliteringstilbod og tenester i kommunane. Koordinerande eining eller tenestekontoret i din kommune kan gi deg informasjon om dette. Vi kan hjelpe deg i å kome i kontakt med aktuelle lokale tenester.

Det finnes også rehabiliteringstilbod ved private rehabiliteringsinstitusjonar som har avtale med dei regionale helseføretaka. Du kan finne meir informasjon om det på nettsidene til dei regionale koordinerande einingane i landet eller ringe den nasjonale ReHabiliteringstelefonen 800 30 061.

Du kan også søke på rehabiliteringstilbod på tenesta Velg behandlingssted på helsenorge.no.

Kontakt

Førde sentralsjukehus Nevrologisk seksjon

Kontakt Nevrologisk seksjon

Oppmøtestad

Førde sentralsjukehus, 4. etasje.
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.