Hengande augelok
Hengande augelokk er ein tilstand der det øvre augnelokket heng ned. Tilstanden kan komme av slappheit i huda (dermato blepharochalasis) eller svakheit/nerveskade i augelokkmuskelen (ptose). Dersom augnelokket heng så mykje at det blir vanskeleg å sjå, kan det bli aktuelt å operere.
Slappheit i huda (dermato blepharochalasis) er den vanlegaste årsaka til hengande augelokk, og noko dei fleste får med alderen. For dei fleste er tilstanden berre av kosmetisk betydning, og vil ikkje bli operert av det offentlege. For eit fåtal finst det medisinsk indikasjon for operasjon, til dømes dersom augelokket heng så mykje ned at det påverkar synet.
Ptose kan vere forårsaka av fleire faktorar som rammar musklane eller nervane til augelokket. Somme kan vere fødde med svakare augemusklar og kan utvikle ptose i ung alder. Med åra, og ved eventuell skade, kan løftemusklane i øvre augnelokk svekkjast.
Tilvising og vurdering
Det er fastlege, optikar og privatpraktiserande augelege som kan vise deg til Augeavdelinga for utgreiing og behandling av hengande augelokk. Tilvisinga blir prioritert av augelege, som vurderer om du får tilbod om behandling på sjukehuset eller ikkje.
Utgreiing
På augeavdelinga vil du bli motteken av ein sjukepleiar, som vil gjere aktuelle forundersøkingar.
Etter dette vil du bli undersøkt av ein augelege. Legen vil undersøkje auga dine for å finne årsaka til nedsunkne augnelokk og kva som er best behandling for deg. Undersøkinga medfører ikkje ubehag.
Oppfølging
Du vil få timeavtale om kontroll og fjerning av sting på operasjonsdagen.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Augeavdeling
Oppmøtestad
Finne informasjonen som står i innkallingsbrevet.Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde