HELSENORGE
Kvinneklinikken

Graviditet og svangerskap

Dei fleste svangerskap utviklar seg normalt og dei fleste gravide er friske. Mødrer som er friske, som ber på eit foster og har eit svangerskap som utviklar seg normalt, blir følgt opp hos jordmor på helsestasjon og hos fastlege (primærhelsetenesta). Dersom det oppstår problem i graviditeten som krev spesiell kompetanse eller utstyr, blir du tilvist til fødeavdeling eller kvinneklinikk på sjukehuset.

Innleiing

Sjukdommar før svangerskap

Nokre kvinnar har sjukdommar som krev spesiell oppfølging i forbindelse med ein graviditet. Desse kvinnane kan følgast opp av fastlege eller i eit samarbeid mellom fastlege og spesialistar på sjukehus (spesialisthelsetenesta).

Sjukdommar som oppstår i svangerskapet

Andre gravide utviklar sjukdom i svangerskapet eller dei ber eit foster som treng spesiell oppfølging. Denne oppfølginga vil skje på sjukehus med fødeavdeling eller ved større kvinneklinikkar, av spesialistar med tilstrekkeleg kompetanse og spesialutstyr.

Kontroll og oppfølging i spesialisthelsetenesta

Enkelte gravide blir tilbydde å ha alle kontrollar og oppfølging i spesialisthelsetenesta. Årsaka kan vere komplikasjonar i tidlegare svangerskap og fødslar, eigen sjukdom eller sjukdom hos fosteret.

I delar av svangerskapet kan det vere behov for sjukehusinnlegging. Innlegging blir avgjort etter tilvising og kontroll på svangerskapspoliklinikken.

Tilvising og vurdering

Du får automatisk tilbod om rutinemessig ultralydundersøking i veke 17-19 ved fødeavdelinga der du skal føde. Andre førespurnadar om prøvar og undersøkingar krev tilvising frå jordmora eller fastlegen din.

Det er viktig at det er eit godt, opent og tydeleg samarbeid mellom fastlege, jordmor, sjukehuset og deg som er gravid, slik at du og familien din kan ta informerte avgjerder ut i frå eigen situasjon. Vi er opptatt av å legge forholda best mogleg til rette for de gjennom graviditeten og fram til fødselen.

Utgreiing

Dersom det oppstår komplikasjonar før eller i svangerskapet som bør utgreiast eller behandlast av spesialistar, blir du tilvist til spesialisthelsetenesta.

Fostermedisinarar, fødselslegar, jordmødrer og eventuelt andre spesialistar med kompetanse på svangerskapskomplikasjonar vil følge deg opp i samarbeid med jordmora og fastlegen din i primærhelsetenesta. Utgreiing, behandling og vidare oppfølging vil bli tilpassa kvar enkelt gravide kvinne, foster og familie.

Mange komplikasjonar i svangerskapet har inga betydning for om du kan føde normalt og moglegheita for å få eit friskt barn. Mange komplikasjonar vil heller ikkje ha betydning for barseltida og seinare helse for mor og barn.

Ultralyd

Ultralyd blir brukt til å bestemme ein termin, ser på morkakas plassering og kor mange foster det er. Samtidig sjekkar vi alle organer hos fosteret.

Les meir om Graviditet - Tidleg ultralyd med nakketranslusensmåling

Graviditet - Tidleg ultralyd med nakketranslusensmåling

Tidleg ultralyd med måling av nakkeoppklaring blir utført mellom veke 11 og 14 i svangerskapet. Alle foster har då ein liten væskebrem under huda i nakken som kallast for nakkeoppklaring eller nakketranslusen. Er oppklaringa i nakken auka, er det auka risiko for kromosomsjukdom hos fosteret, til dømes Downs syndrom (trisomi 21). Auka hevelse kan også sjåast ved andre tilstandar som til dømes hjartefeil, men fosteret kan også vere heilt friskt.

Tidleg ultralyd og blodprøve

Etter endring i bioteknologilova 2020 vil alle kvinner i Norge få tilbod om ei ultralydundersøking i veke 11-14. Dette kjem i tillegg til undersøkinga i veke 18.

Kvinner som er over 35 år har i tillegg tilbod om ei blodprøve, NIPT (non-invasiv prenatal test).

Undersøkinga vil føregå i Helse Førde ved sjukehuset i Førde fra 1. januar 2022 for alle over 35 år.

Les meir på helsenorge.no: Informasjon om fosterdiagnostikk

Om undersøkinga

Alle gravide har tilbod om tidleg ultralyd frå den offentlege helsetenesta etter den nye bioteknologilova frå 2020. Tidleg ultralyd inneber alltid måling av fosterets størrelse for å sjå om fosteret har vakse som forventa og vi kan estimere svangerskapslengde. Vi gjør undersøkingar av kropp og organutvikling og kan bekrefte antall fostre. I tillegg gjør vi ei måling av nakkeoppklaringa. Økt nakkeoppklaring førekjem ofte hos fostre som har kromosomforandring, for eksempel Downs syndrom. Nokon gonger oppdager vi alvorlege avvik hos fosteret eller avvik som kan auke risiko for at fosteret har ein sjudom som ein kan få videre utgreiing for.

  1. Før

    Det er ingen spesielle førebuingar før sjølve undersøkinga.

  2. Under

    Du blir innkalt til ultralyd i veke 11-14 etter siste menstruasjon.

    Alle som skal ha tidleg ultralyd må levere signert informert samtykke og må også bekrefte at dei har hatt rettleiing om tidleg ultralyd og fosterdiagnostikk.

    Undersøkinga blir vanlegvis utført med ultralyd på magen (abdominalt), men nokon gonger er det betre oversikt med ultralyd frå skjeden (vaginalt). Undersøkinga gjer vanlegvis ikkje vondt, men iblant krevst eit visst trykk på magen som ikkje er farleg for fosteret.

  3. Etter

    Svar på ultralydundersøkinga får du som regel med ein gong. Dersom tidleg ultralyd er tatt saman med blodprøve kan det ta opptil 2 veker før du får svar.

    Ultralydundersøkinga og blodprøva gir ingen diagnose, men ei risikoberekning. Kun morkakeprøve/fostervatnprøve gjev sikker diagnose på kromosomavvik.

    Dersom det er funn ved undersøkinga vil vi tilvise deg til Fostermedisinsk senter ved Haukeland Universitetsjukehus for vidare utgreiing.

Ver merksam

Det er ingen biverknadar ved denne undersøkinga. Det finst ingen data som viser at ultralyd skadar fosteret. Det er heller ikkje auka abortrisiko etter undersøkinga.

Gå til Graviditet - Tidleg ultralyd med nakketranslusensmåling

Les meir om Graviditet - ultralyd rutineundersøking

Graviditet - ultralyd rutineundersøking

Rutine ultralyd er ei undersøking som blir tilbydd alle gravide rundt veke 18 i svangerskapet.

  1. Før

    Det er inga førebuingar før denne undersøkinga, men det er tilrådd at du får tømt blæra før du går inn til undersøkinga.

    Du kan gjerne ha med følgjeperson på undersøkinga, men det er ikkje tilrådd å ha med barn.

  2. Under

    Fosteret blir undersøkt med ultralyd for å sjå at alt står bra til.

    Vi undersøkjer hjerne, hjarte, armar og bein. Om jordmor ser noko som kan tyde på at fosteret vil trengje ekstra oppfølging, blir lege på avdelinga kontakta.

  3. Etter

    Du kan forlate avdelinga etter undersøkinga er ferdig.

Gå til Graviditet - ultralyd rutineundersøking

Ultralyd av gravid kvinne. Foto
Ultralyd. Foto: Oslo universitetssykehus

Fosterdiagnostikk

Fosterdiagnostikk er å stille ein diagnose på foster før det er fødd. Ein kan gjere genetiske undersøkingar, ta blodprøvar av mor og ultralyd. Diagnostikken er regulert ved lov. Rutine ultralyd og ultralyd som ein del av oppfølginga i spesialisthelsetenesta er ikkje regulert av denne lova.

For å få utført fosterdiagnostiske prøver og undersøkingar må det vere ei medisinsk årsak. Årsakene er regulert i ein retningslinje som beskriv kven som kan få tilbodet.

Les meir om Graviditet - fosterdiagnostikk

Graviditet - fosterdiagnostikk

Fosterdiagnostikk inneber å stille ein diagnose på foster før det er fødd. Vi kan bruke ultralydundersøkingar, genetiske undersøkingar av celler i fostervatn eller frå morkaka, og blodprøvar av mor.

