Blodtrykksenkande medisinar
For å forhindre komplikasjonar får kvinner med alvorleg hypertensive svangerskapskomplikasjonar ulike former for blodtrykkssenkande medisinar. Behandlinga minskar risikoen for komplikasjonar, men behandlar ikkje sjukdommen i seg sjølv.
Hos dei fleste normaliserer blodtrykket seg nokre dagar etter fødsel, men nokon kvinner treng å bruke blodtrykkssenkande medikament ein tid etter fødselen. Nokon få må bruke medikament resten av livet. I sjeldne tilfelle kan svært alvorlege hypertensive svangerskapskomplikasjonar gi varige helseskader.
Ultralyd
Du vil bli følgt tett på svangerskapspoliklinikken med kontroll av blodtrykk, undersøking av urin, eventuelt blodprøvar og registrering av barnets hjarterytme (CTG). I tillegg vil du bli følgt med ultralydundersøkingar med tanke på fostervekst, måling av blodgjennomstrømming i navlesnor og fostervatnmengde. Kor tett du vil bli følgt opp, kjem an på alvorlegheitsgraden.
Observasjon på fødeavdeling
For å overvake deg og fosteret med alvorlege hypertensive svangerskapskomplikasjonar blir nokre gravide innlagt på fødeavdelinga til observasjon. Det optimale forløysingspunktet er basert på fleire faktorar. Helsa di må vegast opp mot barnets risiko for komplikasjonar, for eksempel for tidleg fødsel.
Igangsetting av fødsel eller keisarsnitt
Fødselen kan settast i gang eller det kan bli utført keisarsnitt avhengig av mor og barns helse, svangerskapsalder, livmorhalsens modenheit og om du har fødd tidlegare.