Ved fjerning av visdomstenner kan etterbetennelse og forstyrring i følesansen i halve underleppa, haka eller tunga førekome. Forstyrringar i følesansen er sjeldan (færre enn 1 av 100), og går oftast over etter nokre månader, men kan diverre ein sjeldan gong vare for alltid.
Råd etter kirurgiske inngrep i munnen
- Unngå å ete/drikke dei første 2-3 timane etter inngrepet bortsett frå eventuelle smertestillande tablettar med drikke etter 30-60 minuttar.
- Unngå overdreven munnskylling første 1-2 døgn.
- Unngå røyking dei første 6 timane.
- Unngå sterk fysisk aktivitet: trening/jogging/symjing etc. den første veka.
Det vil normalt verte noko smerte, hevelse og gapebesvær dei første 3-5 dagane etter inngrepet. Det er også normalt med litt sivblødning eller blodtilblanda spytt dei første 1-3 dagane.
Jamn, plagsom blødning stansast ved å bite fast på utleverte kompress eller eige reint lommetørkle lagt direkte på operasjonsområdet i 30-60 minuttar. For å sikre godt reinhald anbefalast skylling med CORSODYL (reseptfritt på apotek) i 1 minutt morgen og kveld i ei veke.
Eventuelle sting og salvetampong i munnen kan vanlegvis fjernast hos eigen tannlege etter 7-10 dagar dersom ikkje anna er bestemt.