Du kan reise heim etter operasjonen.
For å motvirke hevelse etter operasjonen bør du:
- bruke handa så mykje som bandasjen tillet, men ikkje løfte tungt
- første dagen halde handa over hjartehøgd når du ikkje bruker handa og strekk ut skuldra. Ha handa på ei pute om natta.
Du kan ha vondt i operasjonsområdet i nokre dagar. Viss du treng det, kan du ta smertestillande som Paracet eller Ibux. I nokre tilfelle blir handleddet stivt og smertefullt etter operasjon, og du vil då kunne trenge opptrening.
Sjukemelding
Kor lang sjukemelding du treng vil variere med kva yrke du har. Har du manuelt lett arbeid kan du kanskje jobbe allereie nokre dagar etter operasjonen. Elles er 2-4 veker vanleg. Det kan ta noko lengre tid før krafta er heilt tilbake i den opererte handa.
Kontroll
Kontroll skjer hos fastlegen din omlag to veker etter operasjonen. Her blir stinga dine fjerna. Etter dette treng du ikkje bandasje. Du kan vaske handa som vanleg. Hald huda tørr og rein og bruk gjerne fuktbevarande krem. Masser arret dagleg for å gjere det mjukt. Etter 6-8 veker får du ny kontroll på poliklinikken.