Eit svangerskap aukar risikoen for blodpropp med 5-10 gonger. Dette gjeld blodpropp i venane som fører blodet frå kroppen og tilbake til hjartet. Det vanlegaste er å få blodpropp i beina (djup vene trombose) eller i lungene (lungeemboli). Risikoen er auka heile svangerskapet, men er absolutt høgast dei første 6 vekene etter fødsel.
Blodpropp i låret eller lysken
Hos gravide sit ofte blodproppen i låret eller i lysken og ofte på venstre side (80-90%). Hos ikkje-gravide er det mest vanleg med blodpropp i leggane.
Symptoma er ofte smerter i lysken, men det kan også vere einsidige låge mage- eller ryggsmerter. Etter kvart vil beinet hovne opp. Diagnosen bli stilt ved ultralyd av beina og lyskane.
Har du hatt blodpropp utan å vere gravid eller i tidlegare graviditet er det tilrådd med blodfortynnande sprøyter (LMVH) i heile svangerskapet og til 6 veker etter fødsel for å førebyggje ny blodpropp.
Blodpropp i halsen eller hovudet
Blodpropp kan også oppstå andre stader, for eksempel på halsen. Denne er ofte forbundet med overstimulering etter prøverøyrsbehandling.
- Venøs blodpropp i hovudet (sinus vene trombose) blir behandla på same måte som blodpropp i bein eller lunger. Denne har god prognose.
- Arteriell blodpropp i hovudet (hjerneslag) er svært sjeldan og blir behandla på same måte som hos ikkje-gravide.
Dersom du er gravid og tidlegare har hatt hjerneslag, bør du få blodfortynnande medisinar i svangerskapet (vanlegvis aspirin-tablettar). Dette er ufarleg for deg og for barnet.