Først utfører vi ein orienterande ultralydundersøking for å finne ut kor stort fosteret er, og kva slags metode som er mest eigna. Kva metode som blir valt, er avhengig av korleis morkaka er plassert. Det blir ikkje gjort full ultralydundersøking av fosteret.
Morkakeprøven kan utførast på to ulike måtar:
Gjennom magen (transabdominalt)
Om ein går gjennom magen får du litt lokalbedøving i huda. Under ultralydrettleiing stikker vi ein nål inn i morkaka og syg ut vev frå denne.
Gjennom skjeda (transcervicalt)
Om ein går gjennom skjeda, fører vi eit tynt kateter under ultralydrettleiing via skjeda og inn i morkaka der ein syg ut vev.
Prøvetakinga kan gjere litt vondt. Smerta blir opplevd forskjellig vis, for dei fleste er det omtrent som ved ein vanleg blodprøve.