Fjerning av livmor, ikkje-kreft
Å fjerne heile livmora blir kalla for ein hysterektomi. Livmora kan fjernast med kikhòlsoperasjon (laparoskopi), eller open kirurgi (laparotomi).
Det finst fleire sjukdommar, som ikkje er kreft, der behandlinga er å fjerne livmora. Desse sjukdommane er sjeldan farlege, men kan føre til store plager og nedsett livskvalitet.
Når livmora blir fjerna vil du ikkje lenger ha moglegheit for å bere fram eigne barn, og menstruasjonen stansar. Hormonproduksjonen, som skjer i eggstokkane, vil vere den same. Det er ikkje nødvendig å fjerne eggstokkane sjølv om du fjernar livmora, men av og til kan det vere sjukdom på eggstokkane som gjer at desse også må fjernast. Du vil da få eit brått fall i hormonproduksjon, og plagar som ved overgangsalder. Derfor blir dei fleste som mistar eggstokkane tilboden hormonbehandling i form av plaster, spray eller tablettar.
Tilvising og vurdering
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser.
Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta.
Før
Førebuande dag
Før operasjon blir du kalla inn til førebuande dag på sjukehuset. Da blir du undersøkt av ein lege/gynekolog, og du får snakke med sjukepleiar, anestesilege og/eller fysioterapeut. Denne dagen får du informasjon om inngrepet, og du vil ha høve til å stille spørsmål.
Ta med liste over faste medisinar og eventuelle allergiar, og oversikt over spesielle behov eller funksjonshemmingar.
Når det er bestemt at du skal operere bort livmora, vil du bli lagd inn på sjukehuset. Det er vanleg å bli innlagt same morgon som du skal opererast.
Førebuingar heime før operasjon
- Du skal ikkje barbere deg nedantil, 6 veker før operasjon. Dette for å unngå at du lagar små sår i huda som kan auke faren for infeksjon etter operasjonen.
- Før du drar heimanfrå, må du dusje (same morgon eller kvelden før) med vanleg såpe. Vask deg godt i navlen. Du må gjerne vaske håret, men du må vere tørr i håret på operasjonsdagen for ikkje å fryse.
- Ikkje bruk bodylotion/hudkrem eller sminke etter at du har dusja.
- Fjern naglelakk, smykke, ringar og piercingar.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Vi kan fjerne livmora (hysterektomi) med 3 ulike operasjonsmetodar, der kikhòlskirurgi er den mest vanlege.
- kikhòlskirurgi (hysterektomi med laparaskopi)
- open kirurgi (hysterektomi med laparotomi)
- vaginal hysterektomi (fjernar livmor via skjeden)
I dei tilfella at det kan det vere behov for å bruke open kirurgi, kan årsakene vere:
- Livmora er for stor til å gjere operasjonen med kikhòlsmetoden.
- Du har vore operert i magen tidlegare, noko som gjer at det er meir kompliserte forhold.
- Om det oppstår komplikasjonar under kikhòlsoperasjonen som gjer at vi må ha meir oversikt og sjå inn i magen.
Det er legen din som avgjer kva slags operasjon som er best for deg. Av og til kan vi la livmorhalsen bli igjen, mens andre gonger fjernar vi heile livmora.
Operasjonsdagen
Når du kjem til sjukehuset operasjonsdagen, blir du møtt av ein sjukepleiar som skal gjere deg klar til operasjon. Du får tildelt pasienttøy og ei seng å ligge i. Sjukepleiaren vil fjerne kjønnshår slik at det ikkje er hår på operasjonsområdet. Du vil også bli stilt nokre spørsmål for å kvalitetssikre at alle førebuingar er gjorde rett. Etter kvart blir du køyrd til operasjonsavdelinga, og du vil få narkose før operasjonen begynner. Operasjonen tar vanlegvis 1–2 timar.
Etter
Etter operasjonen blir du liggande på oppvakningsavdelinga i nokre timar. Ein lege vil informere deg om korleis operasjonen har gått. Når du er klar, vil du bli flytta til sengeposten.
Det er heilt vanleg å vere svimmel og kvalm etter operasjonen. Du får tilbod om kvalme- og smertestillande tablettar. Det er viktig å komme seg på beina raskt etter operasjonen. Dette vil sjukepleiar hjelpe deg med. Det blir lagt inn eit blærekateter og eventuelt eit dren under operasjonen. Dette blir som oftast fjerna operasjonsdagen, eller dagen etter.
Ved kikhòlskirurgi er det vanleg å vere på sjukehuset til dagen etter operasjon. Ved open kirurgi ligg du på sjukehuset i 1–3 dagar.
Å fjerne livmora er ein relativt stor operasjon, og det tar tid å komme seg etterpå. Her finn du meir informasjon om ulike omsyn du må ta etter fjerning av livmora:
Ver merksam
Alvorlege komplikasjonar er sjeldne. Ta direkte kontakt med sjukehuset og avdelinga som opererte deg dersom:
Ved fjerning av livmor via skjeden
- Du har feber over 38 grader som ikkje går over i løpet av to dagar.
- Du har smerter som ikkje blir lindra når du tar smertestillande medisin.
Ved fjerning av livmor ved kikhòlsoperasjon
- Operasjonssåra ser raudt og hovent ut, og du har feber over 38 grader som ikkje går over i løpet av to dagar.
- Bandasjen blir blødd gjennom fleire gonger for dagen.
- Du har smerter i beina eller svært tung pust.
Ved fjerning av livmor ved open kirurgi
- Du har feber over 38 grader som ikkje går over i løpet av to dagar.
- Du får smerter, hevelse i beina eller svært tung pust.
- Du har sterke magesmerter som ikkje lèt seg lindre av smertestillande medisin.
- Operasjonssåra er raudt og hovent.
- Bandasjen blir blødd gjennom fleire gonger for dagen.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Kvinneklinikken
Oppmøtestad
Kvinneklinikken er på flyttefot
18. september 2024 starta vi innflyttinga i nye, flotte lokale i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du kan ta trapp eller heis som før. Inngangen til Livabygget, med mor-barn-avdeling, er merka. Her finn du fødeavdeling, gynekologisk sengepost og barneavdelinga. I starten av oktober 2024 flytta kvinneklinikken sine poliklinikkar, som no heiter kvinnepoliklinikken, frå 6. etasje til dei gamle lokala i 5. etasje.
Med flytting følger det litt endringar, og vi jobbar med å få dette på plass så raskt som råd. Ønsker du å nå oss på telefon, har vi dei samme telefonnummera som tidlegare. Velkommen til oss!
Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på telefon 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00: ta direkte kontakt med personalet på vaktrommet i 5. etasje.
Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på 578 39 233/578 39 132, då går telefonen direkte til felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.
Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00 Du treff oss på telefon 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk, så kontaktar du ekspedisjonen i 5. etasje.
Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00. Telefon 57839239
Ammepoliklinikk - tysdagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00 på telefon 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 5. etasje.
Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale må du ha tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken jobbar ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 5. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde