Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Grøn stær (glaukom)

Grøn stær (glaukom) er ein kronisk, livslang augesjukdom som er mest vanleg hos vaksne over 60 år, men den kan opptre i alle aldre. Ein sjeldan gong kan sjukdommen også vere medfødd. Glaukom fører til at synsnerven fra auget til hjernen blir skada og dette gir utfall i synsfeltet.

Grønn stær kan oppstå når trykket inne i øyet blir for høyt og over tid skader synsnerven. Det finnes god behandling som kan bremse eller stanse denne prosessen.

Les meir på helsenorge.no

Høgt augetrykk er ein vesentleg risikofaktor for utvikling av glaukom. Reduksjon av augetrykket er derfor den vanlegaste behandlingsmetoden. Det er individuelt kor høgt augetrykk synsnerven toler før han tar skade. I nokre tilfelle kan glaukom utviklast sjølv om augetrykket er innanfor normalområdet, såkalla normaltrykksglaukom. Viktigaste risikofaktorar for denne tilstanden, er høgt augetrykk og sviktande blodtilførsel til synsnerven.

Ubehandla fører sjukdommen til gradvis aukende skade på synsnerven med aukande utfall i synsfeltet og kan i siste instans føre til blindskap. Når skaden først er skjedd, kan han ikkje bli operert bort. Skarpsynet held seg lenge normalt og blir påverka først ved langtkomen sjukdom. 

I tidleg fase av sjukdommen er det få / inga symptom og mange kan derfor ha hatt sjukdommen i lang tid (mange år) før diagnosen blir fastslått. Målet med all behandling er å bremse ned sjukdommen slik at ytterlegare skade på synsnerven blir så liten som mogeleg.

Det føreligg ein arvelig disposisjon for utvikling av glaukom, og det er derfor ein tendens til at sjukdommen går igjen hos nære slektningar. Ved kjent glaukom hos nære slektningar, bør ein sjølv bli testa for sjukdom regelmessig frå 30-40 års alder.

 

Tilvising og vurdering

Fastlegane kan ikkje tilvise direkte til operasjon for glaukom. Fastlegane kan tilvise pasientar med mistanke om grøn stær til vidare utgreiing i spesialisthelsetenesta. Dei skal då primært tilvise til avtalespesialistane (som har avtale med helseføretaka) eller til private augelegar om dette er ønskelig.

Det er i utgangpunktet spesialisthelsetenesta med avtalespesialistar eller heilprivate augelegar starter behandling som følgjer opp pasienter med glaukom. Dei vil tilvise pasienten til operasjon for grøn stær dersom det blir nødvendig.

Tilvisinga skal innehalde resultat av fleire spesialundersøkingar augelegar har utført. Operasjonar for glaukom føregår i dag nesten utelukkande ved sjukehusavdelingar. Universitetsklinikkane er tredjelinjeteneste og skal primært ikkje utgreie eller følge pasientar med velregulert grøn stær.

Utredning

Dersom den grøne stæren ikkje lenger lar seg regulere tilfredsstillande, vil augelegen tilvise til sjukehusavdeling for utgreiing med tanke på operasjon.

Behandling

Augedråper

Glaukom blir vanlegvis behandla med augedråper, enten ein eller fleire dråper som må drypast regelmessig kvar dag.

Laserbehandling

Nokon typar grøn stær egnar seg for å behandlast med laser. Laserbehandlinga kan da vere i staden for eller som supplement til dråpebehandling.

Operasjon

Dersom sjukdommen blir forverra trass i augedråper og eventuell gjennomført laserbehandling, vil det vere aktuelt med operasjon.

Glaukom er ein kompleks sjukdom og det finnast ulike typar operasjonar. Alle har som mål å senke augetrykket. Behandlingsinstitusjonen vil konkret anbefale kva for type operasjon som er mest relevant i kvar enkelt tilfelle. I etterkant av ein operasjon følger eit intensivt kontrollopplegg som er viktig for å sikre eit godt resultat. Her kan det vere snakk om kontrollar kvar veke i opptil ein månad eller meir.

Trabekulektomi er den mest vanlege typen operasjon.


Oppfølging

Det er nødvendig med hyppige kontrollar etter operasjonen, kor du kan rekne med kontroll kvar veke dei første fire veker etter operasjonen, deretter med økande intervallar.

Endeleg sluttresultat vil vere etter cirka to til tre månader, kor augetrykket avgjer korleis tilstanden er regulert. Nokon treng dråper i tillegg til operasjon. Synet blir ikkje betre av denne operasjonen.

Ver merksam

Alle kirurgiske inngrep er forbundet med risiko, dette gjeld også operasjon for grøn stær. Alvorlege komplikasjonar er heldigvis sjeldne. Dei vanlegaste komplikasjonane er:

  • Utvikling av grå stær (katarakt). Det er kjent at operasjon for grøn stær kan framskynde utviklinga av grå stær. Dersom det blir utvikla grå stær med innverknad på synet, får du effektiv behandling i form av grå stær-operasjon.
  • Bløding. Mindre blødingar i framre del av auget er ikkje uvanleg. Bløding vil ha forbigåande innverknad på synet, men er elles stort sett utan betyding for det endelege resultatet.
  • Betennelse. Det vil alltid vere lett grad av betennelse (inflammasjon) i eit nyoperert auge. Auget kan derfor vere litt ømt dei første dagane. Alvorleg bakterieinfeksjon er svært sjeldan, men kan vere trugande for synet.
  • Svekking av sentralsynet som komplikasjon til operasjonen er sjeldan, men kan skje ved langtkommen grøn stær eller ved uønska langvarig lågt trykk. Om svekka syn skuldast svært lågt trykk, vil vi kunne gjennomføre alternative behandlingsmetodar for dette.