Resultatet av blodprøvane er klare same dag som testen blir gjennomført. Lege eller jordmor som tilviste deg til glukosebelastningen vil tolke resultatet og forklare deg meir, og informere om vidare oppfølging og tiltak.
Blodsukkerverdiane ved glukosebelastning
Blodsukkerverdiane frå glukosebelastninga avgjer om du har svangerskapsdiabetes, og kva slags oppfølging og tiltak som må gjerast.
Fastande <5,3 mmol/l og / eller 2 timesverdi <9,0 mmol/l
Dette er normale verdiar. Du treng då ikkje å ta ny glukosebelastning sjølv om du får sukker i urinen seinare i svangerskapet. Men også for deg med normale verdiar frå glukosebelastninga er eit sunt kosthald og fysisk aktivitet viktig for eigen helse og svangerskapets vidare utvikling.
Fastande 5,3 - 6,9 mmol/l og / eller 2 timesverdi 9,0 - 11,0 mmol/l
Dette er litt for høgt. Du blir anbefalt å starte med eigenmåling av blodsukkerverdiane dine. Du vil få informasjon om målingar samt kosthald og fysisk aktivitet hos din fastlege eller jordmor.
Fastende >7 mmol/l og / eller 2 timers verdi >11 mmol/l
Dette er for høge verdier. Du blir anbefalt å starte med eigenmåling av blodsukkerverdiane dine. Du vil få informasjon om målingar samt kosthald og fysisk aktivitet hos din fastlege eller jordmor. Din fastlege eller jordmor vil også tilvise deg til ein diabeteslege på sjukehuset som vil avgjere kva slags vidare oppfølging og behandling du treng.