  1. Før

    Dersom du skal til fostervatnprøve eller morkakeprøve (invasiv prøve), er det fint om du tar med deg eit skriftleg prøvesvar på blodtypen din om du har eit notat på dette (for eksempel helsekort frå tidlegare svangerskap eller svar på blodprøva frå dette svangerskapet).

  2. Under

    Prøvane og undersøkinga blir utført på fostermedisinsk avdeling av leger og jordmødrer.

    Metodar utan inngrep (ikkje-invasive metodar)

    Ikkje-invasive metoder har ingen risiko for mor eller foster. Det er viktig å forstå at disse metodane bare gjer eit risikoestimat. Det vil seie at ein negativ test (lav risiko for sjukdom) ikkje gjer garanti for at fosteret er friskt. Ein positiv test (auka risiko for sykdom) krev stadfesting med invasiv diagnostikk.

    • Tidleg ultralyd med måling av nakkeoppklaring: Blir utført mellom veke 11 og 14. Alle fostera har då ein liten væskebrem under huda i nakken som kallast for nakketranslusens eller nakkeoppklaring. Har oppklaringa auka, er det auka risiko for kromosomsjukdom hos fosteret, for eksempel Down's syndrom (trisomi 21). Auka hevelse kan ein også sjå ved andre tilstandar som for eksempel hjartefeil, men fosteret kan også vere heilt friskt.

    Blodprøvar av mor: NIPT-test (ikkje invasiv prenatal test) er ei blodprøve som kan analysere arvestoffet til fosteret (DNA) for kromosom forandringar, DNS frå fosteret finnast i små mengder i mor sitt blod. Testen blir vanlegvis utført frå svangerskapsveke 10. Alle som skal ha NIPT-test må levere signert samtykke og må også bekrefte at dei har hatt rettleiing om tidleg ultralyd og fosterdiagnostikk. Tidlegare blei blodprøven duotest brukt. Denne er ikkje brukt lenger i Norge.

    Metodar med inngrep (invasive metodar)

    Kva slags analysar som blir utført på materialet kjem an på årsaka til at du blir tilvist, og ein total risikovurdering.

    Morkakeprøve

    Utførast etter fullgåtte 11 svangerskapsveker med ultralydrettleia tilgong gjennom mors mage eller skjeda.

    Fostervatnsprøve

    Utførast etter fullgåtte 15 svangerskapsveker med ultralydrettleia innstikk gjennom mor si mage.

    Invasive metodar kan medføre ein viss risiko for mor eller foster (spontanabort, for tidleg vatnavgang eller for tidleg fødsel).

    Svangerskapslengde blir vurdert av legen som tar prøven, basert på måling av fosterets størrelse den dagen prøven skal bli tatt.

  3. Etter

    Ved invasive metodar vil avdelinga for medisinsk genetikk analysere prøvane. Resultata blir formidla av den som bestemte, saman med deg, at invasiv test skulle nyttast, eller den som utførte testen. Legen som tar prøven informerer deg om korleis resultata blir formidla til deg, din lege eller jordmor.

Gå til Graviditet - fosterdiagnostikk

Les meir om Graviditet - forstervassprøve

Graviditet - forstervassprøve

Fostervatnet inneheld celler frå fosteret som kan analyserast ved genetisk laboratorium. Analysane kan gi svar på om fosteret har ein kromosomsjukdom som for eksempel Down's syndrom. Nokon gonger er det også aktuelt å undersøke for andre sjukdommar hos fosteret.

Dei som har auka risiko for å få eit foster med kromosomsjukdom eller annan alvorleg sjukdom har tilbod om fostervatnsprøve. For å få utført fostervatnsprøve må ein ha tilvsing frå eigen lege eller frå ei avdeling for medisinsk genetikk.

  1. Før

    Før undersøkinga vil du få genetisk rettleiing ved ei avdeling for medisinsk genetikk.

  2. Under

    Først gjer vi ei orienterande ultralydundersøking for å finne storleiken på fosteret, og for å finne ut kor det passar best å føre inn nåla. Det blir ikkje gjort ei full ultralydundersøking av fosteret.

    Under ultralydrettleiing fører vi ei tynn nål inn i fostervatnshola og syg ut ca. 15 ml fostervatn. Undersøkinga blir utført frå 15 vekers svangerskap og seinare.

    Prøvetakinga kan gjere litt vondt, omtrent som ei vanleg blodprøve.

  3. Etter

    Vi ber deg vente ca. 15 minutt før du forlet sjukehuset. Den nærmaste veka skal du ta det litt meir med ro enn vanleg. Dersom du har fysisk tungt arbeid, kan det vere behov for sjukemelding nokon dagar.

    Cellene må dyrkast i laboratoriet. Kor tid kvar enkelt får det endelege svaret, vil vere avhengig kor fort cellene vil gro. Vanlegvis tar det to til fire veker før svaret føreligg. Eit brev med resultata frå prøva vil bli sendt heim til deg.

Ver merksam

0,5 til 1 % av dei som tar fostervatnsprøvene vil få spontanabort på grunn av sjølve prøvetakinga. Denne kjem vanlegvis i dagane / veka etter prøva er tatt.

Gå til Graviditet - forstervassprøve

Les meir om Graviditet - morkakeprøve

Graviditet - morkakeprøve

Ved ei morkakeprøve tar vi celler frå morkaka for å sjå om fosteret har ein kromosomforandring eller genetisk sjukdom. Kvinner som har høg risiko for å få eit foster med kromosomforandring eller annan spesifikk alvorleg sjukdom, kan få tilbod om morkakeprøve. 

  1. Før

    Undersøkinga blir utført frå svangeskapsveke 11.

    Ta med prøvesvar på din blodtype om du har eit skriftleg notat på dette. Det kan vere frå eit helsekort frå tidlegare svangerskap eller svar på blodprøva fra dette svangerskapet.
    Om du nyttar blodfortynnande medisinar, bør du ikkje ta desse det siste døgnet før morkakeprøva. Det er viktig at du informerer legen som har skrevet ut medisinane, i tilfelle du ikkje bør ha opphald i behandlinga med blodfortynnande medisinar.

    Du vil først få genetisk rettleiing ved en avdeling for medisinsk genetikk. Mange er utgreia for moglegheita for alvorleg sjukdom hos fosteret (til dømes alvorleg arveleg sjukdom) før svangerskapet og vil derfor kjenne til metoden. Om det er ultralydfunn som er grunna til morkakeprøva, er det vanlegvis lege ved fostermedisinsk avdeling som gjer informasjon.

  2. Under

    Før morkakeprøve utfører vi ein ultralydundersøking for å finne ut kor stort fosteret er, og kva slags metode som er mest eigna. Kva metode som blir valt, er avhengig av korleis morkaka er plassert. Det blir ikkje gjort full ultralydundersøking av fosteret.

    Morkakeprøven kan utførast på to ulike måtar:

    Gjennom magen (transabdominalt)

    Om ein går gjennom magen fører vi ein nål inn i morkaka under ultralydrettleiing og syg ut vev frå denne.

    Gjennom skjeda (transcervicalt)

    Om ein går gjennom skjeda, fører vi eit tynt kateter under ultralydrettleiing via skjeda og inn i morkaka der ein syg ut vev.

    Prøvetakinga kan gjere litt vondt. Smerta blir opplevd forskjellig vis, for dei fleste er det omtrent som ved ein vanleg blodprøve.

  3. Etter

    Du skal vente i 15 minutt før du forlet sjukehuset etter undersøkinga.

    Veka etter undersøkinga skal du ta det litt meir med ro enn vanleg. Om du har tungt fysisk arbeid, vil det kunne vere behov for sjukemelding i nokre dagar.

    Morkakecellene blir undersøkt i laboratorium for medisinsk genetikk. Tida det tar å få svar på prøvane, kjem an på kva som skal undersøkjast. Vanlegvis tek det minst ei veke. Enkelte spesielle undersøkingar kan ta opptil fleire veker.

Ver merksam

Om lag 0,5% av dei som tar morkakeprøve vil spontanabortere på grunn av sjølve prøvetakinga. Spontanaborten kjem vanlegvis i løpet av veka etter prøven er tatt.

Gå til Graviditet - morkakeprøve

Behandling

Diabetes

Diabetes er ein kronisk stoffskiftesjukdom som enten skuldast mangel på hormonet insulin, eller at kroppen ikkje klarer å utnytte insulinet riktig. Insulin er eit hormon som blir laga i bukspyttkjertelen, og som regulerer sukkermengda i blodet. Dersom du har diabetes bør denne vere godt regulert før du blir gravid.

