Dersom du opplever at badekaret er til stor hjelp for deg under fødselen, kan det vere naturleg for deg å føde barnet ditt i vatn. Dette må vere noko du og partnaren din ønsker, og forholda må ligge til rette for det.
Barnet ditt har vore omslutta av vatn i heile svangerskapet. Å bli fødd i varmt vatn gir ein mjukare overgang til livet utanfor. Desse barna gret sjeldnare når dei blir fødd.
Barnet ditt er utstyrt med fleire pustehemmarar som hindrar barnet i å trekke pusten når det er under vatn. Barnet skal likevel opp av vatnet etter kort tid for å starte tilpassinga til det nye livet sitt. Det vil alltid vere ei jordmor til stades saman med dykk i denne fasen.
Avslapping/kvile tidleg i fødselsforløpet
Nokre gonger, og særleg for deg som ventar ditt første barn, kan den første tida med uregelmessige og korte rier vere slitsam. Dette kan vere over fleire dagar og som regel er du heime. Denne fasen modnar livmorhalsen slik at den blir i stand til å opne seg. Bruk gjerne eige badekar eller eigen dusj for kvile og lindring i denne fasen.
Ein sjeldan gong må du komme til fødeavdelinga sjølv om du ikkje har begynt å opne deg. Det kan vere at du føler deg utsliten, utrygg på å vere heime, eller riene dine kan komme sjeldnare/stoppe opp. Då kan ei god samtale og eventuelt tilbod om å bruke badekaret/dusjen for å slappe av vere bra før du reiser heim og ventar på at riene skal auke.
Nokre gonger ser vi at riene dine aukar på, og at du er i ferd med å opne deg, når du er hos oss. Då får du tilbod om å vere på avdelinga.
Som smertelindring når som helst i opningsfasen
For mange gir vatn positive assosiasjonar. Du kan forbinde det med strand, bølger, sol, ferie og velbehag. Vi veit at hormonet som skal gi deg gode rier er eit «beskjedent» hormon, som treng trygge og gode omgivnader for å komme fram. Det blir også kalla kjærleikshormonet. Av erfaring ser vi at det er lettare for deg å ta på seg sjølv eller vere intim med partnaren din i eit badekar. Du føler deg «påkledd» av vatnet sjølv om du er naken. Du føler deg meir skjerma og i fred med din eigen fødselsprosess. Alt dette hjelper frigjeringa av hormonet som skal gi deg gode rier. Opplevinga di av smerte er avhengig av fysiske, psykiske og kulturelle faktorar. Fødselssmerte er ei sensorisk og emosjonell oppleving som berre er di.
Vi veit at vi kan hemme spesielle nerveceller til å overføre signal til smertebanane ved hjelp av stimulering av huda, kraftig sanseinntrykk eller visualisering og ved at du føler deg trygg. Dersom du opplever ein trygg og positiv fødselsprosess, vil det også vere lettare for kroppen din å frigjere kroppens eige morfin, endorfin.