Du kan reise heim rett etter operasjonen, men du bør halde foten høgt heva dei første to dagane for å unngå bløding og hevelse. Fram til stinga er fjerna, er det lurt å legge foten på ein krakk eller liknande når du sit - dette er for å unngå hevelse.
Stinga blir fjerna hos fastlegen din. Dei skal fjernast to veker etter operasjonen.
Det er ikkje nødvendig med kontroll på sjukehuset etter operasjonen.