Les meir om Diabetes og svangerskap

Diabetes og svangerskap

I samband med svangerskap skil vi mellom to hovudgrupper av diabetikarar. Kvinner som har kjent diabetes type 1 eller 2 før svangerskapet, og dei gravide som utviklar diabetes under svangerskapet (Svangerskapsdiabetes).

Les meir om diabetes og graviditet på helsenorge.no

  1. Før

    Din diabetes bør vere godt regulert før du blir gravid. Det har betydning for utviklinga av svangerskapet, og det vil vere med på å førebygge komplikasjonar. Om du har diabetes og planlegg å bli gravid, bør du snakke med fastlegen din om dette.

    Dei fleste kvinner med diabetes er som regel allereie undar behandling med insulin når dei blir gravide, og vil fortsetje med dette under svangerskapet.

    Ta kontakt med legen straks du får stadfesta at du er gravid. Det vil då bli lagt ein vidare plan for oppfølging og svangarskapskontroller. Det er viktig at du følger opp kontrollane og planen som blir lagt.

  2. Under

    Ditt behov for insulin og mat vil endre seg i løpet av svangerskapet, og ein velregulert diabetes frå starten og gjennom svangerskapet er viktig for din helse, fosterutviklinga og barnets helse. Ein dårleg regulert diabetes kan gi auka risiko for svangerskapskomplikasjonar som for eksempel høgt blodtrykk og stort foster.

    Du vil gå jamnleg til kontroll gjennom heile svangerskapet i tråd med for vidare oppfølging. På kontrollar vil ein sjekke blodsukker, urin, blodtrykk og ein kan gjere vekstvurderingar av fosteret. Du må også sjølv måle ditt blodsukker jamnleg heime.

  3. Etter

    Barn av mødrer som har diabetes, har auka risiko for å få lågt blodsukker dei første døgna etter fødselen. Blodsukkeret til barnet vil derfor bli kontrollert det første døgnet, eller fram til blodsukkerverdiane er fine.

    Dei fleste barn av mødrer med diabetes treng litt ekstra mat inntil moras eigen mjølkeproduksjon er komen i gong. Om blodsukkeret til barnet blir for lågt, vil barnet følgast opp ved nyfødtavdelinga.

    Dersom du hadde diabetes før du blei gravid, vil du fortsatt ha sjukdommen og må halde fram med diabetesbehandlinga etter fødsel. I barseltida vil dine blodsukkerverdiar og behov for insulin som oftast gå tilbake til slik det var før graviditeten. Men ammestart krev ofte ekstra energi, noke som gjer at ein vil følgje blodsukkerverdiane dine tett dei første dagane etter at du har fødd.

Ver merksam

Ved svangerskap kan blodsukkerverdiane endre seg i forhold til det som ellers er vanleg for deg.

Det er derfor viktig at kvinna og hennar næraste kjenner symptoma på føling (for lågt blodsukkar); sultkjensle, trøyttleik, irritabilitet, kvalme, konsentrasjonsvanskar, hodepine, skjelving.

Ta kontakt med sjukehuset dersom det er vanskeleg å oppnå tilfredsstillande blodsukkerverdiar, eller om du er bekymra for om svangerskapet utviklar seg som det skal.

Gå til Diabetes og svangerskap

Svangerskapsdiabetes er diabetes som blir oppdaga eller oppstår i graviditeten. Dette medfører ekstra oppfølgjing av mor og foster avhengig av alvorlegheitsgrad. Det kan gi auka risiko for svangerskapsforgifting og føre til komplikasjonar under fødselen, mellom anna fordi barnet kan få for høg fødselsvekt. I tillegg er det auka risiko for diabetes seinare i livet.

Overvekt

Overvekt og fedme medfører ein helserisiko som kan reduserast ved sunnare kosthald og fysisk aktivitet. Svangerskap er ein periode der kvinner kan vere særleg motivert og mottakeleg for informasjon og oppfølging av overvekt og fedme. Sunnare kosthald og auka aktivitet gir så langt vi veit ikkje uheldige utfall for svangerskapet. Aktiv slanking er ikkje tilrådd.

Les meir om Graviditet - overvekt

Graviditet - overvekt

Overvekt og fedme i svangerskapet aukar risikoen for komplikasjonar i svangerskapet, under fødsel og i barseltida. Overvekt og fedme kan opptre åleine eller vere ein del av eit samansett sjukdomsbilete. Alle gravide blir tilråda minimum 30 minutt fysisk aktivitet kvar dag (gå gjerne tur). Ved BMI over 30 er anbefalt vektauke i svangerskapet 5-9 kg.

Overvekt og fedme medfører ein helserisiko som kan reduserast ved sunnare kosthald og fysisk aktivitet. Svangerskap er ei periode der kvinner synast å vere særleg motivert og mottakeleg for informasjon og oppfølging av overvekt og fedme. Sunnare kosthald og auka aktivitet gjer så langt vi veit ikkje uheldige utfall for svangerskapet. Aktiv slanking tilrådast ikkje.

Matportalen.no gir deg ei oversikt over norske myndigheiter sine kostråd til gravide

  1. Før

    • Gravide med overvekt eller fedme med BMI under 35 blir følgt opp i primærhelsetenesta. Vi anbefaler tett oppfølging med råd om endringar i kosthald og livsstil.
    • Gravide med BMI over 30 blir anbefalt blodprøve (HbA1c) innen svangerskapsuke 16 for å avdekke eventuell uoppdaga diabetes mellitus.
    • Gravide med BMI over 25 blir anbefalt glukosebelastning i svangerskapsuke 24-28 for å avdekke svangerskapsdiabetes.
    • Ved BMI over 35 blir gravide tilvist til spesialist ved 24 vekers svangerskap, for oppfølging hos spesialist ved 24, 32 og 36 vekers graviditet.
    • Oppfølginga frå og med veke 32 bør skje på den poliklinikken der den gravide skal føde. Oppfølgingas omfang vil vere avhengig av om det også er andre tilleggstilstandar som påverkar den gravide og fosteret (svangerskapsforgifting, høgt blodtrykk eller diabetes).

  2. Under

    Ved normal svangerskapsutvikling og uten tilleggsdiagnosar blir det anbefalt trivselskontroll i løpet av den første uka etter termin. Vi vurderer og å igangsetje fødselen om du ikkje går spontant i fødsel. Ved tidleg fødsel vil fødselslege og anestesilege orienterast.

    For å førebyggje komplikasjonar anbefaler ein nokre ekstra tiltak for å overvake deg og fosteret under fødsel, for eksempel blodprøvar, ekstra fosterovervaking, intravenøse tilgangar og klargjering for tidleg epidural.

    Når barnet skal fødast vil fødselshjelparane rettleie deg, særleg i slutten av utdrivingsfasen. Blir det behov for vacum- eller tangforløysing kan det vurderast å gjere dette på ei operasjonsstove. Då kan det raskt utførast keisarsnitt ved behov. Ved svært høg BMI kan det vurderast planlagt keisarsnitt.

  3. Etter

    Gravide med fedme har auka risiko for blødning etter fødsel. Fødselshjelparane vil derfor vere ekstra merksame på dette. Etter fødsel er det viktig at du kjem deg raskt i aktivitet.

    Støttestrømpar, aktivitet og blodfortynnande sprøytar vil kunne førebyggje blodpropp.

    God rettleiing under ammestart kan førebyggje ammeproblem.

Gå til Graviditet - overvekt

 

Blodpropp

Det er viktig for deg som er gravid å kjenne til symptoma på blodpropp. Ver merksam på einsidige smerter i lyske, særleg venstre side, låge einsidige magesmerter eller akutt tung pust, rast pust og høg puls. Slike symptom bør bli undersøkt av lege relativt raskt.

Les meir om Graviditet - Blodpropp før eller i svangerskapet

Graviditet - Blodpropp før eller i svangerskapet

Det er viktig for deg som er gravid å kjenne til symptoma på blodpropp. Ver obs på einsidige smerter i lyske, særleg venstre side, låge einsidige magesmerter eller om du blir akutt tungpusten, rask pust og høg puls. Slike symptom bør undersøkjast av lege relativt raskt.

Eit svangerskap aukar risikoen for blodpropp med 5-10 gonger. Dette gjeld blodpropp i venane som fører blodet frå kroppen og tilbake til hjartet. Det vanlegaste er å få blodpropp i beina (djup vene trombose) eller i lungene (lungeemboli). Risikoen er auka heile svangerskapet, men er absolutt høgast dei første 6 vekene etter fødsel.

Blodpropp i låret eller lysken

Hos gravide sit ofte blodproppen i låret eller i lysken og ofte på venstre side (80-90%). Hos ikkje-gravide er det mest vanleg med blodpropp i leggane.

Symptoma er ofte smerter i lysken, men det kan også vere einsidige låge mage- eller ryggsmerter. Etter kvart vil beinet hovne opp. Diagnosen bli stilt ved ultralyd av beina og lyskane.

Har du hatt blodpropp utan å vere gravid eller i tidlegare graviditet er det tilrådd med blodfortynnande sprøyter (LMVH) i heile svangerskapet og til 6 veker etter fødsel for å førebyggje ny blodpropp.

Blodpropp i halsen eller hovudet

Blodpropp kan også oppstå andre stader, for eksempel på halsen. Denne er ofte forbundet med overstimulering etter prøverøyrsbehandling.

  • Venøs blodpropp i hovudet (sinus vene trombose) blir behandla på same måte som blodpropp i bein eller lunger. Denne har god prognose.
  • Arteriell blodpropp i hovudet (hjerneslag) er svært sjeldan og blir behandla på same måte som hos ikkje-gravide.

Dersom du er gravid og tidlegare har hatt hjerneslag, bør du få blodfortynnande medisinar i svangerskapet (vanlegvis aspirin-tablettar). Dette er ufarleg for deg og for barnet.

  1. Før

    Nokre gonger løyser ein blodpropp ute i venene og stoppar i lungen (lungeemboli). Dette kan vere livstrugande om du ikkje får behandling. Symptoma er at du blir tungpusten, rask pust, høg puls og eventuelle smerter. Diagnosen blir stilt ved ein CT undersøking eller ein isotop undersøking av lungene. Undersøkingane er ikkje farleg for barnet.

  2. Under

    Både akutt blodpropp i beina og lungene blir behandla med injeksjonar med blodfortynnande medisin. Medisinen gir god og trygg behandling for deg og blir ikkje overført til barnet fordi han ikkje passerer morkaken. Det er ikkje auka risiko for svangerskapskomplikasjonar og du kan vanlegvis føde normalt. Det er ein litt auka risiko for bløding under og etter fødsel. Dette er fødselshjelparane førebudd på og har eventuelle tiltak klare.

    Blodfortynnande medisin kan gje avgrensingar for om du kan få eller når du kan få epiduralbedøving under fødsel. Dette er avhengig av når siste dose med blodfortynnande medisin er sett. Vanlegvis kan epidural bli gitt 24 timer etter behandlingsdose og 10-12 timar etter førebyggjande dose.

  3. Etter

    Når barnet er fødd gir ein første dose blodfortynnande medisin (lav molekylært heparin) cirka 6 timar etter fødsel. Ved stor bløding kan dette utsetjast noko. Du fortset med blodfortynnande behandling i 6 veker etter fødsel.

    Det er svært viktig at du tar blodfortynnande medisinar i desse 6 vekene då risiko for ny blodpropp aukar. Det er heilt trygt å amme mens du tar medisinane.

Gå til Graviditet - Blodpropp før eller i svangerskapet

Vaksinering av RhD-negative gravide

16 prosent av norske kvinner har blodtype rhesus negativ. Når dei blir gravide er sjansen stor for at fosteret har blodtype rhesus positiv. Då kan mor danne antistoff mot blodet til fosteret, noko som kan vere skadeleg for barnet.

Les meir om Vaksinering av RhD-negative gravide som ber eit RhD-positivt barn

Vaksinering av RhD-negative gravide som ber eit RhD-positivt barn

Er du RhD-negativ og gjennom blodprøve i svangerskapsveke 24 får påvist at du ber på eit RhD-positivt barn, skal du vaksinerast med Rhophylac (anti-D) 2 gonger. Den første vaksina får du rundt veke 28, og den siste innan 3 dagar etter fødsel.

Under graviditet og fødsel kan noko av barnets blod kome over i din blodbane. Dersom barnet er RhD-positivt kan dette føre til at du som RhD-negativ dannar antistoff mot barnets blod (RhD-immunisering). Antistoffa kan passere over til barnets blodbane og øydeleggje blodlegeme. Som regel skjer dette i neste svangerskap med eit RhD-positivt barn. Vaksina setjast for å hindre at du dannar antistoff.

Les meir om rutinemessig RhD-testing på helsedirektoratet.no

  1. Før

    Lege/jordmor som har ansvar for svangerskapskontrollane, gjer deg informasjon om når og kor du kan få vaksina.

  2. Under

    Vaksina blit satt av jordmor. Vaksinering med Rhophylac (anti-D immunglobulin), 2 ml som setjast intramuskulært. Deretter må du vente i 20 minutt før du kan reise heim. Det er svært sjeldan nokon har reaksjonar på slike vaksiner.

  3. Etter

    Etter behandlinga skal det ikkje tas kontrollprøvar av din RhD-status resten av svangerskapet, men det vil bli tatt prøve av blod frå navlestrengen til barnet etter fødsel for å sjekke barnets blodtype RhD ein gong til. Når barnet er RhD-positivt, vil du få ein ny vaksine på sjukehuset før du reiser heim.

Gå til Vaksinering av RhD-negative gravide som ber eit RhD-positivt barn

 

Ekstrem svangerskapskvalme

Nesten alle kvinner opplever kvalme eller oppkast når dei er gravide. Alvorleg svangerskapskvalme rammar eit fåtall, men er likevel ein hyppig årsak til sjukehusinnlegging tidleg i svangerskapet. Alvorleg svangerskapskvalme blir også kalla hyperemesis gravidarum (HG), kortforma hyperemesis blir oftast brukt.

Alvorleg svangerskapskvalme kan bli definerast på ulike vis, men Verdas helseorganisasjon (WHO) definerer sjukdommen som vedvarande kvalme og oppkast som startar før 22. svangerskapsveke.

Les meir om Svangerskapskvalme

Svangerskapskvalme

Nær alle kvinner opplever noko kvalme eller oppkast når dei er gravide. Den vanlegaste svangerskapskvalmen er plagsam og ein kan føle seg veldig sjuk, men kvalmen fører som oftast ikkje til ernæringssvikt eller sjukdom hos mor eller foster.

Kvalmen er verst dei første 12 vekene, og etter kvart som svangerskapet utviklar seg vil kvalmen avta. Kosttendring (små, proteinrike måltid) og hjelpemiddel som akupressur, ingefær eller reseptfri kvalmestillande medisin kan hjelpe mot kvalmen. Spør fastlegen eller apotekpersonell om råd.

Alvorleg svangerskapskvalme

Nokon gravide (1-3 prosent) utviklar alvorleg svangerskapskvalme - hyperemesis gravidarum - som kan føre til væsketap (dehydrering), elektrolyttforstyrringar og ernæringssvikt, og treng som oftast behandling på sjukehus.

Intens kvalme og oppkast påverkar arbeidsevne og kapasitet til å delta i kvardagslege gjeremål og aktivitetar. Den mest frykta, men sjeldne komplikasjonen for mor, er hjerneskade grunna mangel på vitamin B1 (tiamin).

Fleire studiar har vist at barnet kan ha auka risiko for å bli fødd for tidleg eller bli fødd med låg fødselsvekt. Risikoen for dette er auka om kvinna ikkje får korrigert væske- og næringsinntaket. Det er derfor viktig at gravide med alvorleg svangerskapskvalme får behandling - og at dei følger behandlingsopplegget og råd frå lege / jordmor.

  1. Før

    Vekta til den gravide vil bli målt og vektutviklinga blir fulgt opp. Ultralydundersøking blir utført for å bekrefte svangerskapslengda og velbefinnande hos fosteret. Det vil også bli tatt urin- og blodprøvar blant anna for å kontrollere salt-, elektrolytt- og ernæringsstatus.

    Kvinnar med mild og moderat svangerskapskvalme kan ofte behandlast heime med symptomlindrande tiltak. Kvalmestillande medisinar, kostrettleiing, vitamintilskot og ro gjer at dei fleste greier å få i seg nok væske og næring.

  2. Under

    Gravide med alvorleg svangerskapskvalme treng oftast innlegging på sjukehus.

    Kvinna får kvalmestillande behandling og tilførsel av væske, elektrolyttar og næring, inkludert vitamintilskot.

    Den beste måten å få tilført næring og nødvendige vitaminar (om ein ikkje klarer å ete / drikke sjølv) er å få dette tilført ved hjelp av ei sonde – at ein tynn slange blir lagt ned i magesekken. Næringsløysing blir tilført via sonden.

    Under sjukehusopphaldet blir allmenntilstanden, vekt, urin- og blodprøvar kontrollert regelmessig. Når allmenntilstanden er betra, kan den gravide utskrivast med avtale om vidare kontroll og korleis behandlinga skal følgast opp heime. Mange blir utskriven frå sjukehuset med sonde og forset med sondeernæring heime.

  3. Etter

    Ro, og moglegheit for kvile og søvn er sentralt i behandlinga av tilstanden. Dette kan vere krevjande å få til om det f.eks. er fleire barn i familien. Partnar, familie og vener sin hjelp og støtte er avgjerande for at behandlinga skal gi effekt. Psykologisk støtte og ro er ein viktig del av behandlinga.

    Sterke luktar kan provosere fram kvalme. Dei som er rundt den gravide bør derfor unngå å bruke sterk parfyme. Matlaging, mat som luktar, blomer - alt med sterk duft kan framkalle kvalme og brekningar. Derfor bør gravide med hyperemesis ikkje eksponerast for dette, verken på sjukehuset eller heime.

    Et små måltider. Det første måltidet bør takast i senga. Det er lurt å ha kjeks og vann på nattbordet, for å spise før du står opp. Unngå å legge deg like etter eit måltid. Det kan hjelpe å ete før du vert svolten. Ein tom magesekk kan forverre kvalmen ved matinntak. Ein tåler drikke som oftast best kald, klar og med kullsyre, gjerne i små porsjonar mellom måltida. Ispinner kan være ein god måte å få i seg væske på. Varme, høg luftfuktigheit, høge lydar og bilkjøring, kan også forverre kvalmen.

    Dei fleste går til fastlege/jordmor for vidare kontroll. Nokon vil trenge gjentatt behandling som kan bli gjort poliklinisk (utan innlegging på sjukehus). Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg kan det bli nødvendig med ny innlegging.

    Pasientforeininga Hyperemesis gravidarum er ei foreining for kvinner med alvorleg svangerskapskvalme. Dei gir råd og hjelp, og mange har sjølv erfaring fra å ha vore sjuk med hyperemesis og kan gi gode råd og støtte.

    Les meir på heimesida til Hyperemesis gravidarum

Gå til Svangerskapskvalme

Kontroll av fosterets vekst

Om eit foster veks lite kan det skuldast genetiske / arvelege årsaker, sjukdom hos mor, sjukdom i morkaka eller sjukdom hos foster. Ofte spelar fleire faktorar inn. Dersom fosterets vekst avvik frå normalkurva, vil ein undersøke årsaka til avviket nærmare med ei utvida ultralydundersøking.

Les meir om Graviditet - tilvekstkontroll

Graviditet - tilvekstkontroll

Frå og med svangerskapskontrollen i veke 24 vil jordmor eller fastlege måle livmora frå symfusen (skambeinet) til toppen av livmora med eit måleband (symfuse-fundus må, SF-mål) som eit mål på storleiken til fosteret. Om SF-målet avvik frå normalkurva, vil du bli tilvist til svangerskapspoliklinikk for vidare undersøking med ultralyd for å finne årsaka til avviket.

Fleire forhold kan påverke SF-målet:

  • Høgt SF-mål kan vere uttrykk for stort barn, muskelknute, mykje fostervatn eller tvillingar
  • Lågt SF-mål kan vere teikn på for lite fostervatn eller at fosteret veks lite

Det kan også vere at alt er heilt normalt sjølv om SF-målet er enten høgt eller lågt.

At eit foster veks lite kan skuldast genetiske / arvelege årsaker, sjukdom hos mor, sjukdom i morkaka, eller sjukdom hos fosteret. Ofte spelar fleire faktorar inn.

Målet med undersøkinga er å avklare moglege årsaker og planleggje vidare oppfølging og behandling. Ofte er det nødvendig med fleire kontrollar, og nokre gonger blir det anbefalt å framskunde fødselen.

  1. Før

    Dersom du blir tilvist til svangerskapspoliklinikken må du ta med ei urinprøve når du skal til undersøkinga.

    Lite fosterbevegelsar

    Eit resultat av manglande tilvekst og trivsel hos fosteret kan vere at fosteret bevegar seg mindre, og at du kjenner mindre fosterbevegelsar, mindre liv. Ved betydeleg og vedvarande reduksjon i fosterbevegelsar på tross av fokus på å kjenne etter, bør du kontakte fødeavdelinga direkte.

  2. Under

    Det er rutine å kontrollere mor sitt blodtrykk og urin ved ein tilvekstkontroll.

    Registrering av fosterets hjarterytme

    Ved tilvekstkontroll vil det også i nokre tilfelle gjerast ei registrering av fosteret sin hjarterytme (CTG). Dette blir då gjort enten før eller etter at legen gjer ei ultralydundersøking.

    CTG-undersøking. Foto: Oslo universitetssykehus
    Ultralydundersøking

    Ultralydundersøkinga inkluderer:

    • Målingar av fosteret (hovud, buk og lårbein)
    • Mageomkrets og lengda på lårbeinet
    • Samanlikning med tidlegare målingar og estimering av fostervekt
    • Evaluering av fostervatnmengde
    • Vurdering av fosteraktivitet
    • Eventuelt gjennomgang av fosterets anatomi

    Som regel er måling av blodgjennomstrømminga i blodkara i navlesnora også ein del av undersøkinga. Ultralydundersøkinga blir utført av jordmødrer og legar, og er ikkje smertefullt for mor eller foster.

  3. Etter

    Resultata frå ultralydundersøkinga blir saman med informasjon om helsa di, risikofaktorar, resultat frå tidlegare undersøkingar, alderen til fosteret og vekst over tid avgjerande for svangerskapet framover.

    Nokre gravide blir følgt opp vidare hos fastlege eller jordmor, nokre blir følgt opp vidare poliklinisk på sjukehuset, og nokre blir innlagt til observasjon og hos enkelte planleggjast fødsel.

    Kva som er beste fødselsmetode for foster med tilveksthemming og tidspunktet for når fødselen skal planleggjast, må vurderast individuelt i kvart enkelt svangerskap.

    Neste svangerskap

    Det er auka risiko for gjentaking av veksthemming hos fosteret i neste svangerskap. Dersom du planlegg å bli gravid fleire gonger bør det neste svangerskapet planleggjast og følgjast opp i samarbeid med spesialisthelsetenesta. Oppfølging i neste svangerskap kan innebere tidleg ultralyd, bruk av medikament (Albyl-E) frå svangerskapsveke 12 i tillegg til regelmessige tilvekstkontrollar seinare i svangerskapet.

Gå til Graviditet - tilvekstkontroll

Svangerskapskløe og svangerskapsforgifting

Hormon kan påverke huda og svangerskapskløe kan oppstå. Ei anna årsak til kløen kan vere auka leververdiar og gallesyre på grunn av svangerskapet.

Svangerskapsforgifting eller preeklampsi kan ramme gravide i siste del av svangerskapet. Symptoma er ofte milde, men må alltid takast på alvor. Livet til både mor og barn kan vere trua dersom tilstanden blir forverra.

Les meir om Graviditet - svangerskapskløe

Graviditet - svangerskapskløe

Kløe i svangerskapet skjer hyppig og er for det meste ein ufarleg tilstand som ikkje krev oppfølging. Langt sjeldnare (1%) skuldast kløa hepatose. Hepatose er kjenneteikna av forhøga galle- og leverfunksjonsprøvar og kløe utan utslett i spesielt hender og under fotsålene. Kløa er vanlegvis verst om nettene og førekjem ofte i slutten av svangerskapet.

  1. Før

    I tillegg til kløe i handflater og fotsåler kan symptoma vere trøyttleik, vekttap, smerter i matrøyret, mørk urin og gallestein.

    Får du desse symptoma bør du ta kontakt med din jordmor / fastlege for å ta ein blodprøve.

    Symptoma kan oppstå før det gir utslag på blodprøvane. Ved vedvarande og typisk kløe, men normale blodverdiar bør det derfor vurderast å gjenta prøvetakinga. Det er ikkje samanheng mellom kløeintensiteten og gallesyrenivåa.

    Symptoma kan forvekslast med gallestein og ved tvil bør du bli tilvist til ultralydundersøking av lever og gallevegar. Symptoma kan også forvekslast med svangerskapsforgifting, akutt fettlever i svangerskapet og virusinfeksjon. Ved tvil blir det tatt utvida blodprøvar.

  2. Under

    Ved hepatose får du ofte behandling med K-vitamin, Ursofalk og Polaramintablettar for å lindre kløe, hjelpe ved søvnvanskar og redusere gallesyrenivået.

    Ved høge nivå av gallesyre kan det vere ein auka risiko for uheldige svangerskapsutfall / komplikasjonar mot slutten av svangerskapet. Svangerskapet blir derfor følgt tett og det vil fortløpande bli vurdert om det er behov for å setje i gang fødselen.

  3. Etter

    Gravide med hepatose kan ha K-vitamin mangel som kan medføre auka blødingsfare etter fødsel. Fødselshjelparane vil ha tiltak klare for å førebyggje og behandle slike blødingar.

    Gravide som har hatt hepatose har 90% risiko for gjentaking i eit nytt svangerskap.

    Etter fødsel slutar du med medisinar. Vidare oppfølging skjer hos fastlege med kontroll av leverfunksjonar ca. 14 dagar etter fødsel. Du skal også vere forsiktig ved bruk av p-pillar som kan utløyse same tilstand.

Gå til Graviditet - svangerskapskløe

Les meir om Graviditet - svangerskapsforgifting

Graviditet - svangerskapsforgifting

Svangerskapsforgifting, også kjend som preeklampsi, er ein sjukdom som berre kan oppstå i samband med svangerskap. Tilstanden er definert som nyoppstått forhøga blodtrykk i svangerskapet saman med protein i urinen etter 20. svangerskapsveke. Vi definerar også nyoppstått forhøga blodtrykk saman med andre tekn på dårleg fungerande organar, slik som leversvikt, som svangerskapsforgifting. 

Ingen veit enno kva som forårsakar svangerskapsforgifting. Vi veit imidlertid at årsaka kan knyttast til morkaka si funksjon. Vi tror i dag at stoff frå morkaka kjem over i den gravides blodsirkulasjon og påverkar blodåreveggene slik at kvinna får auka blodtrykk samt lekkasjon av proteinar gjennom nyrenes årevegger. Nokre kvinnar med preeklampsi har tekn på dysfunksjon av andre organar enn nyrene, slik at dei i staden for proteiner for eksempel har auka leverenzymer i blodet.

Om kvnna berre utviklar forhøga blodtrykk utan proteinar i urinen, eller andre organsvikttekn, blir tilstanden kalla svangerskapsindusert hypertensjon. Nokre kvinner har eit forhøga blodtrykk allereie før 20. svangerskapsveke, eller frå før dei blir gravide, dette blir kalla kronisk hypertensjon.

Til saman kallar ein svangerskapsforgifting, svangerskapsindusert hypertensjon og kronisk hypertensjon i svangerskapet for hypertensive svangerskapskomplikasjonar.

Hypertensive svangerskapskomplikasjonar kan gi komplikasjonar både for mor og foster.

Norsk gynekologisk forening (Den norske legeforening) har laga ein rettleiar i fødselshjelp. I vedlegg til kapittel 28 finn du meir informasjon om hypertensive svangerskapskomplikasjonar.

Pasientinformasjon om preeklampsi fra Norsk Gynekologisk Forening

Patient Information about Preeclampsia from the Norwegian Society for Gynecology and Obstetrics

  1. Før

    Vi anbefalar ein normal og sunn livsstil før og under graviditeten med fysisk aktivitet, eit sunt kosthald og normal vekt for å førebyggje komplikasjonar i svangerskapet, også hypertensive svangerskapskomplikasjonar.

    Sjølv med ein eller fleire risikofaktorar kan du få eit normalt svangerskap og fødsel.

  2. Under

    Blodtrykksenkande medisinar

    For å forhindre komplikasjonar (som hjernebløding) får kvinner med alvorleg hypertensive svangerskapskomplikasjonar ulike former for blodtrykkssenkande medisinar. Behandlinga minskar risikoen for komplikasjonar, men behandlar ikkje sjukdommen i seg sjølv.

    Hos dei fleste normaliserer blodtrykket seg nokre dagar etter fødsel, men nokon kvinner treng å bruke blodtrykkssenkande medikament ein tid etter fødselen. Nokon få må bruke medikament resten av livet. I sjeldne tilfelle kan svært alvorlege hypertensive svangerskapskomplikasjonar gi varige helseskader.

    Ultralyd

    Du blir følgt tett på svangerskapspoliklinikken med kontroll av blodtrykk, undersøking av urin, eventuelt blodprøvar og registrering av barnets hjarterytme (CTG). I tillegg utførar vi ultralydundersøkingar for å undersøke fostervekst, måling av blodgjennomstrømming i navlesnor og fostervatnmengde. Kor tett du vil bli følgt opp, kjem an på alvorlegheitsgraden.

    Observasjon på fødeavdeling

    For å overvake deg og fosteret med alvorlege hypertensive svangerskapskomplikasjonar blir nokre gravide innlagt på fødeavdelinga til observasjon. Det optimale forløysingspunktet er basert på fleire faktorar. Helsa di må vegast opp mot barnets risiko for komplikasjonar, for eksempel for tidleg fødsel.

    Igangsetting av fødsel eller keisarsnitt

    Vi kan sette fødselen i gang eller utføre keisarsnitt avhengig av mor og barns helse, svangerskapsalder, livmorhalsens modenheit og om du har fødd tidlegare.

  3. Etter

    Både kvinner og barn har etter svangerskapsforgifting ein noke auka risiko for å utvikle hjarte- og karsjukdommar seinare i livet. Det føreligg enno ingen klare retningslinjer for korleis kvinner som har hatt svangerskapsforgifting bør bli følgt opp, men Norsk gynekologisk forening har i sin veileder laga eit forslag som du kan diskutere med eigen lege, dersom du har gått gjennom preeklampsi.

    Vi anbefalar at du som har hatt svangerskapsforgifting har ein livsstil som kan bidra til å førebyggje hjarte- og karsjukdom. Det er viktig at du:

    • er fysisk aktiv
    • har eit variert og allsidig kosthald
    • begrensar inntak av metta fett, salt og sukker
    • unngå røykjing
    • opprettheld normal vekt

    (Retningslinjar frå Helsedirektoratet)

    Kontrollar

    Du bør ta opp di historie med svangerskapsforgifting ved rutinesjekk hos fastlege 6 veker etter fødsel. Fastlegen kan leggje opp eit vidare kontrollopplegg tilpassa din generelle helsetilstand og andre risikofaktorar for hjarte- og karsjukdommar. Dette kan for eksempel være kvart tredje år samstundes med screening for livmorhalskreft.

    Har du kronisk sjukdom som kan påverke hjarte- og karhelsa anbefalar vi at du blir følgt opp av fastlege / spesialist i neste svangerskap og seinare i livet.

    Friske kvinner som har fått svangerskapsforgifting og som fortsatt har høgt blodtrykk ved heimreise frå føde / barsel blir anbefala å følgje eit kontrollopplegg utanfor sjukehuset til dei har fått normalt blodtrykk.

    For deg som har hatt alvorleg svangerskapsforgifting kan det vere aktuelt med kontroll på svangerskapspoliklinikken 2-3 månader etter fødsel.

    Neste svangerskap

    Dersom du har hatt svangerskapsforgifting kan det vere aktuelt med dagleg Albyl-E frå veke 12 i neste svangerskap. Dette får du beskjed om ved heimreise eller ved kontroll etter fødsel. Vi anbefaler tidleg svangerskapskontroll med eventuelt ultralyd i neste svangerskap og kontrollar i samarbeid mellom fastlege eller jordmor og svangerskapspoliklinikken ved sjukehuset der du skal føde.

Gå til Graviditet - svangerskapsforgifting

Bløding seint i svangerskapet

Om du er mindre enn 22 veker på veg i svangerskapet, skal du kontakte lege eller legevakt dersom du blør. Du blir vurdert og eventuelle vidare undersøkingar eller behandling blir bestemt.

Om du har kome lenger enn 22 veker i svangerskapet skal du kontakte fødeavdelinga om du begynner å blø. Du vil då få rettleiing og plan for vidare oppfølging, undersøking og behandling vil bli vurdert.

Les meir om
Behandlinga eller undersøkinga gjerast fleire stader

For tidleg fødsel

Eit svangerskap varer vanlegvis mellom 37 og 42 veker. Dersom fødselen skjer før veke 37 er fullendt, er det ein for tidleg fødsel, det vil seie ein prematur fødsel. Prematur betyr eigentleg «førmoden». På engelsk blir det ofte kalla «preterm birth», altså fødsel før termin.

Les meir om for tidleg fødsel på helsenorge.no

Kvinner som er omskorne

Kvinner som er omskorne blir råda til å ta kontakt eller tilvisast for å avklare om det er behov for kirurgisk behandling før svangerskapet, i svangerskapet eller under fødsel. Overvaking av dei ulike stadia før fødsel og sjølve fødselen kan vere meir komplisert hos kvinner som er omskorne. Det beste er å bli opna i god tid før fødsel.

Igangsetting av fødselen

Ved enkelte svangerskapskomplikasjonar kan fødselen måtte settast i gang før termin for å betre di helse, betre vekstvilkåra til fosteret eller for å starte behandling av sjukdommar hos deg eller fosteret.

Les meir om Igangsetting av fødsel

Igangsetting av fødsel

Igangsetting av fødselen (induksjon) blir alltid gjort på bakgrunn av ei grundig vurdering, og blir berre gjort når dette blir vurdert som den beste behandlinga for mor og / eller barn.

Utgangspunktet for all fødselshjelp er å fremje ein naturleg fødsel. At fødselen startar spontant mellom svangerskapsveke 37 og 42 hos ei frisk mor etter eit ukomplisert svangerskap, er det beste for mor og barn. Men det er ikkje slik for alle. Det kan vere faktorar både hos mor, barnet eller hos begge som gjer at det beste er å framskunde fødselen.

Kor lang tid tar det?

Når vi set i gang fødselen, ønsker vi å framskunde fødselen før kroppen sjølv er klar for dette. Å få fødselen i gang kan derfor ta fleire dagar for nokon kvinner, mens for andre kan det ta berre nokre timar.

Om din fødsel blir sett i gang, bør du innstille deg på at det kan ta tid før fødselsriene startar og du føder.Det er aldri mogleg å seie nøyaktig kor lang tid ein fødsel vil ta. Når i svangerskapet fødselen blir sett i gang, om du har rier eller fostervatnet har begynt å renne og om du har fødd før, er alle faktorar som kan påverke kor lang tid fødselen tar. Korleis kroppen din responderer på den igangsettingsmetoden som blir brukt, veit vi ikkje før behandlinga er starta.

  1. Før

    Terminkontroll (veke 41-kontroll)

    Alle gravide får tilbod om terminkontroll på fødeavdelinga der dei skal føde, når dei er circa 4 dagar over termindato fastsett ved ultralyd. Svangerskapet er då ikkje på overtid.

    Overtid i svangerskapet er når svangerskapet varer meir enn 42 veker (>294 dagar), eller 11 dagar over termindato fastsett ved ultralyd.

    Terminkontrollen kan avtalast til første verkedag som er praktisk gjennomførbar for kvinna og sjukehuset.

    Kva skjer under terminkontrollen?

    Terminkontrollen er ein utvida svangerskapskontroll. Hugs å ta med deg «Helsekort for gravide» og andre papir du har fått av jordmor / lege til kontrollar. Dette er viktig for at vi skal få ei oversikt over korleis svangerskapet har vore. Dei undersøkingane vi gjer på kontrollen, blir ført på helsekortet.

    Ta med deg urinprøve som til ein vanleg svangerskapskontroll. Dei vanlege undersøkingane som blir gjort på ein svangerskapskontroll inngår i undersøkinga. I tillegg gjer vi følgande undersøkingar:

    • CTG-registrering der ein registrerer hjartelyd og aktivitet hos barnet ditt. Registreringa tar om lag ein halv time.
    • Ultralydundersøking for å vurdere mengda av fostervatn, sjå på fosterbevegelsar og fosterets storleik.
    • Vaginalundersøking kan vere aktuelt å gjere.

    Dei aller fleste drar heim etter den første terminkontrollen med ny avtale / time til andre terminkontroll - overtidskontroll. For dei fleste vil fødselen starte av seg sjølv før overtidskontrollen.

    Overtidskontroll (> 42 veker)

    Om du ikkje føder innan svangerskapsveke 42, vil jordmor / lege som følger deg i svangerskapet informere deg om når og kor du skal til overtidsvurdering.

    Kva skjer på overtidskontrollen?

    På overtidskontrollen blir det gjort ein utvida svangerskapskontroll, der jordmor / lege oftast også vil gjere ei gynekologisk undersøking. Det blir òg gjort ei ultralydundersøking for å kontrollere barnet.

    Ut frå dei undersøkingane som blir gjort, ein samtale med deg og ei vurdering av din og barnets tilstand - blir det lagt ein plan for vidare behandling og oppfølging. Om det blir bestemt at fødselen skal settast i gang, vil legen bestemme kva for ein igangsettingsmetode som er best for deg og barnet ditt.

  2. Under

    Ulike metodar for å sette i gang fødsel

    Det er ulike metodar som kan brukast for å framskunde ein fødsel. Kva metode som blir valt, blir avgjort etter ei individuell vurdering.

    Under graviditeten er livmorhalsen fast og fleire centimeter lang. Etter kvart som du nærmar deg fødselen, vil livmorhalsen bli mjukare og kortare, og begynner å opne seg.

    Illustrasjonen viser ein umoden livmorhals / mormunn. Mormunnen har ikkje begynt å opne seg og vevet er tjukt, langt og umode, slik det som oftast er før fødselen startar.

    Illustrasjonen viser ein moden livmorhals / mormunn der barnets hovud står og pressar mot livmorhalsen som er flata ut og har begynt å opne seg.

    For å avgjere korleis vi best kan få sett i gang fødselen, må lege eller jordmor gjere ei gynekologisk undersøking. Dei vil kjenne etter om modningsprosessen har starta.

    Først etter undersøkinga kan det vurderast kva for ein metode som er best å bruke for å sette i gang fødselen. Er livmorhalsen umoden, blir første steg i behandlinga oftast å sette i verk tiltak for å fremje modning av livmorhalsen. Om livmorhalsen er moden, vel ein tiltak for å få i gang rier.

    Modning av livmorhalsen ved hjelp av kateter (Foley-kateter)

    Foley-kateter er ein mjuk gummislange som vanlegvis blir brukt til å tappe urin frå urinblæra (kateterisering).

    Kva skjer under behandlinga?

    Kateteret blir ført inn i livmora via skjeden og gjennom livmorhalsen.

    Når kateteret er på plass, blir ballongen i enden av kateteret fylt med sterilt saltvatn. Ein del av kateteret / gummislangen blir hengande ut av skjeden din. Denne blir festa til låret ditt med tape, og er ikkje til hinder for vanleg aktivitet som bevegelse og toalettbesøk. Det er vanleg at det kjem utflod blanda med litt friskt blod frå skjeden etter at kateteret er sett på plass.

    Korleis verkar kateteret?

    Ballongen har to funksjonar; å halde kateteret på plass og modne livmorhalsen for fødsel. Irritasjon og trykk frå ballongen mot livmorhalsen fører til at hormonet prostaglandin blir frigjort. Prostaglandin er med på å modne livmorhalsen.

    Kor lenge varer behandlinga?

    Du kan reise heim etter at kateret er sett på plass. Om det er tilstandar hos deg eller barnet som treng ekstra overvaking, vil innlegging på sjukehus bli vurdert.

    Det er vanlig at ballongen blir liggande i ca. ett døgn. Legen vil vurdere hvor lenge ballongen bør ligge inne hos deg, og vil informere deg om dette. Kort tid etter at kateteret er sett inn, kan du oppleve å få ein del samantrekningar i livmora. Desse samantrekningane varierer i intensitet og styrke, og kan vere smertefulle. Dei kan vare i fleire timar. Hos nokon vil desse utløyse fødselsrier og fødsel.

    Før du drar frå sjukehuset vil du få informasjon om korleis du skal forhalde deg om kateteret fell ut heime, og når og kor du skal kome tilbake for vidare behandling. Oppstår det endringar hos deg eller barnet etter du har reist frå sjukehuset, må du ta kontakt med avdelinga.

    Modning av livmorhalsen ved bruk av hormon

    Målet med denne behandlinga er å modne livmorhalsen og stimulere til samantrekningar og rieaktivitet. Hormonet prostaglandin blir framstilt syntetisk, og blir brukt for å oppnå denne effekten. Prostaglandin kan blir gitt i form av ei stikkpille/ein kapsel som blir lagt inn i skjeden eller det kan bli gitt som ein tablett som du svelger.

    Kva skjer under behandlinga?

    Ved denne behandlinga er du innlagt på sjukehus. Før behandlinga startar vil lege / jordmor gjere ei vaginal undersøking for å vurdere livmorhalsens lengde, posisjon, kor mjuk han er og om han har begynt å opne seg, og kor i bekkenet barnet er (kalla Bishops score).

    Det vil bli tatt ei CTG-registrering av barnet både før og under behandlinga. CTG (carditokografi) er ei elektronisk overvaking av barnets hjarteslag og aktivitet, i tillegg til mors rieaktivitet. Det blir alltid tatt ny CTG-registrering før kvar nye dose med prostaglandin blir gitt. Legen vil også vurdere om ultralydundersøking av barnet skal gjerast før behandlinga startar.

    Foto: Haukeland universitetssjukehus

    Ved stikkpille/kapsel som blir lagt inn i skjeden, blir du anbefalt å tømme blæra. Når stikkpilla/kapselen er sett på plass, må du ligge i senga ei stund for å unngå at den fell ut.

    Kor lenge varer behandlinga?

    Kvar 4.-6. time blir effekten av behandlinga vurdert, altså ein vurderer om det har hatt nokon effekt på livmorhalsen. Om du får rier /samantrekningar, vil styrke og hyppigheita på riene vurderast fortløpande.

    Det blir gitt ny dose med prostaglandin kvar 4.-6 time inntil modning av livmorhalsen er oppnådd, eller du får rier. Kor mange doser som må til for å oppnå modning av livmorhalsen, varierer frå kvinne til kvinne. Jordmor / lege vil fortløpande vurdere effekt av behandlinga og tilstanden til deg og barnet, og ut frå dette planlegge vidare behandling, oppfølging - og sette i verk tiltak.

    Nokon kvinner får hyppige, plagsame kynnarar / samantrekningar av livmora i forbindelse med denne behandlinga, utan at fødselsriene kjem i gang. Om ikkje desse samantrekningane fører til opning av livmorhalsen, så har samantrekningane likevel ein viktig funksjon for modninga av livmorhalsen.

    Drypp for å stimulere til rier / rieaktivitet

    Når livmorhalsen er moden og klar for å begynne å opne seg, blir ofte oxyticindrypp valt som metode for å sette i gang fødselen.

    Kroppen blir då tilført hormonet Oxytocin. Det er hormonet Oxytocin som får livmora til å trekke seg saman, og utløyse rier. Riene får livmorhalsen til å trekke seg til side og lagar opning så barnet kan passere gjennom fødselskanalen.

    Kva skjer under behandlinga?

    Jordmor legg inn ein venflon i ei av blodårene oppå handa di. Venflon er ein tynn plastslange som blir liggande inne i blodåra, og medisinen blir gitt via denne. Slangen blir festa godt med plaster, og du kan bruke handa som vanleg under fødselen.

    Via venflonen får du tilført det riestimulerande hormonet Oxytocin. Mengda Oxytocin som blir tilført, blir justert og vurdert fortløpande. Ein startar alltid med låg dose og trappar gradvis opp, inntil du får rier som fører til at livmorhalsen opnar seg og får fødselen i gang.

    Stikke hol på fosterhinnene - ta fostervatnet

    Når fødselen blir sett i gang med oxytocindrypp, blir det ofte kombinert med å "ta vatnet". Det vil seie at jordmor / lege ved hjelp av ein liten plastkrok lagar eit hol i fosterhinnene for å få fostervatnet til å renne ut. Dette blir kalla ein amniotomi. Dette vil også stimulere til rier og kan fremje fødselsprosessen.

    Dei aller fleste må ha drypp tilkopla heilt til barnet er fødd. Men det hender også at dryppet kan reduserast og eventuelt fjernast fordi kroppen sjølv tar over produksjonen av Oxytocin. Kroppens eigen rieaktivitet er då komen i gang og overtar for dryppet.

    Når fødselen blir sett i gang ved drypp, blir barnets hjarteslag og din rieaktivitet nøye overvaka. Du blir derfor kopla til eit CTG-apparat som registrerer hjarteslag, bevegelse og aktivitet hos barnet. CTG (carditokografi) er ei elektronisk overvaking av barnets hjarteslag og aktivitet, og mors rieaktivitet.

    I nokre tilfelle kjem ikkje riene i gang sjølv om du får drypp. Du kan få kynnarar og rier som ikkje får mormunnen til å opne seg eller ikkje får fødselsprosessen til å gå framover. Då kan det bli aktuelt å ta ein pause eller å avslutte behandlinga. Nokon kvinner får eigne rier etter at vi har stengt av dryppet, men om det ikkje skjer, vil det bli vurdert nytt drypp etter ein pause.

  3. Etter

    Det kan ta frå nokon timar til fleire dagar frå igangsettinga (induksjonen) startar og til fødselen er i gang og du føder. Det er ikkje mogleg å føreseie kor lang tid det vil ta, før behandlinga har starta og vi ser korleis kroppen din responderer på behandlinga.

    Når riene har starta og fødselsprosessen er i gang, vil fødselen som oftast gå som normalt.

    Om fødselen ikkje startar

    Dersom behandlinga ikkje fører til at fødselen startar, vil legen saman med deg legge ein plan for vidare oppfølging og behandling. Det kan bli aktuelt å avslutte behandlinga og ta ein pause, før ein igjen set i verk igangsettande tiltak. Erfaringa viser at ein slik pause er gunstig, og at fødselen då kjem i gang når behandlinga blir starta igjen.

    Om igangsetting av fødselen ikkje fører fram til ein vaginal fødsel eller din og/eller barnets tilstand krev rask forløysing, vil ein vurdere forløysing med keisarsnitt.

Gå til Igangsetting av fødsel

Fødsel og barsel

Nyfødde med behov for helsehjelp blir flytta til nyfødd intensiv avdeling etter fødsel. Mødrer med behov for helsehjelp etter fødsel blir ivaretatt på barseleininga, eventuelt i kombinasjon med opphald på andre avdelingar i sjukehuset ved spesielle tilfelle.

Nyfødd på mors bryst. Foto 

Etter fødsel startar barseltida. Barseltida er frå rett etter fødselen til kroppen er tilnærma slik han var før graviditeten og amminga er etablert ca. 6-8 veker etter fødselen.

Oppfølging

Mistanke om svangerskapskomplikasjon vil i nokre tilfelle bli avkrefta etter utgreiing hos spesialistar på sjukehuset, og du blir følgt opp hos jordmora og fastlegen din.

Komplikasjonar som oppstår i graviditeten kan ha ingen eller lite betydning etter fødsel. Dersom det har betydning for tida etter fødselen eller i neste graviditet, vil du få informasjon om dette eller du vil bli følgt opp med prøver og undersøkingar på barselavdelinga eller i samarbeid mellom fødeavdelinga og primærhelsetjenesten.

Etterkontroll

Det er vanleg å gå til kontroll hos fastlege ca. 6 veker etter fødsel (etterkontroll). Etterkontrollen er ei fin anledning til å snakke om prevensjon. Nokre gravide vil få tilbod om denne kontrollen på sjukehus.

Det kan vere føremålstenleg at du blir tilvist til samtale på fødeavdelinga dersom du har mykje tankar rundt eiga fødselsoppleving, unormal bløding, rifter eller smerter.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Apotek

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

Bank

​Du finn banktenester i 1. etasje.

Sparebanken Sogn og Fjordane har terminal for kontantuttak og terminal for å nytte nettbank.

Blomar

​Du finn eige utsal av blomar. Det er Astri Blomster som sel blomar til pasientar og pårørande, og elles til besøkjande ved sjukehuset.

NB:
Det er ikkje høve til å ta med potteplantar, avskorne blomar og tørka blomar i postoperative overvakingseiningar, intensivavdelingar og fødestover.

Eigendel på sjukehus og poliklinikk

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Kiosk

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Mattilbod i Helse Førde

​Alle dei tre sjukehusa i Helse Førde har kantiner som tilsette, pasientar og pårørande kan nytte. 

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. I Førde finn du også ein pasientkafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid fram til klokka 19.00 frå måndag til fredag. I denne kafèen kan du no også kjøpe varm mat.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle dagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og beburar.

Mobiltelefon

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Parkering ved Førde sentralsjukehus

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus 

Pasienthotell

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

Prest og samtaleteneste

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Trådlaust nett - internett

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

Visittider Førde sentralsjukehus

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.

Fann du det du leita etter?