Fjerning av cyste på eggstokk
Ein cyste er ei væskefylt blære som kan sjåast på overflata av eggstokken. I samband med den normale eggløysinga blir ei rekke mindre cystar danna (follikkelcystar). Men det er også andre årsaker til cystedanning i eggstokkane.
Symptom
Symptom på at du har cyste på eggstokk er smerter, trykksanseinntrykk, hyppig vasslating og auka magestørrelse.
Follikkelcystar, det vil seie dei som normalt blir danna kvar månad, blir observerte gjennom éin eller to menstruasjonssyklusar, og dei fleste vil forsvinne av seg sjølve. Om cysten veks eller endrar seg blir det aktuelt å operere. Får du akutte smerter, må du kontakte lege.
Cystar hos eldre kvinner kan ha noko større risiko for kreftutvikling.
Tilvising og vurdering
Legen viser deg til utgreiing ved gynekologisk avdeling. Årsaka til dette er at du enten har symptom eller at det er utført undersøkingar som gir mistanke om cyste på eggstokk.
Utgreiing kan ventast innan 3 månader. Dersom vi mistenker vondarta sjukdom, skjer start av utgreiing innan 14 dagar.
Før
Ved gynekologisk undersøking kan legen stundom kjenne cysten. For å bekrefte tilstanden, blir ultralyd gjord av underlivet. Ved mistanke om unormal cyste, kan det vere aktuelt å ta ei prøve av cysten i samband med ultralydundersøkinga og dessutan blodprøve.
Ved forundersøkinga blir du informert om operasjonen. Dersom du bruker medisinar er det viktig at medisinlista er oppdatert.
Strengare reglar kan vere nødvendige for somme. Det får du i så fall beskjed om.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Kikhòlsoperasjon (laparaskopi) er den vanlegaste metoden som blir nytta for å operere cyste.
Operasjonsmetode/bedøving
Operasjonen skjer i narkose. Gjennom eit lite snitt i navlen fører vi inn eit røyr som overfører bilde til ein TV-skjer. Vi lagar også fleire små innstikk i bukveggen til operasjonsinstrument.
Hos kvinner før overgangsalderen vil ein om mogleg berre fjerne sjølve cysten – og bevare resten av eggstokken og funksjonen. Dersom det er usikkert om cysten er godarta, fjernar vi heile eggstokken. Etter overgangsalderen er vondarta cystar vanlegare, og ein bør fjerne heile eggstokken. Legen vil diskutere dette med deg før operasjonen.
Etter operasjonen skal du vanlegvis opp av senga etter få timar for å redusere faren for blodpropp. Du kan reise heim same dag. Ved nokre tilfelle må du bli 1–2 dagar på sjukehuset.
Etter
Dersom det er tatt prøve under operasjonen vil du bli kontakta når svaret er klart og om det er aktuelt med oppfølging.
Du bør halde fram med smertestillande tablettar regelmessig dei første 3 dagane, sjølv om du ikkje har mykje smerter. Etter nokre dagar, når smertene blir mindre, kan du redusere dosen og ta etter behov. Grad av smerter/ubehag etterpå er avhengig av kva som er gjort. Mange opplever «luftsmerter» med vondt i skuldrer/nakke, som kan vare i 1–2 dagar.
Det er vanleg med ei lita bløding frå skjeden i 1–4 veker. Samleie, bading og bruk av tampong bør utsettast til blødinga frå skjeden har stoppa.
Du kan vere i vanleg aktivitet heime. Du må rekne med å vere fråverande frå arbeid i 3–7 dagar avhengig av kva som er gjort og kva arbeid du har.
Ver merksam
Dersom du får feber, kraftig bløding eller aukande smerter, bør du ta kontakt med sjukehuset. Det same gjeld dersom du får heving i beina eller aukande tungpust.
Ved alle operasjonar er det risiko for komplikasjonar, både under og etter operasjonen. Narkose/bedøving medfører også ein liten risiko.
- Bløding og infeksjon kan skje. Skadar på tarm, urinblære, urinleiarar eller nervar kan hende, men svært sjeldan.
- Blodpropp kan oppstå sjølv om ein gir blodfortynnande medisin.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Kvinneklinikken
Oppmøtestad
Kvinneklinikken er på flyttefot
18. september 2024 starta vi innflyttinga i nye, flotte lokale i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du kan ta trapp eller heis som før. Inngangen til Livabygget, med mor-barn-avdeling, er merka. Her finn du fødeavdeling, gynekologisk sengepost og barneavdelinga. I starten av oktober 2024 flytta kvinneklinikken sine poliklinikkar, som no heiter kvinnepoliklinikken, frå 6. etasje til dei gamle lokala i 5. etasje.
Med flytting følger det litt endringar, og vi jobbar med å få dette på plass så raskt som råd. Ønsker du å nå oss på telefon, har vi dei samme telefonnummera som tidlegare. Velkommen til oss!
Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på telefon 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00: ta direkte kontakt med personalet på vaktrommet i 5. etasje.
Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på 578 39 233/578 39 132, då går telefonen direkte til felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.
Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00 Du treff oss på telefon 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk, så kontaktar du ekspedisjonen i 5. etasje.
Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00. Telefon 57839239
Ammepoliklinikk - tysdagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00 på telefon 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 5. etasje.
Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale må du ha tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken jobbar ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 5. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde