Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Graviditet - Lite liv i svangerskapet

At barnet ditt beveger seg i magen din, gir deg ein tryggleik om at barnet har det bra.
Opplever du at barnet ditt ikkje beveger seg eller beveger seg stadig mindre, er dette ofte normalt. Men dersom dette held fram, kan det vere eitt av dei første teikna på at barnet ditt ikkje har det bra. Då er det viktig at du kontaktar fødeavdelinga for vidare oppfølging.

Dei aller fleste som opplever ein episode med mindre bevegelse frå barnet sitt, har ukompliserte svangerskap og føder friske barn.

Før

Forsking har ikkje fastslått kor mange bevegelsar som er normalt for eit friskt barn. I løpet av svangerskapet er det derfor viktig at du blir kjent med barnet ditt og aktivitetsmønsteret til barnet. Det er endringar i dette mønsteret som er viktige for kva som er lite bevegelse. Du kjenner ditt barn best!

Dei fleste kvinner kjenner at barnet beveger seg i magen rundt 20. svangerskapsveke. Dersom det er ditt første svangerskap, kjenner du kanskje noko etter 20. veke. Dersom du har vore gravid før, kan det vere du kjenner liv før veke 20. Her er det individuelle variasjonar.

Ettersom barnet ditt utviklar seg, vil både antalet og type bevegelse forandre seg. Mange barn beveger seg mykje ved faste tider av døgnet. Det er viktig at du blir kjent med aktivitetsmønsteret til barnet ditt. I løpet av døgnet har barnet periodar der det søv, vanlegvis mellom 20 og 40 minutt og sjeldan over 90 minutt. I desse periodane vil ikkje barnet bevege seg.

Dei fleste opplever at antalet bevegelsar i løpet av eit døgn aukar fram til cirka veke 32 i svangerskapet. Deretter stabiliserer dei fleste seg på eit nivå som fortset fram til fødselen.

Typen bevegelsar kan forandre seg. Mot slutten av svangerskapet kan ein oppleve bevegelsane meir som åling og ikkje harde spark, men det skal normalt ikkje vere færre bevegelsar. Du skal kjenne at barnet beveger seg like mykje i tida fram mot fødselen, og du skal også kjenne bevegelsar under fødselen.

  • Dersom du er i aktivitet og travel, er det mindre sjanse for at du kjenner etter at barnet beveger seg.
  • Dersom du har morkaka på framveggen av livmora, kan det vere vanskelegare å kjenne at barnet beveger seg, spesielt gjeld dette tidleg i graviditeten.
Forliggande morkake er ein tilstand der morkaka (placenta) heilt eller delvis dekker den indre opninga (indre mormunn) i livmora, det vil seie den vegen barnet skal ut under fødselen. Les meir om forliggande morkake på nettsidene til Norsk Helseinformatikk.





Under

Kva skal eg gjere dersom eg er usikker på om barnet beveger seg mindre i magen?


Før veke 24 i graviditeten

Ved oppleving av mindre bevegelse i magen over nokre timar før veke 24 i graviditeten, tar du kontakt med eigen lege eller jordmor så snart du kan.

Etter veke 24 i graviditeten

Dersom du er usikker på om barnet beveger seg mindre enn det skal, bør du ete og drikke søtt. Du skal deretter legge deg ned, gjerne på venstre side utan telefon eller andre stimuli. Kjenn på bevegelsane til barnet i ein til to timar og tel gjerne antalet bevegelsar. Det er fint å gjere dette på eit tidspunkt der barnet vanlegvis er aktivt.

  • Dersom du i løpet av denne tida ikkje kjenner bevegelsar frå barnet ditt, skal du ringe fødeavdelinga di med ein gong.
  • Dersom du kjenner mindre enn ti separate bevegelsar frå barnet i løpet av desse to timane, skal du ringe fødeavdelinga di med ein gong.
  • Dersom du framleis er uroleg eller usikker på aktivitetsmønsteret til barnet, skal du ringe fødeavdelinga di for rettleiing.
  • Dersom du etter teljinga av bevegelsane til barnet ikkje er bekymra og kjenner godt med bevegelsar, treng du ikkje kontakte fødeavdelinga.

Ikkje stol på apparat som du kan bruke heime for å lytte på hjartelyden til barnet ditt.

Kva kan ein gjere på sjukehuset?

Det første vi gjer, er ei CTG-undersøking. Vi registrerer fosterlyd og bevegelsane til barnet i 20 minutt. Du får ein knapp du skal trykke på dersom du kjenner at barnet beveger seg.

Vi gjer også måling av blodtrykk, puls og temperatur og testar urinen din. Ut frå funna vi gjer i desse undersøkingane, og det du fortel, bestemmer vi om det er nødvendig med ultralyd og legeundersøking. I sjeldne tilfelle kan det vere nødvendig med innlegging eller igangsetting av fødselen.




Etter

Når du reiser heim etter ein kontroll hos oss, blir du bedt om å fortsette å følge med på aktivitetsmønsteret til barnet. Dersom du skulle oppleve mindre liv i magen igjen, skal du ta kontakt med fødeavdelinga på nytt.

Ikkje nøl med å ta kontakt med fastlegen din eller fødeavdelinga uansett kor mange gonger du skulle oppleve dette.



Kontakt

Førde sentralsjukehus Kvinneklinikken

Kontakt Kvinneklinikken

Oppmøtestad

Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka 15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00, ta direkte kontakt med personell på vaktrom i 5. etasje (gå inn dør til fødeavdeling, første dør til høgre).

Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.

Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00, på tlf: 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk kontaktar du ekspedisjonen i 6. etasje (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk).

Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 6. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00 (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk). Telefon: 57839239/ 57839241

Amme poliklinikk - fredagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00, telefon: 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 6. etasje.

Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale er det naudsynt med tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken, jobber ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 6. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.