Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Habilitering - Kommunikasjons- og språkvansker hos barn og unge med funksjonsnedsettelse, nynorsk
Når eit barn med funksjonsnedsetting ikkje utviklar språk og kommunikasjon slik det er forventa, og det vekker bekymring hos føresette, fastlegen eller andre som kjenner barnet godt frå for eksempel barnehage eller skule, kan barnet bli tilvist til habiliteringstenesta for barn og unge (HABU).
Formålet med ei sjekkliste er å bidra til at tilvisingane har rett og tilstrekkeleg informasjon, slik at tenestene kan gjere ei rettsvurdering på bakgrunn av «Prioriteringsrettleiar – Habilitering av barn og unge i spesialisthelsetenesta». Sjekklista nemner forhold som er særleg viktige for effektivt å planlegge utgreiing og vidare oppfølging.
Det er forventa at det blir gjort ei tverrfagleg vurdering i kommunen før tilvising, og at informasjon om denne utgreiinga følger tilvisinga.
Pasientens namn, fødselsnummer, adresse og eventuelt telefonnummer.
Eventuelt behov for tolk: kva språk/dialekt.
Namn, telefonnummer og korrekt adresse til føresette.
Opplysning om kven som har foreldreansvar.
Bekrefting på føresettes samtykke til tilvising.
Søsken, halvsøsken og andre i familiens omsorg. Angi namn, kjønn og alder.
Diagnose/diagnosar ved tilvisingstidspunktet.
Aktuelle problemstillingar og ønska målsetting med tilvisinga.
Aktuelle funn og resultat frå medisinske undersøkingar.
Legemiddel som er i bruk.
Sentrale instansar (helsestasjon/skulehelseteneste, fysio-/ergoterapiteneste, barnehage, skule, avlasting, PPT, BUP, barneverntenesta), med namn på kontaktperson og telefonnummer.
Legg ved aktuelle rapportar frå dei aktuelle instansane.
Er det oppretta kommunal koordinator? I så fall, oppgi namn og telefonnummer.
Er det oppretta ansvarsgruppe?
Er det utarbeidd individuell plan? I så fall, oppgi namn og telefonnummer til koordinator.
Er det aktuelt med arbeid knytt til Helse- og omsorgstjenesteloven kapittel 9? (Rettssikkerheit ved bruk av tvang og makt overfor enkelte personar med psykisk utviklingshemming)? Er i så fall overordna fagleg ansvarleg kjent med at det er sendt tilvising?
Dersom pasienten blir tilvist av annan lege enn fastlege, oppgi fastlegens namn, adresse og telefonnummer.
Namn og kontaktinformasjon til medtilvisar (dersom ikkje lege er den som skal stå for kontinuerleg kontakt med habiliteringstenesta).
Før du kjem til avtale om utgreiing i HABU, bør du tenke gjennom, og gjerne notere, det du synest er aktuelt om utviklinga og funksjonen til barnet eller ungdommen, når det gjeld:
språk og uttrykksformer, slik som mimikk og gestar
leik og samhandling med andre barn og vaksne
bevegelse/motorikk og dagleglivets aktivitetar – for eksempel eting
tidlegare sjukdommar
Høyrselen til barnet eller ungdommen bør vere undersøkt av spesialist før utgreiing i HABU.
Det er ønskeleg at to vaksne følger til avtalen. Dersom det er andre enn føresette som følger barnet eller ungdommen, må dette vere personar som kjenner han eller henne godt.
Dersom barnet eller ungdommen har hjelpemiddel i jamleg bruk, så ta dei med til avtalen i HABU. Dette kan vere hjelpemiddel for forflytting, kommunikasjon eller anna.

Under
Når de kjem til HABU, vil de bli tatt imot og gitt informasjon om kva som skal skje, og kven de vil møte. Som regel vil de møte fagpersonar med ulik bakgrunn, for eksempel lege, psykolog, og vernepleiar.
Utgreiinga kan vere sett saman av samtaler, kartlegging, observasjonar og undersøkingar av barnet eller ungdommen. Vanlegvis blir det gjennomført ein observasjon av barnet eller ungdommen i samspelsaktivitetar i heimemiljø, barnehage eller skule.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. HABU vil i så fall sørge for ei vidare tilvising.

Etter
Føresette vil få informasjon om resultata frå utgreiinga. Barn og unge har også rett til tilpassa informasjon om eigen helsetilstand.
Det er kommunen/bydelen du bur i, som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HABU i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging vil bli vurdert i samråd med føresette og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.
Det blir utarbeidd ein rapport som oppsummerer utgreiinga. Dersom det er aktuelt med vidare oppfølging i HABU, vil dette komme fram i rapporten. Rapporten blir sendt til dykk som føresette og til den som har tilvist.

Kontakt
Førde sentralsjukehusHabilitering for Barn og Unge (HABU)
Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.
På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.
Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.
Flybuss
Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.
Parkering
Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.
Taxi
Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.
Praktisk informasjon
Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.
Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande. Sjukehusapoteket er altså open for alle.
På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.
Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.
Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.
For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.
Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.
Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.
Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.
Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.
Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.
Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.
Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00. I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid 09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.
Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.
Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.
Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.
Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.
Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.
Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.
Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.
BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.
Ordinær parkering for pasientar og pårørande: Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:
I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.
Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.
Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.
Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.
Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.
Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.
Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.
Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.
Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Les nøye gjennom vilkåra.
Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Akuttmedisin: Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
Barneavdeling: Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
Kirurgisk: Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
Kreft: Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
Kvinneklinikken: Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
Medisinsk: Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
Nevrologisk: Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.