Før fødselen vurderer vi om vi kan tilrå vaginal setefødsel, eller om det er nødvendig å gjere eit planlagt keisarsnitt. Eit anna alternativ er å prøve ytre vending av barnet. Barnet skal ikkje vere for stort eller for lite. Det er også viktig med god informasjon i forkant slik at du kjenner deg trygg og kan vere førebudd på kva som skal skje i fødselen.
Fødsel i seteleie
Når det er setet til barnet og/eller fot som ligg nedst i fødselskanalen, og derfor blir den delen som blir fødd først, blir dette kalla setefødsel. Om lag 3-4 prosent av alle barn ligg i seteleie ved termin.
Tilvising og vurdering
Lege/jordmor kjenner på magen din for å finne ut korleis barnet ligg. Dersom barnet ligg i seteleie etter svangerskapsveke 36-37, blir du vist til næraste fødeavdeling eller gynekolog.
Før
Under
Etter
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Kvinneklinikken
Oppmøtestad
Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på telefon 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00: ta direkte kontakt med personalet på vaktrommet i 5. etasje.
Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på 578 39 233/578 39 132, då går telefonen direkte til felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.
Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00 Du treff oss på telefon 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk, så kontaktar du ekspedisjonen i 5. etasje.
Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00. Telefon 57839239
Ammepoliklinikk - tysdagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00 på telefon 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 5. etasje.
Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale må du ha tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken jobbar ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 5. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde